Hopp til innhold

Skaka av homofobi-støtte: – Har eit ekstra ansvar

Fleire Eliteserie-profilar går hardt ut mot Mohamed Camara, etter at den franske fotballspelaren valde å teipe over ein bodskap mot homofobi.

Patrick Berg og Mohamed Camara.

IKKJE FORNØGD: Patrick Berg er kritisk til Mohamed Camara.

Foto: AFP/NTB

– Eg synest jo sjølvsagt at det er veldig, veldig trist. Og det trur eg nok dei fleste andre gjer òg.

Det seier Patrick Berg til NRK etter eliteseriekampen mot HamKam måndag.

Glimt-spelaren er ein av mange som har fått med seg valet til Monacos midtbanespelar Mohamed Camara.

Under ein kamp mellom Monaco og Nantes i den franske toppdivisjonen valde han å teipe over ein logo som uttrykte motstand mot homofobi. I tillegg spelte han med ein svart logo for den franske toppdivisjonen, der dei andre spelte med ein logo i regnbogefargar.

Ligue 1

UTAN TEIP: Spelarane i den franske toppdivisjonen spelte elles med logoen som uttrykte motstand mot homofobi og med logoen i ligaen i regnbogefargar. 

Foto: Reuters

– Heilt latterleg, for å vere heilt ærleg, seier Odd-trenar Kenneth Dokken.

Berg har allereie tatt til orde mot homofobi. I ein eliteseriekamp mot Kristiansund tidlegare i mai rasa han mot ein tilskodar som ropte ut homofobiske gloser.

No tek Glimt-spelaren til ordet igjen:

– Som fotballspelarar, profilar og offentlege personar så har ein eit ekstra ansvar når det gjeld sånne ting, seier han.

Les også Rasa mot publikum etter «homofobiske gloser»: – Bør ikkje aksepterast

Eliteserien i fotball 2024: Kristiansund - Bodø/Glimt

Hendinga der Camara, til forskjell frå resten av spelarane, teipa over ein logo på brystet der det stod «homofobi» med ein raud strek over, er ikkje unik, meiner Berg.

Han har sjølv vore vitne til liknande hendingar i Frankrike, da han i 2022 spelte for Lens.

– Det er jo ikkje første gong det har vore litt hysteri rundt den markeringa. For, sånn eg hugsar det, er det ein kamp i året der fransk toppfotball vel å fokusere på det. Og då har det vore, ikkje like ille situasjonar som vi såg no, men noko liknande. Det er sjølvsagt ikkje noko vi ønskjer, seier han.

Frankrikes idrettsminister Amelie Oudea-Castera har kalla åtferda «heilt uakseptabel». Camara sjølv har førebels ikkje kommentert kritikken.

Klubbdirektør i Monaco, Thiago Scure, seier til RMC at han ringde til den franske ligasjefen og beklaga måndag.

– Vi behandlar det vidare som ei intern sak. Vi må vere forsiktige i måten vi handterer det på, samtidig som vi viser respekt for ulike meiningar, seier Scure.

Camara

TEIPA OVER: Mohamed Camaras teipbruk på brystet har skapt sterke reaksjonar.

Foto: Reuters

Må ta grep

Berg meiner Noreg ligg langt framme når det gjeld haldningar og verdiar i fotballen.

– Eg trur at vi har mykje å gå på når det gjeld haldningar og at det skal vere openheit og aksept for alle innanfor fotballen. Og så synest eg at vi i Noreg har kome mykje lenger enn dei fleste andre land.

No håpar han det franske fotballforbundet tek grep.

– Eg tenkjer det er opp til det franske fotballforbundet å ta tak i dette. Sånt kan ein ikkje akseptere. Og så tenkjer eg at Monaco, som klubb, burde gå tydeleg ut å seie at dette ikkje er noko dei stiller seg bak. Det er eit godt første steg på vegen, understrekar Berg.

Det er noko KFUM-trenar Johannes Moesgaard støttar:

– Vi kan ikkje akseptere sånt på noko som helst nivå. Inkludering og det arbeidet må vi berre halde fram med på alle moglege måtar. Det der høyrer ingen stadar heime.

Les også Denne teipen skaper voldsomt sinne: – Helt uakseptabelt

Monacos Mohamed Camara i aksjon med teip over homofobi-markering

– Eg synest det er vanskeleg å seie noko om korleis ein skulle slått ned på det. Anna enn at eg synest det er lågmål, legg Kenneth Dokken til.

– Soleklart homofobisk

Leiar i Oslo Pride, Dan Bjørke, er også skaka over hendinga.

Det er soleklart homofobisk. Ein har putta energi i å teipe over ein bodskap som er at fotballen skal vere for alle. Vi skal ikkje ha noko homofobi i fotballen, så det er utruleg trist. Samtidig så ser vi at det kjem reaksjonar på det og det er bra at fotballen er så tydeleg på at den typen åtferd skal vi ikkje ha.

Bildet viser en mann i hvit t-skjorte som ser inn i kamera. På t-skjorten står det Oslo pride 2023. I bakgrunnen er det en bygning og et regnbueflagg.

SKAKA: Leiar i Oslo Pride, Dan Bjørke.

Foto: Bård Nafstad

Bjørke påpeikar vidare at det er svært få skeive fotballspelarar på verdsbasis.

Dei veit også at fotballfansen er tydelege på at homofobi er eit utstrekt og alvorleg problem.

Det ser vi frå undersøkingar over alle dei fem store ligaene i Europa, så det er eit problem. Og når du får sånne hendingar som dette her, så berre bekreftar det for veldig mange at nei, det er ikkje bra å komme ut. Det er ei usikkerheit der og den barrieren må vi jobbe for å få ned.

Og det bidreg i alle fall ikkje dette til, seier Bjørke til slutt.

Siste nytt

  • Lallana returnerer til Southampton: – Føles riktig

    Adam Lallana (36) gjør vender tilbake til Southampton ti år etter at han forlot klubben til fordel for Liverpool.

    Det bekrefter klubben på X.

    – Jeg visste med en gang at det føltes riktig, sier 36-åringen.

    Lallana gjorde proffdebuten sin i Southampton i 2006 og har siden spilt for klubber som Bournemouth, Liverpool og Brighton.

    I sin forrige periode i Southampton noterte briten seg for 60 mål og 45 målgivende på 265 kamper. Det sikret han en overgang til Liverpool i 2014, hvor han var fram til 2020. Da gikk turen videre til Brighton, som han har spilt for til og med forrige sesong.

    Southampton rykket forrige sesong opp til Premier League etter t de slo Leeds 1–0 i opprykksfinalen.

    (©NTB)

    NfY-j2lbpRU
    Foto: JOHN SIBLEY / AFP
  • Slik starter Tyskland og Skottland i åpningskampen i EM

    Åpningskampen i EM spilles fredag kveld mellom Tyskland og Skottland i München. Der stiller Tyskland med følgende lag:

    Tyskland (4-2-3-1): Manuel Neuer - Joshua Kimmich, Antonio Rüdiger, Jonathan Tah, Maximilian Mittelstädt - Toni Kroos, Robert Andrich - Jamal Musiala, Ilkay Gündogan, Florian Wirtz - Kai Havertz.

    Det betyr at blant andre Thomas Müller og Leroy Sané er henvist til benken fra start av trener Julian Nagelsmann.

    Skottland (5-3-2): Angus Gunn - Anthony Ralston, Jack Hendry, Ryan Porteous, Kieran Tierney, Andy Robertson - Scott McTominay, Callum McGregor, John McGinn - Che Adams, Ryan Christie

    hzmRAyPofJQ
    Foto: AP
  • Positiv opptur etter EM-nedturen for Rooth

    Da Markus Rooth (22) skulle forsøke å komme seg over 5.20 under stavsprangkonkurransen på tikampens andre dag i EM, pådro han seg en krampe i låret.

    Med tanke på OL i Paris, tok Rooth det vanskelige valget om å ikke fullføre konkurransen. Rooth lå godt an til medalje i EM, hvor Sander Skotheim sikret norsk sølv.

    I dag fikk tikjemperen positive svar.

    «MR var så positivt som det kunne bli, tross at det var en liten skade. Ingen strekk, men et sår i fascien som sitter rundt muskelen. Vi krysse fingrene for at han kommer fort i god trening og blir klar til OL.»

    Det skriver Rooths mamma Mette Malm Rooth til NRK.

    Rooth må gi seg – sliter med krampetendenser
    Foto: n23485

Sendeplan

Kl. Program Kanal