– Ja, eg blei overraska og litt sjokkert då eg høyrde det, og eg blei bekymra, sa Raja då han møtte pressa på Operaen måndag morgon.
Han møtte saman med Marco Elsafadi, Siri Nilminie Avlesen-Østli og Yngvar Andersen.
– Alle desse er profilar som har gitt meg gode innspel i møta eg har hatt med dei gjenom helga, sa han.
I Dagsnytt 18 fredag vedgjekk seniorrådgivar Håvard B. Øvregård i Noregs idrettsforbund (NIF), at idretten ikkje har prioritert kampen mot rasisme.
– Det er faktisk slik at norsk idrett generelt ikkje har opplevd rasisme som eit stort problem, sa Øvregård til NRK før helga.
Han sa at NIF har prioritert arbeid mot andre tema som homohets, seksuell trakassering og overgrep, men at organisasjonen ikkje har gode nok rutinar på handtering av rasisme.
Meiner idretten treng minoritets-kompetanse
Det vil ikkje kulturministeren godta.
– Dei sa at dei ikkje har rapportar om dette, og eg har også fått med meg at dei nesten ikkje har representantar for minoritetar i styre og stell. Der treng idretten å få tilført ein del kompetanse. Derfor har eg invitert med meg desse tre som har kjærleik og forankring i idretten, og som har med seg kompetanse og erfaring for å kjempe mot diskriminering. Det trur eg kjem til å hjelpe godt i det arbeidet vi no skal i gang med, seier Raja til NRK.
I møtet Raja skal ha med NIF torsdag, vil han be om tiltak, og om at NIF kjem med ein rapport om korleis dei vil møte problemet med rasisme i idretten.
– Idretten sjølv har ikkje sett i gang dette arbeidet. Då må eg som statsråd ta grep og få dei til å setje i gang, seier ministeren.
Vil krevje grundig rapport
– Kva krav vil du setje?
– Eg vil krevje at dei lagar ein rapport der dei viser situasjonen om rasisme og diskriminering i idretten, og som fortel kvifor dei ikkje har gjort noko med det før. Så må dei lansere ein strategi og ein plan for korleis dei skal kome i mål.
På møtet torsdag vil Raja også kome med planer, og så skal han la idretten få nokre dagar til å tenkje over korleis dei skal møte krava.
– Dette skal ikkje vere noko seminar. Det skal gi konkrete tiltak.
– Trengst det?
– Ja. Ingen barn skal måtte tole rasisme.
Trenar Yngvar Andersen var glad for Rajas initiativ.
– Masse faenskap her framleis
– Eg er glad for farten han viser her. Eg trur det er eit teikn på at det denne gongen blir eit møte der alle er samde, sa «Puls-Yngvar», som fortalde om sine røynsler med rasisme til NRK nyleg.
Han fortalde også om sine reaksjonar etter at han høyrde om drapet på George Floyd i Minneapolis. Då var det noko som brast i han.
– Mange snakkar om at slikt ikkje skjer i Noreg. Men det er masse faenskap her framleis. Det er heilt ulogisk at det skal vere slik i dag, seier Andersen.
Han seier at idretten er ein enormt viktig arena for kampen mot rasisme.
– Så godt som alle barn og unge er innom der. Blir det bra i idretten, får det enorme konsekvensar, seier Andersen.
Han meiner vi må tolerere feiltrinn.
– Vi må tilgi når nokon har gjort feil. Dei skal ikkje henge i gapestokken for alltid, seier Andersen, og presenterer emneknaggen #BareStopp, som er oppretta av den grunn.
– Det inneber ikkje anna enn å stoppe no. Det er mykje lettare enn å gå tilbake og stoppe all uretten ein måtte ha gjort.
Saknar korrigering
TV 2-journalist Siri Nilminie Avlesen-Østby har nyleg fortalt i eit innlegg på sin eigen kanal om si oppleving av rasisme.
– Då eg fekk jobben i TV 2, måtte kommentarfeltet stengast, for det var ein del der ute som meinte at eg stal jobben frå ordentlege nordmenn, skreiv ho.
Ho er tidlegare handballspelar, og hadde det stort sett fint. Men av og til var det episodar med kommentarar. Og ho reagerte spesielt på ein ting:
– At verken dommarar eller motstandarar korrigerte den eller dei som sa det. Det gjekk berre hus forbi. Dett sette seg veldig hos meg, og eg meiner det er noko vi må arbeide for å få gjort noko med, sa ho.