Hopp til innhold

Rabi slit eit halvt år etter kollapsen: – Føler at eg blir kvelt

U23-EM i friidrett vart ein stor norsk suksess. Men for eitt av medaljehåpa, Abdullahi Dahir Rabi (20), vart det ei ny stadfesting på at noko ikkje er som det skal.

Abdullahi Dahir Rabi

KOLLAPSA: Abdullahi Dahir Rabi har hatt eit krevjande år etter kollapsen i Torino.

Foto: Annika Byrde / NTB / NRK

Det er veldig kjedeleg, eg tenkjer mykje på det. Du tenkjer alltid «er eg hundre prosent? Kor mykje kjem dette til å påverke meg på trening og konkurranse?». Samtidig prøver eg å berre vere positiv og gjere det eg kan, seier Rabi til NRK.

Han har akkurat lagt bak seg eit U23-EM som vart ein norsk fest, men ein skuffelse for han sjølv. På papiret var han ein medaljekandidat både på 5000 og 10.000 meter.

5000-meteren måtte han bryte og på 10.000 var han sjanselaus.

Blytungt år

Sanninga er at resultata vart omtrent som han hadde frykta. For 2023 har ikkje vore som stortalentet hadde håpa.

NM friidrett Stjørdal

TALENT: Rabi er eit av dei største løpetalenta i landet. Her er han avbilda under NM i 2022.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

11. desember var Rabi ein av dei store favorittane i juniorklassen under EM i terrengløp i Torino, etter at han tok sølv i tilsvarande meisterskap året før.

Det enda med ein dramatisk kollaps. Rabi vart sendt til sjukehus i ambulanse og innlagt til observasjon.

Allereie dagen før fortalde han NRK at han hadde kjent seg litt slapp etter å ha hatt korona i forkant av meisterskapet. Då han kom heim frå Italia, vart det eit par veker med kvile. Så reiste han til Kenya på treningsleir.

Eg fekk vondt i halsen etter eit par dagar. Det var veldig plagsamt. Eg trudde det skulle gå over i løpet av nokre dagar, men det har faktisk ikkje gått over. No er det nesten seks månader, konstaterer han.

Abdullahi Dahir Rabi på sykehus i Torino

HILSEN FRÅ SJUKEHUSET: Rabi vart lagt inn på sjukehus etter kollapsen i Torino.

Foto: Privat

Korona-trøbbel

Grada av ubehag i halsen har variert. 12. februar sprang han 5 km gateløp i Monaco. Tida 13.49 var bra og kjensla ok, sjølv om halsen ikkje var det.

Så følgde to nye høgdeopphald, eitt i Flagstaff og eitt i Font Romeu. 18. mai sprang han ein 5000-meter i Stockholm på 13.34,28. Igjen ei ok tid og ei ok kjensle, alt teke i betraktning.

26. mai testa han igjen positivt for korona. Det bidrog på ingen måte positivt.

Det er veldig slitsamt, eg føler at det plagar meg ein del på trening. Halsen er veldig slimete. Eg føler at eg blir kvelt, nesten, nokre gonger, erkjenner Rabi.

For vel ein månad sidan var han igjennom ei rekkje undersøkingar på Olympiatoppen.

Dei sa at eg hadde astma, og så byrja eg med astmamedisin. Men eg kjenner ikkje at det hjelper noko særleg, seier Rabi.

I midten av august skal han inn til nye testar. Akkurat no er det berre éin ting som driv han; håpet.

Anten må eg jo berre gi opp, eller halde fram med å trene – og håpe at det går over, seier Rabi.

Les også Nordås har fått hverdagen snudd på hodet: – Det stresser meg

Narve GIlje Nordås i London

– Må ta ein fot i bakken

NRK sin friidrettskommentator, Jann Post, har følgt Rabi tett dei seinaste åra. Han synest det er leitt å høyre om den tunge sesongen til løpetalentet.

Jann Post

KOMMENTATOR: Jann Post.

Foto: Sigmund Sagberg Andersen / NRK

Det er synd at eit så stort talent skal slite over så lang tid. No har det gått så lang tid at ein må ta ein fot i bakken og finne ut av det for godt før ein stressar og pressar kroppen for mykje framover, seier Post.

Han er tydeleg på at Rabi har fleire val enn å gi opp eller halde fram med å trene.

– Det finst ei mellomløysing: Ein kan ta ein pause, gjere nokre grundige sjekkar for å finne ut av dette og ta den kvilen kroppen treng før ein eventuelt byggjer seg opp mot ein ny sesong. Det vil alltid vere nye løp og mål ein kan setje seg, seier han og legg til:

Men ein må vere frisk, ein må kunne trene og gjere det som trengst for å få maksimalt ut av talentet og karrieren. Det er så mange som satsar, så ein klarer ikkje det om helsa hanglar.

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal