Hopp til innhold

Russisk sjakktopp får kjeft etter Mariupol-spøk – legg seg flat

Juridisk direktør i Det internasjonale sjakkforbundet (Fide), Aleksandr Martynov, er i hardt vêr etter å ha fleipa med angrepet på Mariupol. No beklagar russaren.

Aleksandr Martynov

DRYG VITS: Russiske Aleksandr Martynov fleipa med den ukrainske byen Mariupol.

Foto: Fide / Pavel Klimov / REUTERS / NTB

Det var under ei direktesending på nett at Martynov fekk spørsmål av ein annan deltakar «kva den stygge bakgrunnen hans var».

Russaren valde å svare «det er ikkje Mariupol».

Denne uttalen har fått fleire i sjakkmiljøet til å sjå raudt.

– Eg er flau over å vere i Fide som medlem av sjakkforbundet, skreiv Atle Grønn, sjakk- og Russland-ekspert, på sin Twitter-konto saman med ein video av hendinga.

Under Russlands invasjon av Ukraina blei Mariupol angripe av russiske styrker som bombarderte og omringa byen i fleire uker. Det meste av Mariupol blei øydelagt og det er hevda at over 5000 sivile menneske blei drepen.

Norges Sjakkforbunds kongress, Atle Grønn

SÅG RAUDT: Atle Grønn såg raudt på spøken til Martynov.

Foto: Fredrik Hagen / NTB

Beklagar seg

Sjakk- og Russland-eksperten går hardt ut mot handlingane til Martynov.

– Det er uanstendig. Men hovudpoenget er at dette ikkje kan vere ein tilfeldig glipp. Viss ein i 1945 spøkte om holocaust, skjønte folk kva slags person ein stod overfor. Ein russar som i dag spøkjer om bombinga av Mariupol, fortel oss det meste vi treng vite om haldningane til denne personen, seier Grønn til NRK.

Martynov innrømmer overfor NRK at åtferda hans er uakseptabel.

– Eg var gjest på direktesendinga til ein venn. Det var ikkje ein Fide-kanal, og eg representerte ikkje Fide då eg var der, så det er eg som skal svare på dette, skriv Martynov til NRK.

Direktesendingen

DIREKTESENDING: Det var under denne direktesendinga Martynov gjekk over streken.

Foto: SKJERMDUMP: @chess_news

Den juridiske direktøren skriv vidare at han angrar på den upassande spøken.

– Eg kan godt forstå at eg gav inntrykk av å ta lett på dette temaet, noko som langt frå er tilfelle. Eg tek eit sterkt standpunkt mot denne krigen, svarer Martynov då han blir konfrontert med kritikken frå Grønn.

– Eg er flau over at den dårlege vitsen min, forståeleg nok, har såra kjenslene til mange menneske, og eg vil derfor beklage på det sterkaste.

Martynov understrekar at han tok offentleg avstand fra krigen allereie dagen etter han brot ut.

David Llada, pressesjef i Fide, fortel at sjakkforbundet ikkje tek lett på spøken til Martynov.

– Vi har openbert snakka med han då dette vart kjent, sjølv om han ikkje representerte Fide då hendinga skjedde. Han var sjølvsagt allereie fullt klar over kor upassande det var. Vi i Fide veit kva han meiner om emnet, og kollegaene hans veit kvar sterkt han føler for krigen, noko som gjer vitsen endå vanskelegare å forklare.

David Llada

PRESSESJEF: David Llada i Det internasjonale sjakkforbundet.

Foto: CHRISTIAN KRAKENES / CHRISTIAN KRAKENES

Kritikk mot Fide

Grønn meiner handlingane til Martynov berre er ein del av eit større problem.

I sommar vart russiske Arkadij Dvorkovitsj på ny valt til Fide-president. Han er tidlegare visestatsminister i Russland. Ifølgje Grønn er det ingen teikn til forbetring.

– Vi såg seinast no denne iranske dommaren, der Fide kjem med patetiske reaksjonar, fortel Grønn.

Episoden sjakkeksperten siktar til skjedde under VM i fischersjakk på Island i oktober. Der stilte den iranske dommaren Shohreh Bayat med ei T-skjorte, med påskrifta: «Women, life, freedom» – «kvinner, liv, fridom»

Toppdommaren har tidlegare uttalt at ho fekk skriftleg beskjed frå den mektige presidenten om å endre antrekket. Iranaren har i ettertid kjent seg pressa ut av Fide.

– Dei avslører haldningane sine og har ikkje moralsk ryggrad, meiner sjakk- og russiskseksperten.

Les også: Bildet av sjakkprofilen skaper sterke reaksjoner: – Ingen formildende omstendigheter

Sergej Karjakin med Putin-genser
Sergej Karjakin med Putin-genser

– Eg klarer ikkje å sjå kva Fide gjer for dei ukrainske spelarane, men eg ser kva Fide gjer for russarane, seier han.

Fide meiner dei har gjort alt dei kan for å ta vare på dei ukrainske sjakkspelarane.

Llada trekkjer fram fleire hendingar, mellom anna at Fide utsette lag-VM eit halvt år i fjor, for å lette deltakinga for det ukrainske laget.

Det russiske laget vart ekskludert frå verdsmeisterskapen.

Under VM i lyn- og hurtigsjakk i romjula var det stort fråvær av ukrainske toppspelarar, medan Russland dominerte med breidda si. Det er ein av tinga som får Grønn til å reagere.

– Det er fleire ting forbunda kunne gjort. Dei kan protestere og snakke tydeleg. Fleire europeiske sjakkforbund er overraskande tause, seier Grønn.

Sportsnyheter

Fotball

Zlatans Qatar-utspill skaper sterke reaksjoner: – Han gikk rett i fella

Zlatan Ibrahimovic er tilbake på det svenske landslaget og brukte første pressekonferanse på å hylle Qatar-VM. Ståle Solbakken er dypt uenig med fotballkollegaen.

Siste nytt

  • Mann pågrepet under svensk landslagstrening – hadde med seg mistenkelige bager

    En mann som oppførte seg truende, skal ha tatt seg inn på den svenske landskamparenaen i fotball mens Zlatan Ibrahimovic & co. trente onsdag.

    Det er Aftonbladet som omtaler episoden som fant sted på Friends Arena i Stockholm.

    Mannen skal ha kommet seg langt inn på arenaen samtidig som de svenske stjernene trente onsdag ettermiddag.

    – Mannen har sagt ting som har fått oss til å reagere, sier politiets pressetalsmann Daniel Wikdahl.

    I en pressemelding opplyser Stockholm-politiet at mannen, som er i 60-årene, skal ha hatt med seg et antall bager som inntil betraktes som mistenkte farlige gjenstander. Innholdet skal inntil videre ikke være undersøkt.

    I påvente av dette opprettholdes de sperringene som er opprettet rundt nasjonalarenaen.

    Politiet har startet etterforskning i saken med det som beskrives som mulige grove trusler og forberedelser til grov allmennfarlig ødeleggelse.

    Mannen er tatt hånd om av politiet.

    Zlatan Ibrahimovic
    Foto: Jonas Ekströmer/TT / NTB
  • Fotballtreneren Tony Knapp er død

    Den tidligere meritterte Viking-treneren Tony Knapp er død, 86 år gammel.

    – Han sovnet stille inn natt til onsdag, sier sønnen Christian Knapp til Stavanger Aftenblad.

    Knapp trente Viking i perioden 1978 til 1981, og det ga resultater. Viking vant «The Double» i 1979 og tok sølv i serien i 1981.

    Knapp var selv profesjonell fotballspiller i blant annet Leicester, Southampton og Coventry, før han etter hvert ble trener.

    Han var landslagstrener på Island i to perioder, fra 1974 til 1977 og fra 1984 til 1985.

    I 1982 trente han Fredrikstad, og i 1986 trente han Brann til opprykk og til sølv i serien i 1987.

    Tony Knapp
    Foto: Terje Bendiksby / NTB
  • Kunstløp: Gomez slått ut i VM-debuten

    Den norske debutanten Mia Risa Gomez klarte ikke å kvalifisere seg til friløpet under VM i kunstløp i japanske Saitama onsdag.

    Gomez endte på 35.-plass i kortprogrammet etter å ha blitt belønnet med 43,54 poeng av dommerne.

    De 24 beste sikret seg plass i friløpet der medaljene skal deles ut.

    Det var første gang siden 2018 at Norge hadde en deltaker i VM i kunstløp. For fem år siden deltok Anne Line Gjersem for Norge. (NTB)

    Mia Risa Gomez
    Foto: KIM KYUNG-HOON / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport
Spiller nå
Femmilas historie: Brekker seg av gammelt smøretriks 02:59
Neste