NRK Meny
Normal

Isfront etter at dopingdømd russar tok OL-sølv

Julia Jefimova fekk pipekonsert frå tribunen då kom til start, men etter ein dårleg start tok ho OL-sølv på 100-meter bryst. Men både før og etter var det isfront mellom henne og vinnaren Lilly King.

OLYMPICS-RIO-SWIMMING-W-100MBREAST

LITE POPULÆR: Det var ingen varm velkomst for Julia Jefimova då ho kom på start på 100 m bryst i OL.

Foto: DAVID GRAY / Reuters

  • Sjekk høgdepunkta frå OL-natta i faktaboksen under.

King og hennar lagvenninne Katie Meili som tok bronsen, jubla med kvarandre etter preimeutdelinga, medan Efimova stod i tårer åleine.

– Det var aldri i mine tankar å gratulere hene med sølvet, sa King.

Efimova – som to gonger er tatt for doping – fekk pipekonsert kvar gong ho viste seg i symjehallen.

– Eg forstår ikkje ein gong korleis eg kom til finalen, det ville vore ei eventyrending om eg hadde vunne gull. Men dette var alt eg klarte i dag, seier Jefimova til nyheitsbyrået AP.

På pressekonferansen sa ho at ho nesten ikkje hadde sove den siste månaden, i påvente av avgjerda om ho skulle få delta eller ikkje.

Ho vedgjekk også at ho hadde gjort feil, men klaga likevel over korleis ho hadde blitt framstilt i media.

– Derfor kan eg forstå at enkelte ikkje vil gratulere meg. Men eg har alltid trudd at idrettskonkurransar var heva over politikk, sa Jefimova.

Jefimova, som er regjerande verdsmeister på distansen, vart i første omgang utestengd frå OL av det internasjonale svømmeforbundet, men idrettens voldgiftsrett (CAS) gjorde om på avgjerda. Ho har tidlegare sona 16 månader for ein positiv dopingprøve og tidlegare i år vart ho tatt for meldonium bruk.

Arge rivalar

Amerikanske Lilly King tok OL-gullet på distansen og ho uttalte tidlegare dette om sin russiske konkurrent.

– Viss det (meldonium, journ anm.) er det ho føler ho treng for å konkurrera, er det hennar sak. Eg er her for å kjempa reint for USA, sa King før nattas finale.

– Dette beviser at ein kan konkurrera utan å dopa seg, og like vel vinna. Hardt arbeid over tid lønner seg, sa King etter at gullet var sikra.

– Eg er glad eg sa det eg sa, og at eg slo henne i finalen, sa King etterpå. – Eg sa berre det alle tenkte.

Ho gratulerte sin lagkamerat Katie Meili med bronsen, men ikkje Jefimova med sølvet.

– Det var eg aldri inne på tanken om å gjere, sa King.

Jefimova var ein av sju russiske svømmarar som vart utestengde frå OL, men CAS omgjorde avgjerda.

Siste nytt

  • Roerne har fått båtene til VM

    Nesten én uke forsinket kom Norges VM-båter til Miami torsdag. Landslagets assistent Johan Lidberg har kjørt 160 mil for å hente båtene som på grunn av orkanen Irma landet i Houston, Texas i stedet for Miami.

    Nesten én uke forsinket kom Norges VM-båter til Miami.

Sendeplan

Kl. Program Kanal
VM sykkel
VM sykkel
VM sykkel
VM sykkel
VM sykkel
VM-kveld
VM-kveld sykkel-VM
VM-kveld