– Det er godt å vere VMs toppscorar. Denne ballen er ein lykkeball – éin av dei, sa ein blid Harry Kane om matchballen då FIFA intervjua han etter kampen.
Cristiano Ronaldo og Romelu Lukaku stod med fire mål kvar så langt i VM. Kane viste at han ikkje ville vere noko dårlegare då England møtte Panama.
Med tre mål er England-kapteinen oppe i fem mål så langt. Det er eitt færre enn det VM-toppscoraren James Rodríguez nådde i 2014 og like mange som Diego Forlán, Thomas Müller, Wesley Sneijder og David Villa klarte då dei delte tittelen fire år tidlegare.
Kane vart den første til å score minst to mål i sine to første VM-kampar sidan Polens Grzegorz Lato i 1974. Lato enda opp med å bli toppscorar i den meisterskapen.
Første sidan Lineker
Og som om ikkje det var nok: No er det berre Gary Lineker (10 mål) av engelskmennene som har fleire VM-mål enn Kane.
Apropos Lineker: Harry Kane vart den første spelaren sidan nettopp Lineker i 1986 som scora to og tre mål i to strake VM-kampar.
Også England som lag sette rekordar i storsigeren mot Panama. Dei hadde aldri tidlegare scora fleire enn tre mål i ordinær tid i ein VM-kamp, og aldri fleire enn fire om ein inkluderer EM også.
– Eg trur vi kan gå heile vegen. Men det er mykje hardt arbeid som står igjen før vi kjem så langt, seier Kane til BBC.
– Kan bli Englands år
Kane sitt tredje mål for dagen var forresten eit heller heldig eit. Ruben Loftus-Cheek avslutta via foten til 24-åringen og i mål.
England-spissens andre mål kom på straffe på overtid i andre omgang. Det var Englands femte for dagen.
Heile fem England-spelarar var involvert i 4-0. Kieran Trippier slo eit kort frispark som gjekk klikk-klakk via Jordan Henderson, Harry Kane og Raheem Sterling før John Stones scora sitt andre frå kort hald.
– Eg hadde aldri drøymt om å bli tomålsscorar då eg stod opp i dag, sa John Stones til BBC etter kampen.
3–0 var også eit praktmål. Jesse Lingard spelte vegg med Raheem Sterling før han banka ballen høgt i mål frå om lag 18 meter.
England går opp i 1-0 ledelse
England går opp i 1-0 ledelse
0:12Dømt straffe til England
0:27Kane scorer på straffe
0:16Lingard øker Englands ledelse til 3-0
0:16Stones punkterer kampen
0:20Dømt ny straffe til England
0:45Kane øker til 5-0 for England på straffe
0:17Kane med flaksescoring til 6-0
0:12Panama reduserer
0:12
Første sidan Beckham
2–0 kom etter 22 minutt då Kane scora på si første knallharde og presise straffe for dagen.
Det var Englands første straffescoring i VM sidan David Beckham trefte mot Argentina i 2002.
Det var John Stones som scora Englands første for dagen, då han heada inn eit hjørnespark frå Kieran Trippier.
Panama fekk eit trøystemål på stillinga 6-0, noko som gjer at England og Belgia både har like mange poeng og lik målforskjell før dei møter kvarandre i siste gruppespelkamp.
– Det var sjølvsagt kjedeleg at vi fekk det baklengsmålet. Men vi skal angripe når vi møter Belgia. Så får vi sjå kva som skjer, seier Harry Kane.