Hopp til innhold

Professor feller «juksedom» etter Carlsen-drama – ekspert ikkje overtydd

Hans Niemann (19) har måtta tole haugevis av skuldingar om juks dei siste vekene, etter ein siger mot Magnus Carlsen (31). No har ein anerkjend professor gått amerikanaren etter i saumane.

Hans Niemann, professor Kenneth Regan og Magnus Carlsen.

TALAS TALE: Professor Regan (i midten) har analysert alle Hans Niemanns (t.v.) parti frå dei siste to åra, etter dramaet med Magnus Carlsen (t.h.).

Foto: NRK / NTB

Niemann var kanskje kjend i sjakkmiljøet frå før, men han vart for alvor eit hushaldsnamn då Carlsen trekte seg frå ei storturnering etter å ha tapt mot amerikanaren.

Fleire sjakkekspertar og stjerner meinte dette var måten nordmannen skuldar Niemann for juks. Dermed var 19-åringen plutseleg midt i søkjelyset.

Situasjonen er veldig vanskeleg fordi han har vedgått å ha juksa ved fleire høve. Det at det er «fleire gonger» er det store problemet her.

Det seier professor Kenneth Regan til NRK. Han er professor i informatikk og ingeniørfag ved Universitetet i Buffalo i USA. Og i sjakkmiljøet er han høgt respektert.

Regan er kjend som den store eksperten på datajuks i sjakken. Han er den beste i verda på det, så det er all grunn til å ta det seriøst, seier sjakkekspert Atle Grønn til NRK.

Hans Niemann

MYKJE OMTALT: Den amerikanske sjakkspelaren Hans Niemann.

Foto: NRK

Etter skuldingane mot Niemann, bestemde matematikaren – og sjakkspelaren – Regan seg for å sjekke om det fanst sanning i jukseskuldingane.

Fleire års arbeid

Og det er ingen jobb for kven som helst. Professoren har nemleg analysert alle parti Niemann har spelt dei siste to åra.

Det er andre stormeistrar som har vore i liknande situasjonar, men dei har aldri fått denne behandlinga. Dei har likevel ikkje fått invitasjonar til dei same prestisjeturneringane som Hans Niemann har fått, seier Regan.

Metoden han har brukt går ikkje på sjakkbasert kunnskap, men er basert på kvantitative dataanalysar av sjakktrekka.

Eg har faktisk ikkje talt talet på parti. I nokre turneringar er det berre dei TV-sende partia som finst på «The Week in Chess». Det vil seie at eg til dømes får sju av ni parti frå turneringane han har spelt. Eg trur talet på parti ligg på rundt 317, fortel Regan.

Professor Kenneth Regans analyser av Hans Niemanns sjakkpartier.

AVANSERT: Slik ser oversikta over resultata ut på Regans datamaskin.

Foto: Skjermdump fra Kenneth Regans PC / NRK

Dette er dommen

Etter fleire år med analysar er Regan klar i si sak. Tidlegare har han halde analysane sine for seg sjølv, men etter å ha høyrt ein annan analytikars arbeid på radioen, valde han å publisere sine eigne resultat.

Kva er dommen din?

Alt er heilt normalt, seier Regan.

Alt er heilt normalt?

Ja, det er så normalt det kan bli.

Men han kan ikkje vere hundre prosent sikker.

Professor Kenneth Regan.

ERFAREN: Regan er professor i informatikk og ingeniørfag.

Foto: Privat

Han seier at trass i analyseresultata, er det framleis er fullt mogleg at Niemann kan ha juksa i ei turnering.

Sjølv om Grønn meiner at Regans analysar er seriøse, seier han likevel at metoden han bruker ikkje åleine kan sjå bort frå juks.

Nei, det trur eg ikkje. Det kan sjå bort frå at Niemann er ein svak spelar som alltid, eller ofte juksar. Men eg trur ikkje metoden er god nok til å overtyde Magnus, seier Grønn.

Les også Sjakkdommar avslører juksemetodar: – Eit større problem enn ein trur

Hans Niemann og Magnus Carlsen.

Umogleg å sjå bort frå juks

For juks i sjakken er ekstremt vanskeleg å oppdage. Særleg om ein ikkje er til stades fysisk på turneringa, ifølgje Grønn. Likevel meiner han at Regans analysar har noko for seg.

Det er klart at Regans analysar vil vere til støtte for Niemann, og det er absolutt noko Niemann sjølvsagt vil ta imot med opne armar. Det er ei viktig støtte å få, men eg trur kanskje ikkje at det er der Magnus mistenkjer at jukset har gått føre seg, seier Grønn.

Sjakkekspert Atle Grønn intervjues utenfor NRK Marienlyst.

SJAKKEKSPERT: Grønn seier Regans analysar er seriøse.

Foto: Lars Thomas Nordby / NRK

For Regans analysar er berre baserte på digitale spor.

Er det i det heile mogleg å sjå bort frå juks?

Ein kan ikkje sjå bort frå det. Ein kan verken sjå bort frå det eller bevise at jukset har funnest viss ikkje det er fysiske bevis. For juks kan til dømes vere at ein i publikum har klødd seg bak øyret éin gong i løpet av partiet. Det er jo ingen computeranalysar som kan fange opp det, seier Grønn.

Magnus har jo sagt dette sjølv, at viss han får jukse éin gong i løpet av eit parti så er det nok til at han blir uslåeleg. Regans metodar er baserte mykje på statistikk og store tal. Og så vil eg tru at det ikkje finst nokon metodar i verda som kan fange opp juks i eit enkeltparti eller ved eit enkelttrekk.

Les også Carlsen-kontroversene som forbløffet sjakkverden: – Han har ekstremt mye makt

Magnus Carlsen

Siste nytt

  • Carlsen åpnet med seiersdobbel i Champions Chess-finalen

    Magnus Carlsen vant sine to første dueller og fikk en solid start på tittelforsvaret i årets Champions Chess Tour-finale i Toronto.

    Størst dramatikk var det da kampen mot den usbekiske tenåringen Nodirbek Abdusattorov måtte avgjøres i armageddon etter to strake remis. Der spilte Carlsen med hvite brikker og hadde ikke tålt å spille uavgjort en gang til.

    Han var aldri i trøbbel og vant duellen klart.

    Tidligere på dagen var det nok for Carlsen å slå belaruseren Denis Lazavik med hvite brikker og spille remis med svarte.

    De åtte beste poengplukkerne fra årets seks Champions Chess Tour-turneringer er samlet fysisk i Canada. Carlsen vant tre av dem og topper poenglista suverent.

    Alle skal møte hverandre i hurtigsjakk, og etter sju runder blir det klart hvem som får sjansen til å spille om finaleseieren i årets tour. De to beste går direkte til semifinalene, mens de fire neste skal kjempe om de to siste plassene. (NTB)

    Magnus Carlsen
    Foto: Carina Johansen / NTB
  • Danmark til VM-kvartfinale

    Danmarks håndballkvinner ristet av seg sjokktapet for Japan med å knuse Polen 32-22 i håndball-VM. Seieren sendte laget videre.

    Til pause ledet danskene med bare tre mål, men etter hvilen var det ingen tvil. Danmark skal spille kvartfinale foran eget publikum i Herning til uken.

    Mandag blir en ren finale mellom det danske laget og Tyskland om gruppeseieren i hovedrunden.

    Sverige er også videre etter 26-22 over Ungarn. De blågule lå under 10-11 til pause, men koblet grepet den siste halvtimen.

    Dermed er alle VMs tre arrangørland med i racet om medaljer og de fremste plasseringene. Norge har vunnet sine fem første kamper med store sifre, og avslutter hovedrunden med gruppefinale mot Frankrike søndag. (NTB)

    Håndball-EM Slovenia 2022, semifinale: Danmark - Montenegro (27-23)
    Foto: Beate Oma Dahle / NTB
  • Rekordovergang i baseball

    Shohei Ohtani (29) har signert tidenes største baseballavtale. Japaneren knytter seg til Los Angeles Dodgers for de neste ti årene.

    Det offentliggjorde han selv på sin Instagram-konto.

    Det er også blitt rapportert at japanerens kontrakt er verdt 700 millioner dollar, tilsvarende over 7,6 milliarder kroner.

    Den gamle rekorden tilhørte Los Angeles Angels-spilleren Mike Trout, som signerte en 12-årskontrakt med en verdi på 426,5 millioner dollar (4,6 milliarder kroner) i 2019.

    – Dette er en unik og historisk kontrakt for en unik og historisk spiller, sa Ohtanis agent Nez Balelo fra CAA Sports i en uttalelse.

    Gjennomsnittslønnen til Ohtani på 70 millioner dollar i året ligger 62 prosent over den gamle gjennomsnittsrekorden på 43,33 millioner dollar, delt av New York Mets-pitcherne Max Scherzer og Justin Verlander.

    Ohtanis gjennomsnittslønn dobler nesten de rundt 42,3 millioner dollarene han tjente hos Los Angeles Angels årlig. (NTB)

    Shohei Ohtani
    Foto: Mark J. Terrill / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal