Hopp til innhold

Rister på hovudet av svensk avgjerd: – Redd ho bryt seg sjølv ned

NRK sine ekspertar meiner Elvira Öberg bør avslutte sesongen no etter at ho har slite stort etter VM. Det har det svenske laget ingen planar om.

Synnøve Solemdal mener Elvira Öberg bør avslutte sesongen.

AVSLUTT: Synnøve Solemdal meiner Elvira Öberg bør avslutte sesongen.

Foto: Julie Marie Naglestad/CHRISTOF STACHE / NRK/AFP

– Ho er så ung at det hadde vore betre å avslutte no og kvile for å bli frisk og rask til neste sesong, seier NRK-ekspert Synnøve Solemdal.

Ho har nettopp sett den svenske stjerna Elvira Öberg vere ein skugge av seg sjølv i Östersund.

Heilt sidan Öberg vart sjuk under VM har den svenske profilen ikkje vore til å kjenne igjen.

Resultatrekkja 63, 20 og 27 individuelt vitnar om ein svensk totalkollaps. Søndag var ho over tre minutt bak vinnaren Dorothea Wierer.

Før VM hadde ho tre pallplassar og tre individuelle sigrar og var med heilt i toppen av verdscupsamandraget.

Synnøve Solemdal rister på hodet av svenskenes avgjørelse.

REDD: Synnøve Solemdal tenkjer på framtida til Sverige si store stjerne.

– Ho bør avslutte sesongen, meiner Solemdal.

– Ein ser at ho ikkje er i form og når ho har vore så mykje sjuk er eg redd for at ho bryt seg sjølv ned. Ho er så ung at det hadde vore betre å avslutte no, og kvile for å bli frisk og rask til neste sesong, utdjupar eksperten.

Og får støtte frå kollega Ola Lunde:

– Ho burde i alle fall ikkje gått 15-kilometeren her. Viss ho går i Holmenkollen kan det gå endå dårlegare, og då må ho ta det ganske bra med ro ein lang periode for å få kroppen på lag før ny sesong, meiner Lunde.

– Heilt pannekake

Öberg sjølv innrømmer at ho ikkje kjenner seg bra, men nektar å gi opp sesongen.

– Eg vart eigentleg ikkje kjempesjuk, men det gjekk hardare innpå kroppen enn eg trudde. Det tok veldig lang tid å komme tilbake. Det har vore tøft, fortel ho til NRK.

– Det har vore tøft for den store styrken min er skigåinga. Når ho forsvinn fullstendig, blir det tøft, forklarer Öberg.

Elvira Öberg

PANNEKAKE: Slik beskriv Elvira Öberg si eiga kjensle.

Foto: TOBIAS SCHWARZ / AFP

Etter VM har skuffelsane komme på rekkje og rad.

– Eg trudde eg var på rett veg inn mot Nove Mesto, men den helga var eg heilt pannekake, seier Öberg.

Dermed vurderte ho og det svenske laget om ho skulle stå over renna på heimebane, men lysta til å konkurrere framfor dei svenske supporterane vog tyngst.

– Dei må seie frå

Solemdal meiner dei svenske leiarane burde sett foten ned for Öberg sitt beste.

– Eg meiner dei utanfor bør sjå dette. Det er heilt naturleg at ho vil gå på heimebane og tenkjer at det er håp. Når dei utanfor ser at ho ikkje er i form og det er inga kraft i skyvene, må dei seie frå at ho ikkje har noko meir å gå med, seier NRK-eksperten.

Johannes Lukas

REALIST: Sverige sin landslagstrenar, Johannes Lukas, meiner det er viktig å behalde Öberg si glede ved skiskyting.

Foto: Anders Boine Verstad / NRK

Landslagstrenaren til svenskane, Johannes Lukas, meiner Öberg har sett betre ut dei siste dagane, men:

– Det er ikkje den Elvira vi kjenner i toppform, men vi må vere realistiske: Ho er ung, har vore sjuk ganske lenge og det er viktig at ho ikkje mistar gleda ved skiskyting og å stå over ein fellesstart på heimebane var ikkje aktuelt, seier han til NRK.

Han legg til at det ikkje er aktuelt for dei svenske leiarane å rå Öberg til å stå over verdscupavslutninga i Holmenkollen. Og sjølv vil ho gjerne gå på norsk jord.

– Eg trur det går rett veg. No var den siste dagen her ein tøff konkurranse. Men det er klart eg vil til Oslo, så får vi sjå korleis det går med kroppen, avsluttar Öberg.

Les også Superstjernen er redd før hvert renn: – Føler meg ikke selvsikker

Biathlon World Championship

Sportsnyheter

Kastet ut av landslaget etter dette intervjuet – får støtte av norsk profil

Like etter at Josef Alami ble svensk mester i taekwondo gikk han hardt ut mot landslagsledelsen i et direktesendt intervju med SVT. Det fikk alvorlige konsekvenser.

Siste nytt

  • Norsk lag tok VM-tittelen i cheerleading

    Norske Viqueens Cheerleaders kunne i natt slippe jubelen løs etter å ha blitt verdensmestre for klubblag i Orlando.

    Viqueens konkurrerte i International Open Level 7 og vant foran amerikanske GymTyme All-Stars og Gothenburg Cheer One fra Sverige.

    Det norske cheerleading-laget har lagt ut en rekke innlegg på historiefunksjonen til Instagram, der de feirer verdensmestertittelen.

  • Forlenger med storklubben – får superlønn

    Travis Kelce tar to nye år hos Superbowl-mester Kansas City Chiefs. Den amerikanske NFL-stjernen, som også er kjent som Taylor Swifts kjæreste, har signert en avtale som gir ham hele 34,3 millioner dollar, eller 378 millioner kroner etter dagens kurs. Det opplyser NFL selv på sine nettsider, ifølge danske Ritzau.

    Kelce, som er tight end, har spilt 11 sesonger i NFL. Avtalen gjør han til en av de best betalte spillerne i denne posisjonen.

    Travis Kelce
    Foto: PATRICK T. FALLON / AFP
  • Superstjerne mistet sønnen – delte hjerteskjærende innlegg

    Kameruneren Francis Ngannou har vært en stor stjerne innenfor kampsporten i lang tid. Nå mottar Ngannou støtte fra en hel idrettsverden etter at det ble kjent at han har mistet sin 18 måneder gamle sønn.

    – Jeg ropte navnet hans igjen og igjen, men han responderte ikke, skriver han i et innlegg på X.

    – Hvordan håndterer man en slik ting? Hvordan kan du leve med det? Vær så snill å hjelp meg om du har noen ideer – for jeg vet virkelig ikke hva jeg skal gjøre og hvordan jeg skal håndtere dette, fortsetter han.

    Det er foreløpig ikke kjent hva som er årsaken til sønnens bortgang.

    Ngannou er tidligere UFC-mester i tungvektsklassen. Han byttet senere til boksing. Nylig møtte han Anthony Joshua i ringen.

    Francis Ngannou
    Foto: DANIEL LEAL / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal