– Rashford er ein av utfordrarane. Konkurransen er hard, og han fortener å bli tatt ut i troppen. Eg er glad for at ein spelar som har hatt ei så sterk sesongavslutning, og har ei stor framtid kan bli med, seier landslagssjef Roy Hodgson.
Dei siste tre månadene har vore ein enorm opptur for Manchester United-talentet Marcus Rashford.
18-åringen scora i debuten mot Midtjylland i europaligaen i slutten av februar.
Seinare samme veke debuterte han i Premier League. Der scora han to mål i 3-2-sigeren over Arsenal.
No får han sjansen til å spele seg inn i 23-mannstroppen som reiser til Frankrike i juni.
For ung?
Under presentasjonen av troppen blei Hodgson konfrontert med Manchester United-assistent Ryan Giggs utsagn om at Rashford er for ung til å bidra i eit EM.
– Det kan vere forskjell på kva Ryan Giggs seier offentleg og kva han seier privat. Vi har fått gode tilbakemeldingar om Rashford frå Manchester United. Vi har ei bra gruppe med angrepsspelarar. Om Rashford held fram utviklinga ser eg ingen grunn til at han ikkje blir ein fast mann i Englands lag, seier Hodgson.
Skal kutte
26 mann er tatt ut i bruttotroppen. Tre mann skal vekk før EM i Frankrike. Spennande blir det å sjå om Rashford overlever den kampen.
Keeper: Joe Hart, Fraser Forster, Tom Heaton
Forsvar: Nathaniel Clyne, Kyle Walker, Gary Cahill, Chris Smalling, John Stones, Ryan Bertrand, Danny Rose.
Midtbane: Dele Alli, Ross Barkley, Fabian Delph, Eric Dier, Danny Drinkwater, Jordan Henderson, Adam Lallana, James Milner, Raheem Sterling, Andros Townsend, Jack Wilshere.
Angrep: Harry Kane, Marcus Rashford, Wayne Rooney, Daniel Sturridge, Jamie Vardy.