Talet på avdelingar i 3. divisjon er halvert frå 12 til seks i 2017. Det gir lange avstandar og tidkrevjande reiser i divisjonen der dei aller fleste er reine amatørar.
Spesielt i avdeling 6, der dei fleste nordnorske laga er plassert, blir det mange lange og dyre turar til bortekampane.
– Det var litt skrekkblanda fryd dei første dagane, men no ser vi på det som ei utfordring. No tenkjer vi at det er spennande med nye motstandarar, seier Tom Hagen i Funnefoss/Vormsund, som er i avdeling 6.
Men det blir nokre kilometer i bil, fly og båt for den vesle klubben frå Romerike. Hagen meiner reiser vil komme på i underkant av ein halv million i 2017.
– Det er grovt rekna, og skal dekkast av dugnad og sponsorar, seier Hagen.
Terminlistene blei offentleggjorde i dag.
Avdeling 1:
Dette den desidert mest kortreiste avdelinga. Halden i aust og Skien i vest er ytterpunkta, og ingen lag held til nord for Oslo.
- Lengst reise: Kvik Halden mot Odd 3: 158 kilometer (16. juni og 30. september)
Avdeling 2:
Dette er også ei rein Austlands-avdeling, men spreiinga er mykje større. Halvparten av laga ligg i Oslo-området, med Stabæk 2 lengst vest. Det andre tyngdepunktet er den nordlege Mjøs-regionen. Og med Flisa, Fagernes (Valdres) og spesielt Tynset som ytterpunkt.
- Lengst reise: Stabæk 2 mot Tynset: 329 kilometer (17. juni og 30. september)
Avdeling 3:
Her ligg tyngdepunktet i Rogaland, med åtte lag mellom Jørpeland og Bryne. Dei seks andre er eit stykke unna – tre på Sørlandet og tre i Telemark/Vestfold, med FK Tønsberg som det austlege ytterpunkt.
- Lengste reise: Staal Jørpeland mot FK Tønsberg: 466 kilometer (27. mai og 9. september)
Avdeling 4:
Denne Vestlands- avdelinga er ferjeavdelinga framfor nokon. Laga strekkjer seg frå Haugesund til Brattvåg, med ein liten konsentrasjon i og rundt Bergen. Fjøra frå Sogndal langt inne i Sognefjorden er det austlege ytterpunktet.
Lengste reise: FK Haugesund 2 mot Brattvåg: 582 kilometer (1. juli og 14. oktober)
Avdeling 5:
Ei langstrakt avdeling med det store tyngdepunktet og mange kortreiste kampar i Trøndelag. Men med ytterpunkt i Molde og Bodø. Tre av laga er frå Nordland, to frå Møre og Romsdal.
Lengste reise: Molde 2 mot Junkeren: 922 kilometer (eller 2 timar og 25 minutt med fly Ålesund–Bodø). (3. juni og 16. september)
Avdeling 6:
Den store fly-avdelinga. Fem Romeriks-lag med kort avstand til Gardermoen møter ni lag frå Nord-Norge. Og dei nordnorske laga strekkjer seg frå Sortland til Alta.
Lengste reise: Alta 2 mot Lørenskog: 1733 kilometer (1 time 55 minutt med fly Oslo–Alta). (20. mai og 2. september)
2. divisjon
Også for 2. divisjon er det merkbare endringar. Talet på avdelingar er redusert frå fire til to.
Dette er lag som spela i 1. og 2. divisjon i fjor, og som er vane med lange reiser.
Kart og kampliste ser slik ut:
Avdeling 1:
Det blir mykje kortreist på Austlandet frå Oslo og nordover. Men i tillegg kjem ti lag frå Troms og Finnmark.
Avdeling 2:
Her blir det lenger reiser, og mange ferjer. Laga ligg stor sett langs kysten frå Larvik til Trondheim, pluss Notodden og Hønefoss frå litt lenger inne i landet.