– Ein blir litt kvalm av det eigentleg. For eg var jo venn med han før desse tinga skjedde. Og ja, eg synest ikkje han er ein veldig bra person.
Det seier Aryan Tari til NRK. Den norske 24-åringen legg lite mellom når han snakkar om korleis han synest den fire år yngre amerikanaren har oppført seg.
– Han er ein utruleg arrogant person, det er det ingen tvil om. Han har på ein måte eit verdsbilete av at han er betre enn andre og ser seg sjølv høgare enn andre menneske. Det er i alle fall det inntrykket eg har av han, seier nordmannen.
REAGERER: Aryan Tari har ikkje mykje til overs for kommentarane til Hans Niemann.
Foto: Carina Johansen / NTBNRK har lagt fram for Hans Niemann kritikken frå Tari, men førebels ikkje fått svar.
– Ingen samanheng i det han seier
At det ikkje er varme kjensler mellom Niemann og Tari vart tydeleg då Niemann strøymde direkte frå to parti med lynsjakk, på sjakkplattforma chess.com, mellom dei to i september.
Niemann kom der med fleire hånande stikk i retning Tari. Det heile starta med følgjande:
– Eg trur Aryan treng å ha nokon rundt seg som har ein betre innverknad viss han ønskjer å forbetra sjakkspelet sitt. Kanskje nokre nye treningspartnarar. Mindre alkohol.
KONTROVERSIELL: Hans Niemann.
Foto: TIM VIZER / AFPUtspelet kom berre få dagar etter at Carlsen hadde slått Amin Tabatabaei, ein iransk spelar som Niemann jamleg har samarbeidd med. Den gong sa Carlsen at Tabatabaei kanskje ville spela betre med betre innverknad rundt seg.
– Hans sa det for å slå tilbake mot Magnus, seier Tari til NRK.
Amerikanaren gav seg likevel ikkje med å tilsynelatande svara på Carlsens stikk.
Då Tari gjorde ein feil mot slutten av det første partiet mot Niemann og omgåande gav seg, braut Niemann ut i latter:
– Haha, det må vera alkoholen.
– Det at han trekkjer fram alkoholbruk, har han nokon som helst grunn til å trekkja fram det?
– Nei, eigentleg ikkje. Det vil eg ikkje seia at han har. Vi var jo venner tidlegare, så vi har hange saman. Eg trur han berre på det tidspunktet ville gjera narr av trekket mitt. Det er ingen samanheng i det han seier, meiner Tari.
Aryan Tari.
Foto: Carina Johansen / NTBNiemann om Tari: – Håpar han lærer mykje
I det andre partiet vann igjen Niemann. Amerikanaren spurde då sjåarane undervegs om han burde seia hei til Tari i chatten mellom dei to spelarane.
– Nei, nei. Eg snakkar berre med seriøse sjakkspelarar, sa Niemann.
– Eg håpar han lærer mykje av desse partia. Det vil vera ein fin liten leksjon for han, sa amerikanaren vidare.
Tari ler berre når NRK nemner det som Niemann sa i direktesendinga.
– Han prøver berre å visa at han ikkje liker meg. Vi er jo ikkje akkurat venner, så viss han får sjansen til å setja meg i eit dårleg lys eller ta meg, så snakkar han berre stygt om meg. Så det er ikkje overraskande, seier nordmannen.
Vart skulda for å ropa mot Niemann
Tari vart tidlegare i år ein del av søksmålet frå Hans Niemann mot Carlsen. Niemann påstod då at Tari hadde ropt «Ukse-Hans» (Jukse-Hans) frå tilskodarplass under ei turnering i Austerrike.
– Eg vart nemnd i søksmålet hans i januar, så det var då eg vart drege inn i spelet. Eg vart overraska over det, men no er det nesten berre humoristisk, seier Tari.
Det var i oktober i fjor at Niemann saksøkte Carlsen for over éin milliard norske kroner. Konflikten starta etter at Carlsen trekte seg frå turneringa Sinquefield Cup i september etter eit tap mot Niemann. I etterkant antyda Carlsen at Niemann hadde juksa.
Amerikanaren har innrømt å ha juksa i spel på Chess.com då han var 12 og 16 år, men har samtidig halde fast på at han ikkje har juksa i fysiske kampar over brettet.
Carlsen og Niemann vart samde i august i år, men berre ein månad seinare omtalte Niemann Carlsen som «ein mobbar» i eit større intervju med Piers Morgan.
Niemann har nyleg fått mykje merksemd på grunn av storspel i ei turnering i Kroatia, der han vann i suveren stil.
– Mr. Niemanns prestasjon er utanomjordisk, men me har ingen handfaste bevis på at han juksar. Me har nokre indikasjonar, men me veit ikkje om nokon vil rapportera han inn, skreiv Krešimir Podravec i Zagrebs sjakkforbund, som arrangerte turneringa til Aftenposten.
Ifølgje Chess.com, sa Niemanns advokat, Terrence Oved, til Forbes Betting følgjande om turneringa i Kroatia.
– Trass i overveldande bevis for Hans' talent, så vil det alltid vera hatarar. Vårt råd er lett: Bli vant til det. Hans har berre så vidt starta.
Tari er klar på at Niemann held eit høgt nivå, men meiner fleire av partia til amerikanaren er av det tvilsame slaget.
– Det som har vore det store spørsmålet er om han har juksa fysisk over brettet. Det har ikkje vorte bevist endå, sjølv om mange av partia hans har vore veldig, veldig tvilsame. Eg trur det er umogleg å bevisa det, men mindre han blir teken på fersken, meiner nordmannen.