Den nasjonale opninga på Sjusjøen blei til fransk opning med Simon Fourcade i ein av hovudrollene.
For då veslebror Martin Fourcade tok ein kviledag for å lade batteria til verdscupopninga i Østersund om to veker, bestemte storebror Simon seg for å kline til.
- LES OGSÅ: Bjørndalen parkerer traileren for kona.
32-åringen vann like godt søndagens fellestart over 15 kilometer med eit solid løp etter feilfri skyting.
– Martin var ikkje med i dag så eg måtte representere familien på pallen. Eg er veldig glad for at eg klarte det, seier Simon Fourcade til NRK.
– Pur lykke
Martin Fourcade har vore verdas beste skiskyttar dei siste sesongane. Storebror Simon lever i skyggen av sin langt meir meritterte veslebror.
Men før søndagens renn meldte Martin følgande til Simon:
– Du kjem til å vinne løpet!
– Ja, og trenaren min fortalte meg også det. Eg blei nummer 13 på laurdag, men dei visste at eg bomma på grunn av vinden på standplass. Men eg følte meg sterk, og når det fungerer slik som i dag er alt berre pur lykke, fortel Simon Fourcade.
– Kanskje skal eg begynne som tippeekspert fordi eg trudde på Simon før løpet. Eg er glad på hans vegne, svarar Martin Fourcade.
- LES OGSÅ: Den norske 18-åringen gråt av glede.
Var sjalu
Men brødre-idyllen har ikkje alltid vore like sterk. I 2013 fortalte Martin Fourcade til TV2 at han måtte bryte kontakten på grunn av Simons sjalusi.
Då Martin Fourcade slo broren under OL i Vancouver i 2010 og tok OL-sølv gråt Simon av skuffelse.
– Då eg kom på pallen i Vancouver, var det ein av dei første gongane eg slo Simon. Han gråt under blomsterseremonien, og eg oppdaga han. Det var veldig trist for meg, og for han, fortalte Martin Fourcade til TV 2.
– Det er vanskeleg å seie at man er sjalu på broren sin. Det er ein merkeleg følelse som er tøff å akseptere. Men det var sjalusi, innrømma Simon Forucade.
– Godt å få skryt
Martin måtte distansere seg frå broren i to år og brødrene hadde ingen kontakt. Etter ei tøff tid klarte dei å rette opp forholdet. I dag er dei vener og treningskameratar.
Og etter sigeren på Sjusjøen vanka det også skryt frå bror.
– Etter løpet fortalte han meg at første skyting var veldig god. Og at mine to ståande skytingar også var sterke. Det er eg veldig glad for. Han kjenner meg veldig godt fordi vi trenar saman heile tida. Det er godt å få skryt frå broren min og verdas beste skiskyttar, seier Simon Fourcade.