Kjetil Borch er endeleg i Tokyo og førebur seg til OL. Det tok eitt år lengre enn han hadde rekna med. Det gjorde at motivasjonen hans fekk ein solid knekk.
– Eg veit ikkje kva ein skal samanlikne det med i det vanlege livet. Ein skal vere ferdigutdanna lege og alt er spikra, og så plutseleg er det borte, men det betyr nok litt meir enn som så. Eg var berre tom, seier Borch.
Mista motivasjonen
OL i Tokyo blei utsett i fjor. Da NRK intervjua Borch for eitt år sidan sa han at han skulle halde fram med å trene på romaskina si heime.
– Eg gjorde ikkje det veit du, seier Borch, og bryt ut i latter.
– Eg kom opp og skulle inn på treningsrommet, såg romaskina og berre «Fy fader det skulle vore fire månader til OL, no blir det 16, om det blir noko. Det her gidd eg ikkje». Så da sette eg meg ned og drakk brus og spelte Playstation, held han fram.
– Kor lenge varte det?
– To og ein halv månad, svarer han.
Motivasjonsmangelen gjorde at medaljehåpet i singelsculler måtte gi beskjed til trenarapparatet.
Visste han kunne brenne seg
OL er det desiderte høgdepunktet for ein roar, og da leikane i Tokyo blei utsett visste han at han måtte ha ein pause.
– Eg snakka mykje med laget og trenarar, og var ganske ærleg på at eg var nøydd til å ta fri. Eg veit veldig godt kor lenge 16 månader er, og kor mykje ein får gjort på 16 månader, men eg veit også kor mykje ein kan brenne seg på kortare tid. Eg hadde ikkje nokon sjanse til å halde på kvaliteten på treninga, fortel Borch ærleg.
– Var du nærme å gi deg?
– Nei, men eg var relativt demotivert, for å seie det mildt.
– No er lysten tilbake eller?
– Å ja, den kom etter EM i fjor, svarer han med eit smil om munnen.
Borch tok bronse i EM i Poznan i oktober. Natt til fredag ror Borch innleiande rundar i Tokyo.