Nadal-skryt av Casper Ruud: – Han har ei strålande framtid

Verdseinar Rafael Nadal meiner Ruud er i ferd med å bli ein toppspelar også på hardcourt. I natt kjempa han jamnt med Daniil Medvedjev, nummer fem på verdsrankingen.

Casper Ruud

JAMT MED VERDSTOPP: Casper Ruud leverte ein ny storkamp, men det blei tap mot Daniil Medvedjev

Foto: Tony Ashby / AFP

Tidlegare i turneringa har Ruud slått både John Isner (rangert som nummer 19) og Fabio Fognini (12) på hardcourten i australske Perth. Det kjem til å føre nordmannen opp til 46.-plass på verdsrankingen i neste veke, hans første topp 50-plassering.

Dermed nærmar Casper Ruud seg også sin far Christian, som var oppe på 39.-plass i 1995.

Medvedjev vann med 6-3, 7–6 (8-6), men vedgjekk at kampen var jamnare enn resultatet viser.

– Begge kunne ha vunne, sa Medvedjev til Eurosport etter kampslutt. Han gjekk også runden og takka heile det norske laget for kampen.

– Ekstremt god backhand

Casper Ruud

GOD PÅ HARDCOURT: Casper Ruud har tidlegare blitt rekna som klart best på grus, men er i ferd med å bli ein toppspelar også på hardcourt

Foto: Ciro De Luca / Reuters

– Eg visste kva eg gjekk til, og hadde ein plan. Men i dag var han ekstremt god med backhanden sin, sa Medvedjev om Ruud. – Eg håpar han kjem til å ha ein stor sesong.

Rafael Nadal har følgt Ruud tett under trening på Mallorca.

– Han har spela godtt, og eg har sett at han tidlegare har hatt litt problem på hardcourt fordi han har likt seg best på grus. Han jobbar hardt og seriøst, og har ein flott familie og flotte menneske rundt seg, seier spanjolen, som har 19 grand slam-titlar.

– Sjølvsagt er det er viktig å få ein god start på sesongen med desse gode resultata, legg han til.

Casper Ruud sjølv var også godt nøgd med kampen mot Medvedjev, spesielt med det andre settet. Der var det heilt jamt heile vegen. I tiebreaket leia Ruud 4-2, men måtte sjå seg slått med 8–6. Han overlevde ein matchball, før Medvedjev avgjorde med eit serve-ess.

– Eg visste det ville bli ein tøff match, men eg kjende at eg greidde å utfordre han bra. Eg hadde nokre sjansar i andre sett, men det var nokre poeng her og der som skilde.

– Gøy, tøft og varmt

– Er det berre godt, eller gjer det litt vondt også?

– Begge deler. Eg har gjort gode kampar her nede, det gjorde eg i dag og, sjølv om det blei tap, seier Ruud, som etter sigrane mot John Isner (19) og Fabio Fognini (12) truleg blir nummer 46 på neste offisielle ranking. Det er første gongen han er inne på topp 50 i verda.

Ruud seier at han også godt merka varmen. Det var 31 grader under kampen i Perth, og det tok på. Men han klaga ikkje.

– Det var gøy, tøft og varmt, og det var utfordrande.

No kjenner han at spelet er bra, og håpar å følgje opp i dei neste turneringane. Den neste er i Auckland på New Zealand i neste veke, og deretter er det Australian Open.

Slengde med leppa

Daniil Medvedjev og Casper Ruud

SKVÆRA OPP: Medvedjev slengde med leppa under det andre settet, men beklaga overfor Casper Ruud ved nettet etter kampslutt

Foto: Trevor Collens / AP

TV-bileta viste at dei to møttest ved nettet og snakka ei stund rett etter at kampen var avgjort.

– Det var nokre kommentarar han kom med i det andre settet då eg braut han, som han beklaga seg for, fortel Ruud.

Det meiner nordmannen er heilt ok.

– Det er lov å bli sinna, og av og til får ein eit utbrot. Men eg trur alle spelarane forstår at i matchen er det litt «heat of the moment», at ein kan slenge litt dritt. Han beklaga seg, og det godtek eg, sa Ruud.

– Ikkje langt unna topp 10-nivå

Rafael Nadals skryt av Ruud, som han sa var i ferd med å utvikle seg til ein topp hardcourt-spelar, set Ruud pris på.

– Det er gøy at han seier slikt, seier Ruud. – Eg viser vel i dag at eg ikkje er så langt unna topp 10-nivå i verda. Så det er litt å byggje vidare på. Eg kjenner at eg spelar bra, men eg kjenner også at det er ting som kan forbetrast. Det er eit godt teikn at ein ikkje er utlært enno, seier han.

Laster Twitter-innhold

Siste nytt

  • – Føltes som om verden raste

    Frida Karlsson sier hun er usikker på om hun hadde kommet gjennom den tunge tiden etter startnekten uten familiens støtte.

    I desember i fjor ble 20-åringen ilagt startnekt som følge av at hun ikke hadde oppfylt det svenske skiforbundets helsekrav. Siden har hun ikke konkurrert i verdenscupen.

    Langrennsstjernen har også holdt en svært lav profil i mediene, men i et intervju med Aftonbladet i forbindelse med mandagens svenske idrettsgalla setter hun ord på egen reaksjon etter startnekten.

    – Det var veldig tøft, og jeg ble veldig lei meg. Der og da føltes det som om verden raste sammen. Men det er bare å forsøke å se positivt på det og at man kommer sterkere ut av det, sier Karlsson til avisen.

    VNLNV7faqr8
    Foto: Terje Pedersen / NTB scan
  • Snømangel i Falun kan hjelpe Klæbo

    Det er mangel på snø i Falun, derfor er den tradisjonelle tremila redusert til fellesstart på ein kortare distanse, melder Det internasjonale skiforbundet. Det er ei endring som kan gjere det lettare for Johannes Høsflot Klæbo i kampen for å ta igjen Aleksandr Bolsjunov i verdscupen. Verdscupløpa i Falun skal gå 8. og 9. februar.

    Klæbo
    Foto: Terje Pedersen

Sendeplan

Kl. Program Kanal