José Mourinho var langt ifrå å få den returen han drøymde om på Old Trafford. Ole Gunnar Solskjær som gjekk sigrande ut av managerduellen etter ein fortent siger.
– I store delar av kampen synest eg me var fantastiske i kveld, seier Solskjær etter kampen.
Beste prestasjonen han har hatt
Etter ei veke med mange spekulasjonar om at Solskjær er nær ved å miste jobben, gjorde spesielt ein mann kvardagen langt lettare for United-manageren.
Marcus Rashford herja tidvis med Tottenham-forsvaret og kunne scora langt fleire mål enn dei to han til slutt stod igjen med.
– Det er den beste prestasjonen han har hatt under meg. Han er modig, sterk og god mot eit godt lag med sterke spelarar. Det var akkurat som han var tilbake på leikeplassen i dag, gliste United-manageren.
Ingen revansje for Mourinho
Solskjær medga at dette var svært viktige poeng etter fleire kampar der dei har gitt bort poeng mot svakare motstand.
– Denne var svært viktig for oss. Me har spelt uavgjort seks gonger i år, det er for mange. Dette var viktig læring for oss etter det som har skjedd i dei siste kampane.
Den fyrste omgangen var av det svært underhaldande slaget på Old Trafford. Heimelaget gjekk rett i strupen frå starten av og fekk utteljing alt etter sju minutt.
Marcus Rashford banka til frå langt hald og ballen gjekk inn ved venstre stolperot bak ein Gazzaniga som burde hatt kontroll.
United dominerte store delar av omgangen fullstendig og både Rashford og Jesse Lingard var begge nær stjernetreff på langskot.
Like før pause utnytta bortelaget sin aller fyrste sjanse på best mogleg vis, da Dele Alli flikka ballen over to United-spelarar og avslutta lekkert i nettveggen bak De Gea.
Avgjorde på straffe
Solskjærs menn heldt fram trykket etter pause og etter fire minutt gav det resultat i straffespark. Marcus Rashford var både mannen som skaffa straffa og sette den iskaldt i mål.
Og viste nok ein gong at han er ein mann for dei største kampane. Rashford er nå oppe i 15 mål på 42 kampar mot topplaga i England.
– Me jobba hardt for dette resultat og viste at me kan spele bra mot gode lag, sa tomålsscorar Rashford i eit intervju vist på TV 2.
Etter uavgjort både mot Sheffield United og Aston Villa, i tillegg til tapet mot Astana, kunne Ole Gunnar Solskjær endeleg juble for siger.
Ein livsviktig siger etter ei veke med spekulasjonar og avisoppslag som seier han er på veg bort frå klubben.
Laurdag ventar byderby mot Manchester City for Ole Gunnar Solskjær.