– Då eg var landslagstrenar for Sverige var han klubbtrenar for Sverige sitt beste lag, så me prata mykje saman. Me har eit godt vennskap, så eg gler meg til å møte han, seier landslagstrenar for Nigeria, Thomas Dennerby.
Det har lenge vore lite satsing på nigeriansk kvinnefotball, så lite at mellom 2016 og 2018 spelte ikkje laget ein einaste kamp. Det har no endra seg.
For i starten av 2018 tilsette Nigeria svenske Thomas Dennerby, som tok det Sverige til bronse i VM i 2011. Norge er likevel store favorittar, men til NRK åtvarar Dennerby det norske laget.
– Det er ein risiko for at dei får ein ubehageleg overrasking, seier han med eit smil.
– Me er trygge på at me har lagt ein god plan. Eg kjenner Thomas godt frå tida i Sverige, og han har nok lagt ein god plan han også. Eg er likevel trygg på at me kjem til gjere ein god prestasjon, seier Martin Sjögren.
Dei to svenske trenarvennane har ikkje vore i kontakt før den viktige kampen.
– Me har halde distansen, men me kjem til å helse og prate med kvarandre når me sjåast på laurdag, seier Sjögren.
Uberekneleg motstandar
Nigeria er rangert som nummer 38 i verda, mot Norge som ligg på tolvteplass på FIFA-rankinga. Det nigerianske laget har vore med i alle VM, men berre vunne 3 av sine 22 kampar.
– Det er ein uberekneleg motstandar, men eit lag Norge bør slå. Nokon kampar er dei veldig svake, medan andre kampar er dei veldig gode. Me har likevel stor tru på at me skal vinne, seier Lise Klaveness, sjef for elitefotball i Norges Fotballforbund (NFF).
– Me kjem ikkje til å tape
Asisat Oshoala er Nigerias store stjernespelar. Ho kom til Barcelona på lån frå kinesiske Dalian Quanjian F.C i januar. Der har ho scora åtte mål på 11 kampar. Ho veit at Norge er gode, men trur likevel dei skal få slite.
– Eg veit ikkje kva stillinga blir, men eg veit at me ikkje kjem til å tape, seier ho til NRK.
Om Oshoala får rett vil det i så fall bli historisk. Nigeria har aldri slått Norge før, sjølv om laget er det beste i sin verdsdel, med siger i ni av elleve arrangerte Afrikameisterskap. Det har vore med på å gje Oshoala tru på å no vinne det gjævaste troféet.
– Det er ein stor sjanse for at me vinn VM, for me er det beste laget i verda, seier spissen.