– Kontrakten med Molde er terminert. Eg har kontrakt med Manchester United ut juni, og ein manager kan ikkje ha to kontrakter, sa Ole Gunnar Solskjær på pressekonferansen før kampen mot Arsenal søndag.
Det betyr at treårskontrakten han signerte med Molde i desember, ikkje lenger eksisterer. Solskjær har kontrakt med United ut juni.
Det betyr også at han må jobbe med førebuingane fram mot neste sesong. På pressekonferansen fekk han spørsmål om korleis han stiller seg til det, samstundes som han ikkje veit om han er manager etter 1. juli.
– Vi snakkar stadig om sesongførebuingane så langt som vi må, og vi snakkar om nye spelarar som kan vere aktuelle for oss, seier Solskjær.
Molde-direktør Øystein Neerland avdramatiserer saka.
– Fordi ein manager ikkje kan ha to kontrakter, må han terminere kontrakten med oss så lenge han har jobben i United, seier Neerland.
– Føresetnaden er at han skal inn igjen i den same kontrakten med oss igjen etter at United-opphaldet er ferdig 30. juni, seier han.