Hopp til innhold

RBK opnar for å endre kvite shorts: – Vil gjere alt vi kan

I England droppar fleire lag dei kvite shortsane grunna mensen-problematikk. Idrettslege Aina Emaus og angrepsspelar Emilie Lein meiner det er på tide med ei endring i Noreg.

NM fotball kvinner semifinale: Stabæk - Rosenborg (2-1)

VIL HA SLUTT PÅ DETTE: Kvite fotballshorts, som Rosenborg her spelar med.

Foto: Terje Pedersen / NTB

– Heile historia går ikkje i dass ved å endre på shorts-fargen. Eg spelar ikkje noko dårlegare i sort, seier Rosenborgs Emilie Lein til NRK.

I ein felles uttale seier Manchester City og draktprodusenten Puma, at dei vil gå bort frå dei kvite shortsane frå 2023–24 sesongen på grunn av tilbakemeldingar frå spelarar.

Manchester City spelarane jublar

Lauren Hemp og Esme Morgan er to av spelarane som no kan juble over sigeren over den kvite shortsen.

Foto: ANDREW BOYERS / Reuters

– Vi har vedteke å implementere endringar i produkta vi tilbyr til dei kvinnelege spelarane våre. Frå og med 2023/24-sesongen vil vi ikkje gi kvite shorts til dei kvinnelege utøvarane våre.

Fleire engelske klubbar har gjort det same, og no ønskas same innføring i Noreg.

– Eg må huske å bytte tampong

Grunnen til at fleire engelske klubbar har gått bort frå kvite shorts er knytt til menstruasjon og frykta for at blod skal synast gjennom dei kvite shortsane. Dei kvite shortsane kan vere gjennomsiktige når dei blir våte.

Raumnes & Årnes IL har vedteke å stille i svarte shortsar frå og med neste år.

Angrepsspelar Emilie Lein meiner det er viktig at kvite shorts og menstruasjon blir sett eit søkelys på.

– Vi i spelargruppa snakkar ofte om mensen oss imellom. Til dømes: «Kan du sjekke om eg har blødd igjennom?» fortel Lein til NRK.

Emilie Lein

REAGERER: Emilie Lein, her i dei kvite borteshortsane til Rosenborg.

Foto: Annika Byrde / NTB

– Når nokon på laget har mensen er dei redde for at det skal synast igjennom shortsen. Når det er vått blir shortsen gjennomsiktig og mange ville følt på ubehag dersom dei blødde gjennom, seier angrepsspelaren.

– Det er jo vår kropp det er snakk om, og da er det vi som veit best korleis den fungerer og kva som påverkar oss. Eg håpar at vi hadde blitt møtt med forståing dersom eit fleirtal av spelarane ville kvitte seg med kvite shorts, seier ei engasjert Lein.

Rosenborg kvinner

Rosenborg i kvite borteshorts.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Lein kjem med eit eksempel frå eigen fotballkarriere:

– Eg blør kraftig. Dersom eg har mensen når eg skal spele kamp tenker eg alltid på det under oppvarminga: «eg må hugse å skifte tampong». Då er tankane på ein heilt annan stad enn dei skal vere. Dersom ein ikkje har fullt fokus medfører det større skaderisiko.

– Mensen er ein heilt naturleg del av livet, det er eit teikn på at kroppen er sunn. Det er på tide å ta omsyn til mensen.

Lein legg til at spelarane på Rosenborg nyttar ein applikasjon der dei kan logge humøret sitt og om dei har mensen. Da kan treninga bli tilrettelagt etter behov.

Støtte frå styreleiar

Portrettbilde av Ørjan Engen, styreleder for Rosenborg kvinner

Ørjan Engen, styreleiar for Rosenborg kvinner, tykkjer det er litt rart at den kvite shorts-problematikken ikkje har blitt diskutert tidlegare.

Foto: Roger Myren / NRK

Endring av spelarutstyr er det klubbane internt som må gjere noko med. Styreleiar i RBK Kvinner, Ørjan Engen, seier til NRK at temaet ikkje har vore diskutert offisielt i klubben.

– Helt ærleg, nei, det har ikkje vore diskutert, seier Engen til NRK.

Styreleiaren har ikkje vurdert å ta opp temaet sjølv, men han har stussa over at det ikkje har blitt drøfta av klubben:

– Eg har tenkt på det sjølv, etter den saka i Lillesand var oppe i media i 2020. Eg synest det er merkeleg at ingen har tatt det opp, for eg forstår heilt klart problemet.

I 2020 fekk Lillesand Idrettslag stor merksemd då jentespelarar ønska å kvitte seg med kvite shorts, men eit mannsdominert styre stemte ned forslaget. Styret gjekk seinare tilbake på avgjerda.

– Dersom spelarar kjem til leiinga og ønska å kvitte seg med dei kvite borteshortsane, vil vi gjere alt vi kan for å få det til, forsikrar Engen.

Han skal ta ein prat med Rosenborg-kaptein Mali Lilleås Næss og høyre kva ho og spelarane tenkjer om å ta debatten opp i plenum.

– Eg trur ikkje troppen er redd for å ta det opp, konstaterer styreleiaren.

– Det kan jo ikkje vere so vanskeleg

Idrettslege Aina Emaus meiner at menstruasjon og kvite shorts påverkar prestasjon.

– Det er gjort studiar på at når du under kamp har ein annan faktor som påverkar deg, til dømes «no blør eg snart igjennom», så konsentrerer du deg ikkje om taktikken i kampen. Så du spelar mykje dårlegare fordi du ikkje har fokus, sa Emaus i podkasten #hunpresterer.

Aina Emaus, lege på det norske damelandslaget i håndball.

Aina Emaus har skrive doktoravhandling om samanhengen mellom fysisk aktivitet og østrogen.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Til NRK understrekar Emaus i dag at det er viktig å ikkje ha forstyrrande moment.

– Det kan jo ikkje vere så vanskeleg å berre unngå kvite shorts? undrar Emaus.

– Her har England gått føre. Dei har hatt fokus på kva som påverkar spelarprestasjonar, som vi kan ta lærdom av, seier Emaus.

Englands landslag er òg i samtalar med Nike om å endre fargen på den kvite shortsen. Faren for å blø igjennom når spelarane har mensen er òg her hovudårsaka til det ønskte fargebytet.

– Problematisk

Vålerengas kaptein Stine Ballisager Pedersen seier at det ikkje har vore snakk om å kvitte seg med dei kvite shortsane i Vålerenga. Dansken fortel også at dei ikkje har snakka om det på landslaget.

– For meg personleg er det ikkje eit stort problem, men for jenter som blør mykje er det problematisk. Eg kan godt forstå problematikken som jente, seier Vålerenga-kapteinen.

Toppserien i fotball 2022: Vålerenga - Lyn (2-0)

Stine Ballisager Pedersen og Vålerenga under toppseriekampen mellom Vålerenga og Lyn på Intility Arena tidlegare i år.

Foto: Annika Byrde / NTB

PS: Tittelen "Rosenborgs Emilie Lein har fått nok av kvite shorts: – Det er jo vår kropp" ble endret 12.50 2. november siden Lein uttalte seg om et generelt problem, ikke noe hun selv har problemer med.

Sportsnyheter

Women's Champions League - Quarter Final - Second Leg - Arsenal v Bayern Munich

Maanum hylles etter drømmescoring: – Ikke en keeper i verden som tar den

Det ble en stor jubeldag for to av Norges største landslagsstjerner.

Siste nytt

  • Danmark avlyser fektestevne – ønsker ikke russisk deltakelse

    Det danske fekteforbundet (DFF) har avlyst et internasjonalt stevne i København. Årsaken er at DFF ikke vil ha russere og belarusere i aksjon.

    Det internasjonale fekteforbundet (FIE) har nemlig gitt russere og belarusere tillatelse til å delta igjen.

    Styreleder Jan Sylvest Jensen i DFF opplyser at avgjørelsen om avlysningen ble tatt onsdag kveld.

    – Vi kom fram til at vi dessverre ikke klarer å gjennomføre det. Det kan vi ikke gjøre når reglene er som de er nå, når russerne og belaruserne får være med, sier Jensen. (NTB)

  • Avis: PL-klubber vil forby bettingsponsorer på draktene

    Klubbene i Premier League er enige om en avtale som gjør at gamblingselskap ikke skal få lov til å fronte seg som hovedsponsor på klubbenes drakter.

    Ifølge The Times skal klubbene møtes torsdag, og en endelig avtale er ventet å komme på plass. Et eventuelt vedtak kan måtte vente til juni når Premier League har sitt sommermøte. Endringene skal foregå over en treårsperiode.

    8 av 20 klubber i toppdivisjonen har et gamblingselskap som hovedsponsor på drakten. Av de åtte er Fulham og Newcastle, men det er fra før bestemt at de skal ha andre sponsorer fra neste sesong.

    Det er likevel ventet at de klubbene som fortsatt ønsker det, vil få lov til å ha gamblingsponsor på ermene på drakten. Sponsorendringene i den engelske toppfotballen kommer av at den britiske regjeringen utarbeider et lovforslag som vil forby reklame for gambling.

    Ifølge The Times har en ikke navngitt klubb opplyst om at de mister rundt 130 millioner kroner i inntekt om de mister sin sponsor. (NTB)

    Britain Soccer Conference League
    Foto: Kin Cheung / AP
  • City taus om Haaland før nøkkelkamp

    Det er helt stille rundt Erling Braut Haalands skadesituasjon to dager før oppgjøret mot Liverpool.

    Haaland var ikke med på et bilde eller nevnt i tekst på Citys hjemmeside etter onsdagens treningsøkt.

    Haaland meldte forfall til landskampene mot Spania og Georgia på grunn av en lyskeskade.

    Manchester City ligger åtte poeng bak (med én kamp mindre spilt) serieleder Arsenal og tåler trolig ikke et tap mot Liverpool om det skal bli ligagull.

    Fredag klokken 14.30 holder City-manager Pep Guardiola en pressekonferanse, og der vil Haaland-spørsmålene bli helt sentrale. (NTB)

    FA Cup - Quarter-Final - Manchester City v Burnley
    Foto: PHIL NOBLE / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport
Spiller nå
Nektet å prate om Haaland - så skjedde dette 01:00
Neste