Hopp til innhold

Reagerer etter sjakk-kaos: – Fortener ei unnskyldning

Gjennom omstridde turneringar i heimbyen, var Alireza Firouzja nær ved å kapre ein plass til neste års kandidatturnering denne veka. No vil det amerikanske forbundet ha endring.

Alireza Firouzja

KOM TIL KORT: Alireza Firouzja kjem etter alle solemerke ikkje til neste års kandidatturnering.

Foto: Carina Johansen / NTB

– Det er tydeleg at spelarane finn smotthol i regelverket, eller utnyttar regelverket. Det er naturleg det, at ein prøver med alle lovlege middel å kome seg til den kandidatturneringa.

Det sa NRKs sjakkekspert Atle Grønn tidlegare denne veka, før utfallet av Firouzjas turneringar var klart.

– Det er eit kaos no, men det er sannsynlegvis ingen vond vilje her. Det er berre komplisert å få dei reglane heilt perfekte, sa han vidare.

Sjette og siste parti øydela

Med berre nokre få dagar igjen av 2023, klatra 20 år gamle Alireza Firouzja torsdag kveld forbi Wesley So i kampen om ein plass til neste års kandidatturnering gjennom verdsrankinga.

Då hadde han vunne dei fem første partia i ei rekkje på tre turneringar i heimbyen Chartres.

Firouzjas tre motstandarar hadde ein gjennomsnittleg rating på 2497, medan Firouzja hadde ein rating på 2750. Enklare forklart: Firouzja vart nummer seks i verda på førre oppdatering av verdsrankinga, medan dei tre motstandarane vart nummer 1253, 603 og 392 i verda.

Fredag kom likevel nedturen. Med kvite brikker klarte han så vidt å berge remis mot Sergej Fedortsjuk.

Dermed gjekk han frå å vere 1,5 poeng føre So, til å vere 1,3 poeng bak amerikanaren på den uoffisielle verdsrankinga.

Wesley So

GODE UTSIKTER: Wesley So er blant toppspelarane som står over VM i hurtig- og lynsjakk i Usbekistan. I staden kan han feire at det går mot plass i neste års kandidatturnering.

Foto: Carina Johansen / NTB

– Fortener ei unnskyldning

President i sjakklubben i Chartres, Francois Gilles, var ansvarleg for å arrangera turneringane.

I ei melding til NRK skriv han at han visste at det ville bli «umogleg» for Firouzja å ta seks av seks sigrar.

Dei tre turneringane vart raskt omstridde på grunn av måten dei kom i stand på. Mellom anna skreiv So på X at «alle verkar til å arrangera turneringar i siste sekund for å tøya regelverket».

Alireza Firouzja

REMIS: Sjølv med kvite brikker måtte Firouzja (med ryggen til) nøya seg med remis fredag.

Foto: Francois Gilles

Turneringa i Chartres vart registrert hos Fide 4. desember.

Til Europe Echecs seier han at turneringa så først vart offentleggjord på søndag førre veke, fordi han ville forsikre seg om at Firouzja var i Chartres. Gilles hevdar også dei hadde ein plan B om Firouzja ikkje hadde stilt opp.

«Firouzja-skandalen», skriv den spanske storavisa El País og omtaler turneringa som «prefabrikkert»

– Alireza har ein draum om å bli verdsmeister, men han juksar aldri. Ingen respekterte spelarane som spelte mot han. Eg synest spelarane som vart valde fortener ei unnskyldning, seier Gilles

NRK har forsøkt å kome i kontakt med teamet til Firouzja, men har enn så lenge ikkje fått svar.

Niemann Tari

Vart håna av Niemann i direktesending: – Blir litt kvalm av det

Skreiv brev til sjakkpresidenten

Turneringane fekk den amerikanske sjakkpresidenten Randy Bauer til å sende eit brev til Arkadij Dvorkovitsj, presidenten i Det internasjonale sjakkforbundet (Fide).

Der skreiv Bauer at dei er bekymra for prosessen rundt kvalifiseringa til kandidatturneringa.

– Vi meiner at å arrangera turneringar i siste liten for å hjelpe ein spelar til å få nødvendige ratingpoeng for å kvalifisere seg til kandidatturneringa, verken er sportsleg eller transparent. Det forsøplar utvalsprosessen for Fide og heile den internasjonale sjakksporten, skreiv Bauer onsdag.

Den amerikanske sjakkpresidenten heldt fram:

– Å arrangere ei turnering i siste liten, som praktisk talt ikkje er open for andre, strir mot tanken om ein rettferdig konkurranse.

Bauer avslutta brevet med å be Fide om at det ikkje skal givast ratingpoeng i turneringa i Frankrike. Vidare at ein frå no av sørgjer for at Fide-turneringar må vera registrerte minst 30 dagar før turneringa startar.

Gilles stadfestar at målet med turneringa i Chartres var å gi Firouzja eit løft i jakta på å bli verdsmeister.

– Eg kan skjønne forslaga til den amerikanske sjakkpresidenten, skriv han til NRK.

Norway Chess

STORT TALENT: Firouzja har trass i sin unge alder allereie vore i verdstoppen i fleire år.

Foto: Carina Johansen / NTB

Fide har varsla undersøkingar

På måndag sende Fide sjølv ut ein kommentar til saka.

Der skreiv dei at har sendt ein førespurnad til arrangøren av turneringa, og at dei vil undersøkja korleis turneringa blir gjennomført.

Vidare viste dei til at Fide har rett til å ikkje gi ratingpoeng til ei spesifikk turnering. Fide vil først avgjere om dei vil gi ratingpoeng i turneringa etter ei nøye vurdering av alle partia.

– Fides uttale gir ikkje meining. Legg skulda på systemet, ikkje spelaren, skreiv den nederlandske toppspelaren Jorden van Foreest på X måndag.

ddddw

Tordner mot VM-arrangør: – Forferdet og dypt trist

– Morosamt å gå inn i historia som han som øydela

I forkant av førre kandidatturnering, tilbake i 2022, hamna kinesiske Ding Liren i ein noko tilsvarande situasjon.

På grunn av koronapandemien hadde han berre spelt fire av 30 nødvendige parti for å kvalifisere seg via verdsrankinga. Det vart løyst ved at han på vel ein månad spelte tre turneringar i Kina på kort varsel.

Til neste års kandidatturnering er det også ein plass gjennom Fide Circuit.

Den plassen ser akkurat no ut til å gå til indiske Dommaraju Gukesh. 17-åringen vann Chennai Grand Masters denne veka. Det var ei turnering som vart registrert hos Fide 28. november – 17 dagar før ho starta.

Norway Chess

KANDIDAT: Dommaraju Gukesh kan få ein plass i kandidatturneringa neste år.

Foto: Carina Johansen / NTB

Likevel har spesielt Anish Giri høve til å ta over den plassen med gode prestasjonar i VM i hurtig- og lynsjakk.

Sjakkekspert Grønn synest det er forståeleg at utøvarane er kreative for å finne ei siste moglegheit til å kvalifisera seg.

– Er det uvanleg med ein slik type turnering som han med Firouzja?

– Det er uvanleg. Det er ikkje heilt unikt, men det er spesielt. Viss eg hadde vore ein av desse gamle gutane som Firouzja skal slå, så ville eg prøvd å vinna og tenkt at det var morosamt å gå inn i historia som han som øydela, sa han.

null
Spiller nå
Sjekk Ruuds sommerskille: – Noe av det raffeste jeg har sett 00:21
Neste

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal