Hopp til innhold

Sjølvkritisk Østigård: – Det irriterer meg noko inn i helvete

Leo Skiri Østigård (22) hadde ei handfull sjansar til å skåre mot Slovenia. Både dommaren og ei målvakt i verdsklasse stod i vegen.

Leo Østigård

TØFF DAG: Leo Østigård kunne ha skåra både ein og to gonger mot Slovenia. I staden vart det null mål og null poeng i sekken.

Foto: VEGARD GRØTT / BILDBYRÅN

Østigård har førebels ingen skåringar på dei seks A-landskampane han har spelt, men laurdag kveld var han frykteleg nær mot Slovenia.

Først fekk han ei skåring annullert av den belgiske dommaren på tvilsamt vis. Så vart forsøk etter forsøk anten stoppa av stjernemålvakt Jan Oblak, eller sendt utanfor mål av midtstopparen.

– Det irriterer meg noko inn i helvete

Humøret vart ikkje betre av at Noreg klarte å rote bort sigeren og til slutt tapte kampen.

– Heilt forferdeleg, seier han til NRK på spørsmål om korleis det var å gå av banen utan skåring.

Østigård var rett og slett langt nede.

– Eg prøver alt eg kan på å få han i mål. Det er for dårleg ikkje å skåre på dei. Eg veit eg har kvalitetane til å gjere det. Det er ei lita sjølvtillitsgreie òg, eg har hatt litt uflaks tidlegare og har det i dag òg. Det irriterer meg noko inn i helvete, så det er tungt, seier Østigård på spørsmål frå Nettavisen.

Han stiller seg sjølv fleire kritiske spørsmål etter kampen.

– Kanskje eg er for heit, eller kanskje eg er for ivrig på å heade hardt i staden for å plassere. Eg prøver å gjere det eg kan, men ballen går ikkje i mål. Oblak står på rett plass til rett tid, og det gjorde han i sist kamp òg. Det er veldig, veldig irriterande, seier han til NRK.

Les også Får huden full etter Norge-tap: – Rett og slett fryktelig

Nyland

– Mykje som går imot meg

Østigård har for lengst vorte kjent for den gode spensten sin, og den fekk ein altså sjå fleire døme på i Ljubljana.

Men igjen, som på Ullevaal i det første møtet med Slovenia, stod Oblak i vegen.

– Eg kjenner eg spelte han (Oblak) litt varm då han redda den første der, og så fekk eg ei skåring annullert. Det er mykje som går imot meg. Eg fekk nokre moglegheiter i andre omgang òg. Den eine gongen heada eg ballen mot bakarste stolpe, og der skal vi ha ein spelar, men det hadde vi ikkje, så han irriterer meg, han òg, seier han.

– Var annulleringa rett?

– Det var sånn det var overalt på banen, så eg synest det er litt småbillig, men det kan vel gå begge vegar, innser han.

Østigård

Her skårar Østigård, men målet vart annullert.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Suspenderte stjerner

Medan Serbia mistar ein suspendert Sergej Milinkovic-Savic mot Noreg, må Kristian Thorstvedt stå over for Noreg. Begge fekk gult kort laurdag.

Sergej Milinkovic-Savic skåra elles begge måla sist Serbia var på Ullevaal og slo Noreg 2–1.

– Eg får ikkje vore med, men er sikker på at lagkameratane mine gjer ein god jobb og sikrar sigeren. Men eg synest det var eit billig gult kort, og det var nok litt overspeling frå Slovenia-spelaren. Kjipt, men sånn som skjer, seier Thorstvedt.

Overfor NRK kjem han med ein appell til det norske fotballpublikummet som kjem til nasjonalarenaen tysdag kveld.

– Eg håpar vi får heile Ullevaal i ryggen tysdag. Eg er positiv, seier han.

Kampen blir ein rein gruppefinale. Noreg vinn gruppa med siger eller uavgjort mot serbarane.

– Vi har ein «grande finale», så no må vi berre puste med magen og finne den beste oppstillinga og beste taktikken framfor den kampen, seier landslagssjef Ståle Solbakken til NRK.

Kampstart tysdag er 20.45.

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal