– Eg kjem ikkje til å springe EM. Eg skal springe nokre Diamond League-stemne og har no fokus på Paris og neste år. Eg lærte mykje av denne meisterskapen. Men sjølv om du har mykje talent, så kjem du deg ikkje til topps utan å jobbe knallhardt, seier Sifan Hassan til NRK etter VM-finalen.
Nederlendaren tok gull på 5000 meter og 10.000 meter, og dessutan bronse på 1500 meter, i OL i fjor. Her i Eugene enda det med 4.-plass og 6.-plass på dei to førstnemnde distansane. Men ho ville vore storfavoritt i EM.
No meiner NRK-ekspert Vebjørn Rodal at Grøvdal har overteke stempelet som gullfavoritt etter åttandeplassen i VM.
– Sånn som det ser ut no, så er ikkje Eilish McColgan i like god form som tidlegare i sommar, spesielt på 10.000 meter. Ho blir kanskje den tøffaste på den distansen.
– Men så er vel Karoline vel så stor favoritt på den halve distansen, seier Rodal, som meiner ho er kapabel til å vinne begge distansane.
– Ho må ta eit val
Grøvdal smadra den norske rekorden på 5000 meter under Bislett Games med 14.31,07 minutt – og fekk ros for den offensive springinga. Det vil Rodal helst sjå meir av i europameisterskapet.
– Ho må ta eit val om ho skal prøve springe frå dei undervegs og bruke det som eg meiner er hennar sterkaste våpen, kombinasjonen og kapasiteten. Då må ho gjere noko som ho ikkje gjer veldig ofte. Ho må starte med å springe fort tidleg nok, seier NRK-eksperten.
Grøvdal hadde full kontroll på resten av europearane i VM-finalen, McColgan og Jessica Judd.
Usikker på betydninga
Grøvdal-trenar Knut Jæger Hansen meiner det beste ville vore om Hassan stilte til start, men er usikker på kor mykje lettare det blir å ta medalje.
– No var jo ikkje Sifan Hassan heilt i form, så det er ikkje sikkert det har så stor betydning.
– I EM er ho absolutt medaljekandidat, så får vi sjå kva distanse ho skal springe òg, seier Jæger Hansen til NRK.
Grøvdal er kvalifisert til å springe 1500, 5000 og 10.000 meter i EM. Ho har enno ikkje teke stilling til kva ho kjem til å springe.
– Vi får diskutere kva ho vel og om ho kanskje vel to øvingar. Etter å ha sett 5000 meter i VM, så vil eg absolutt seie at ho skal springe den i EM.
Grøvdal har tidlegare fortalt NRK at ho ville springe 5000 meter, men ho var før VM usikker på om ho skulle gå for 10.000 eller 1500 meter.
– EM er viktig for meg
Grøvdal svarer dette på motivasjonen før europameisterskapet i München som startar 15. august:
– Eg har ikkje tenkt så langt. EM er viktig for meg. Eg veit at forma er god no. Eg tek med meg det. Dette er eit meisterskapsløp som er heilt annleis enn alle andre løp, seier Grøvdal til NRK.
32-åringen har tidlegare stukke av med bronsemedalje på 10.000 meter (2016) og 3000 meter hinder (2018). I desember vart ho europameister i terrengløp.
– EM blir heilt annleis igjen. Eg trur det blir bra, seier Grøvdal.