Hopp til innhold

Norsk skistjerne vurderer utstyrsfinte: – Ein «fuck you» til heile regelen

Ein ny regel skaper hovudbry for Noregs største friskistjerner. No ser landslagsprofilane på korleis dei kan utfordre regelverket.

Freeski landslaget til VM, Sandra Eie

FREISTA: Sandra Eie legg ikkje skjul på at det freistar henne å utfordre den nye regelen.

Foto: Erik Flaaris Johansen / NTB

– Eg er heilt usamd.

Det seier landslagsutøvar Sandra Eie om den nye regelen som seier at friskikøyrarane får same poengtrekk som om dei skulle ha falle, dersom dei vel å køyre utan stavar.

– Eg synest det er feil at du skal bli straffa om du ikkje bruker det, seier ho.

Regelen er ein del av dommarhandboka i friski. Dropper ein stavar og får poengtrekk, er det berre å gløyme å vere med i kampen om sigeren.

Eie meiner regelen berre gjer sporten strengare.

– Og det vil vi ikkje i det heile, seier Eie, som konkurrerer i øvingane slopestyle og big air, seier 28-åringen.

– Tullete

I den førstnemnde øvinga har ho uansett for vane å køyre med stavar, men i big air har ho brukt å konkurrere utan. No leitar ho etter løysingar der handtaket er mindre, og der stavane sit betre på.

Sandra Eie, OL, 2022

ERFAREN: Eie representerte Noreg under OL i 2022.

Foto: Torstein Bøe / NTB

Samtidig har følgjande spørsmål dukka opp: Kva er eigentleg ein stav? Det gir nemleg ikkje reglane noko klart svar på.

– Kan vi berre køyre med eit handtak? Eller eit handtak med nokre centimeter ut? Er det ein stav?, spør Eie og flirer.

Ho er på plass i austerrikske Stubai for å køyre fredagens NRK-sende verdscupkonkurranse i slopestyle, og ho har førebels ikkje sett nokon eksperimentere med stavlengda på trening.

Det norske håpet opnar likevel for å utfordre reglementet seinare i sesongen:

– Det er freistande å teste ut lengda, viss det er sånn at det ikkje finst nokon restriksjonar. Ein «fuck you» til heile regelen, seier landslagsutøvaren.

Eie presiserer at ho ikkje har noko imot at skikøyrarar bruker stavar, men ho meiner det går imot naturen til friski-sporten med for mange reglar.

– Du skal vere fri til å gjere kva du vil. At nokon skal lage reglar for kva du skal køyre med, det synest eg er tullete, slår ho fast.

  • NRK har prøvd å få ein kommentar frå FIS til saka, førebels utan svar.

Les også Norsk skistjerne legger opp som 25-åring: – Blitt mer og mer redd

Johanne Killi (25)

Tannkostar og spisepinnar

Landslagskompis Birk Ruud trur ikkje det blir nokon utstyrsfinter i helga.

– Eg trur ikkje nokon kjem til å stille opp med to tannkostar eller to etepinnar som stavar, nei, ler OL-vinnaren.

Den nye regelen har inspirert han til å utvikle eit eige stavdesign, for Ruud meiner dei eksisterande stavane ikkje passar til behovet til friskikøyrarane. Ifølgje 23-åringen køyrer også Eie med prototypen til nordmannen.

Birk Ruud demonstrerer staver

FØR OG NO: Birk Ruud liker ikkje å køyre med tradisjonelle stavar (til venstre), på grunn av det lause handtaket. Derfor har han laga ein prototyp med handtak som gjer at handa aldri er langt unna staven (til høgre).

Foto: NRK

– Eg trur alle kjem til å bruke noko dei kan definere som stav. Eg trur ingen vil bryte dei reglane for mykje, anna enn at eg definitivt kjem til å seie at vi må komme fram til ei god løysing ved eventuelle skadar.

Ruud er nemleg bekymra for utøvarar som eventuelt dreg på seg finger- og eller handskadar i løpet av sesongen, og som dermed får poengtrekk fordi dei ikkje kan køyre med stavar.

NRKs friskiekspert Felix Usterud køyrde sjølv med stavar då han var aktiv, men kan forstå at regelen kan bidra til frustrasjon.

Det er som fleire har påpeika, at det er ønskjeleg med minst mogleg reglar i friski. Men så er ikkje dette eit påbod, du kan velje sjølv. Samtidig er regelen konstruert slik at det er umogleg å vinne utan stavar. Derfor kan det vere at regelen treng modifikasjonar, seier han.

Ifølgje han er det ingen klar definisjon i regelboka til dommarane på kva ein stav er.

Felix Usterud

EKSPERT: Felix Usterud.

Foto: NTB

Siste nytt

  • Sjokkseier for Norris – slo Verstappen i Miami

    Lando Norris tok sin første Grand Prix-seier i Formel 1 da han vant søndagens løp i Miami foran verdensmester Max Verstappen.

    – Jeg elsker dere alle, jeg elsker dere, utbrøt en ekstatisk Lando Norris på lagradioen, sendt på Viaplay.

    Den 24-årige britiske McLaren-føreren hadde en rask bil og leverte ypperlig kjøring. Han hadde også hellet på sin side da Logan Sargeant forsvant ut av løpet og han fikk et gratis depotbesøk mens sikkerhetsbilen var ute.

    For på 29. runde krasjet Kevin Magnussen med den amerikanske hjemmefavoritten Logan Sargeant, som forsvant ut av løpet, og sikkerhetsbilen måtte ut. Det gagnet Norris, som etter å ha hatt femte startspor var i ledelse og kjørte meget raske rundetider.

    Han avverget Verstappens forsøk på å passere rett etter omstarten, og så kjørte Norris fra VM-lederen.

    Norris vant klart foran Red Bull-fører Verstappen, med Ferrari-duoen Charles Leclerc og Carlos Sainz på de neste plassene.

    8XyRO3I6Vyo
    Foto: AFP
  • Fire Reiten-mål (!) da Chelsea knuste Bristol City 8-0

    Guro Reiten scoret fire ganger og la opp til to mål da Chelsea knuste Bristol City 8-0 i siste hjemmekamp under manager Emma Hayes.

    Med sitt målshow sendte hun Chelsea inn i gullkampen igjen for fullt. Laget er tre poeng bak serieleder Manchester City med en kamp mindre spilt, og nå med bedre målforskjell.

    (NTB)

    Britain Soccer Women's Super League
    Foto: Adam Davy / AP
  • Moi-dobbel da FCK vant

    Mohamed Elyounoussi scoret de to første målene da FC København slo Silkeborg 3-0 i dansk superliga. Nå er laget bare ett poeng bak serieleder Brøndby.

    Brøndby tapte 2-3 borte for Midtjylland tross en scoring av Ohi Omoijuanfo. Det gjør at det er svært jevnt i gullkampen. Ett poeng skiller mellom de tre første, og tre mellom de fire første, når fire serierunder gjenstår.

    (NTB)

    Mohamed Elyounoussi
    Foto: PAUL ELLIS / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal