Hopp til innhold

Er han løysinga på spiss-krisa til Tromsø IL?

Markus Johnsgård (25) er klar til å gripe sjansen.

Markus Johnsgård

Markus Johnsgård er klar til å gripe sjansen i Vegard Erliens skadefråvær.

Foto: Gunnar Grindstein / NRK

Tromsø IL vurderer å hente inn ein spiss – med toppskåraren i fjor Vegard Erlien ute til hausten med eit brot i foten. Ein skade han pådrog seg i siste kamp før ferien.

Men kanskje finst den beste løysinga i eigne rekker?

Les også TIL brukar millionar for å gjere arenaen klar for europacup

Nye flomlys Romssa Arena

Tilbake frå ferie

I dag var «Gutan» tilbake på treningsfeltet etter halvannan vekes fotballfri. Og blant dei mest spelesugne er Markus Johnsgård. 25-åringen frå Senja har ennå ikkje spelt frå start i eliteserien etter overgangen frå 1. divisjonsklubben Raufoss.

Han synest det er synd at Erlien er sett ut av spel i mange veker. Men er klar til å bidra både i eliteserien og dei kampane i Europa som kjem opp.

– Det er ein mann mindre ein må konkurrere mot, det er jo det. Så kanskje ein får litt fleire moglegheiter. Da gjeld det berre å ta vare på dei. Og gripe dei.

– Kor klar er du for det?

– Eg er veldig klar. Eg kjenner eg har jobba godt i vinter og vår, svarer Johnsgård.

25-åring har ambisjonene klare

25-åring har ambisjonane klare

Spissjakt

Hovudtrenar Jørgen Vik drog på ferie til Syden med den dårlege Erlien-nyheita i bagasjen. Tilbake på feltet i Tromsø meiner han dekninga på spissplass er OK.

– Vi er fornøgde med dei vi har, men vi er litt på utkikk òg, smiler Vik.

– Kan det komme ein ny spiss inn?

– Det er ingen ting som er aktuelt per nå. Og Erlien kjem til å rekke veldig store delar av sesongen. Så det er ikkje noko vi må ha, nei, det er det ikkje.

Og Vik har tru på at Markus Johnsgård kan levere i Vegard Erliens fråvær.

– Markus er anvendeleg, han er initiativrik og har eit godt venstrebein. Ein god avsluttar, seier Vik.

Men foreløpig står Johnsgård berre med sju innhopp i eliteserien.

Neste moglegheit er Molde på heimebane 28. juni.

Les også Preget i hele år av Glimt-sjokket

TILs sportssjef Lars Petter Kræmer Andreassen har ventet på at TIL skulle finne seg selv etter mange store endringer i vinter.