Hopp til innhold

Qatarsk TV hånte Tysklands VM-smell: – Ser ikkje ut som dei bryr seg

Ein seanse frå eit qatarsk VM-program viser fleire personar som morar seg på kostnad av Tysklands VM-exit. Det får ekspertar til å riste på hovudet.

Sekvensen frå TV-sendinga til det qatarske TV-selskapet Alkass – som det siste døgnet har gått viralt på sosiale medium – har fått fleire til å reagere.

Videoen viser fleire personar, som er i eit slags studio, som tilsynelatande harselerer med Tyskland etter at dei rauk ut av VM til trass for ein 4-2-siger mot Costa Rica.

På skjermen kan ein sjå personane i det qatarske programmet halde seg for munnen, medan dei vinkar med hendene.

Det synest eg er dårleg stil. I alle fall frå eit arrangørland, så dei bør halde seg for god for det, seier NRK-ekspert Åge Hareide.

Tyskland

SIGNAL: Det tyske laget valde å stille opp på lagbiletet med handa for munnen før kampen mot Japan.

Foto: INA FASSBENDER / AFP

Meiner dei ikkje bryr seg

Mange går ut frå at dette er eit syrleg stikk mot Tyskland etter markeringane dei hadde tidlegare i meisterskapen.

Før Tysklands VM-opningskamp mot Japan markerte laget sin skuffelse over Fifa ved å halde seg for munnen då det offisielle lagbiletet vart teke.

Det ser ikkje ut som dei bryr seg så mykje om dei signala Tyskland har sendt då. Det var ikkje spesielt til Qatar, men til Fifa. Så tek Qatar dette og ironiserer over det når Tyskland er ute, forklarer Hareide og er oppgitt over bileta frå TV-studioet.

FIFA World Cup Qatar 2022 - Group E - Germany v Japan

MARKERTE: Den tyske innanriksministeren Nancy Faeser, har stilt opp på VM-tribunane med det OneLove-kapteinsbindet på armen.

Foto: KAI PFAFFENBACH / Reuters

Kritikken mot Fifa kom mellom anna i kjølvatnet av at dei nekta europeiske land sine kapteinar å bere Onelove-armbindet i fargane til regnbogen.

NRK har sendt ein førespurnad til Alkass, men har førebels ikkje fått svar.

– Skadefryd

NRK-ekspert Kristoffer Løkberg trur personane koser seg med Tysklands VM-avskjed, på bakgrunn av kritikken dei har komme med mot landet. Onelove-kampanjen står opp mot diskriminering og brukar aktivt regnbogefargar for å vise solidaritet med LGBT-miljøet. I Qatar er homofili forboden.

God gammaldags skadefryd, seier Løkberg.

Han er kritisk til at ein tek imot den tyske bodskapen på den måten, i staden for å vere klar over «kva tyskarane symboliserer og kva som er den viktige bodskapen».

Mari Norbakk, postdoktor ved Christian Michelsens institutt, seier følgjande om hendinga i TV-studioet.

– Eg ser det som ei vidareføring av latterleggjeringa av Tyskland, der enkelte fans og andre (og her då i studio) har gjort narr av markeringa til det tyske laget og sagt at dei skulle konsentrert seg om fotball, ikkje politikk så hadde dei kanskje gjort det betre, seier ho.

For både Qatar og Tyskland enda VM med ein sportsleg nedtur. Vertslandet Qatar tapte alle dei tre kampane sine, i det som var deira første deltaking i fotball-VM. Tyskland rauk også ut av gruppespelet, noko dei også gjorde i VM for fire år sidan.

Det tyske laget markerte berre før den første kampen i gruppespelet (mot Japan, som dei tapte 1-2). Etter kampen mot Spania nokre dagar seinare, sa Tysklands midtbanestjerne Ilkay Gündogan at «det politiske er over», og at det no handla om fotball.

– Vi hadde nokre spelarar som var sinte på Fifa. Dei var skuffa og frustrerte, så vi hadde ein diskusjon internt. Til slutt bestemde vi oss for å gjere ein gest mot Fifa. Skal du gjere noko, gjer det som eit lag, sa Gündogan ifølgje The Athletic.

Sportsnyheter

Bayern München raste 12 minutter på overtid – hevder dommeren innrømte feil

Nesten tretten minutter på overtid satte Bayern München ballen i mål, men dommeren blåste av for offside like før. Det skaper reaksjoner.

Siste nytt

  • VIF-talent (19) må trolig legge opp

    En alvorlig kneskade tvinger trolig Vålerenga-spiller Jacob Dicko Eng (19) til å avslutte fotbalkarrieren langt tidligere enn han hadde tenkt.

    Oslo-klubben opplyser om den kjedelige situasjonen i sine kanaler torsdag.

    I oktober i fjor pådro Eng seg en alvorlig kneskade mot Fram Larvik i 2. divisjon. Legene ga beskjed om at det var 50 prosent sjanse for at han ville komme tilbake som fotballspiller.

    Til tross for operasjon og iherdig opptrening ble det etter undersøkelser denne uka klart at Jacob fortsatt har en veldig lang vei å gå. Sjansene for comeback er små, melder Vålerenga.

    (NTB)

    Jacob Dicko Eng
    Foto: Beate Oma Dahle / NTB
  • Haaland nominert til gjev Premier League-pris

    Erling Braut Haaland kan bli kåret til årets unge spiller i Premier League denne sesongen. Kampen om hederbevisningen er imidlertid beintøff.

    Nominasjonene til prisen ble offentliggjort av Premier League torsdag. Haaland er én av åtte spillere det kan stemmes på.

    En av de tøffeste utfordrerne blir etter alle solemerker klubbkamerat Phil Foden. Manchester City-stjernen, som i likhet med Haaland er 23 år, har vært strålende for de lyseblå.

    Det er fansen som skal stemme fram vinneren av prisen. Forrige sesong gikk den til Haaland. Før det ble det to strake priser til Foden.

    (NTB)

    RARQbR4LYDw
    Foto: AP
  • Slik blir «nye» Tour de Ski

    Langrennssportens tradisjonsrike Tour de Ski-konsept dukker opp i ny drakt kommende vinter. For første gang skal alle konkurransene gå i et og samme land.

    Det er klart etter denne ukens møtevirksomhet i langrennskomiteen i Det internasjonale ski- og snowboardforbundet (FIS).

    Den 19. utgaven av touren starter i vante omgivelser i Toblach lørdag 28. desember. Deretter følger ytterligere tre renn samme sted, før sirkuset forflytter seg til Val di Fiemme.

    Der venter ytterligere tre renn, med den etter hvert så velkjente kraftprøven opp monsterbakken Alpe Cermis som avslutningen. Kommende vinter består dermed Touren av i alt sju etapper.

    Bak den historiske beslutningen som nå er tatt ligger det blant annet miljøhensyn.

    (NTB)

    Tour de ski 2022/23
    Foto: Terje Pedersen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal