Hopp til innhold

Ødegaards Noreg-tal får kritikk: – Skuffande

Martin Ødegaard skårar mål i bøtter og spann for Arsenal, men for Noreg går det tråare. To mål på 52 kampar er for dårleg, meiner NRKs ekspert.

Privatlandskamp i fotball Norge - Jordan

STANG UT: Martin Ødegaard pøser inn mål for Arsenal. Men i Noreg-drakta har det vore mindre å juble for.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

– Det er sjølvsagt skuffande tal.

Det seier NRK-ekspert Kristoffer Løkberg om Ødegaards målfangst på landslaget.

Førre sesong skåra Ødegaard 15 mål på 37 ligakampar for Arsenal. Det gir eit snitt på grunnsolide 0,4 mål per kamp.

Denne sesongen har nordmannen starta i same imponerande spor og skåra to mål på dei fire Premier League-kampane han har spelt.

– Skal ikkje sjå seg blind

Men på det norske landslaget har det enno ikkje losna for Arsenal- og Noreg-kapteinen.

På dei 52 kampane han har spelt så langt, har Ødegaard notert seg for fattige to mål.

– Eg skulle gjerne skåra fleire mål for Noreg. Ein skal ikkje sjå seg heilt blind på mål og målgjevande heller. Ein må finne ein balansegang, men eg skal ikkje leggje skjul på at eg gjerne skulle skåra meir for Noreg. Det er det ingen som helst tvil om, og det håpar eg at eg kan få til, seier Ødegaard til NRK.

Dei to landsslagsmåla han har skåra kom mot Slovakia i 2022 og Romania i 2019 og gir eit skåringssnitt på fattige 0,03 for Noreg.

I 6-0-sigeren mot Jordan kom Arsenal-stjerna til fleire gode skåringsmoglegheiter, men avslutningane hans vart anten redda eller blokkert.

– Det viktigaste er laga, at vi gjer det bra og at vi speler bra. Der kjenner eg at vi har teke enorme steg den siste tida. Vi speler ein heilt annan fotball, vi skaper meir, styrer dei fleste kampane vi speler. Det er like viktig for meg som at eg skårar. Laget er viktigast, og ein må sjå litt større på det, svarer kapteinen.

Solbakken: – Plutseleg losnar det

I Arsenal enda han med sju mål på 35 kampar den første sesongen før det losna for fullt framfor mål førre sesong.

Ståle Solbakken meiner det handlar om slump at Ødegaard framleis ikkje har knekt koden på landslaget.

– Han skaper endå fleire sjansar for oss enn for Arsenal og står bak veldig mykje av det vi driv med. Han har fått skot blokkert, hatt litt «utur», men han kjem oftare og oftare i dei rette posisjonane, seier Solbakken til NRK.

Ifølgje landslagssjefen er Ødegaard spelaren som skaper flest målsjansar for Noreg i EM-kvaliken og førre utgåve av Nasjonsligaen.

– Det (mangel på mål) trur eg er slump og litt stolpe ut. Plutseleg losnar det og han skårar i fire–fem kampar på rad, seier landslagssjefen.

Football, UEFA Euro Qualifier, Spain - Norway

TRUR DET LOSNAR: Både Ståle Solbakken og Martin Ødegaard meiner det er slump som gjer at sistnemnde ikkje har funne målforma med flagget på brystet enno.

Foto: BILDBYRÅN

– Trygg på at det kjem

Ødegaard har i EM-kvaliken hatt fleire gode skåringsmoglegheiter.

Størst var kanskje sjansen han fekk mot slutten av 1-1-kampen borte mot Georgia i mars, då bomma han på ein gigantisk sjanse frå kloss hald og kasta bort eit høve til å vinne kampen for Noreg.

– Kva skal til for at det løyser på landslaget?

– Ein skal ikkje fokusere for mykje på det, men det er litt flyt og uflyt. Eg har skapt mykje på landslaget, men det har vore litt stong ut. Akkurat det der stressar eg ikkje så mykje med, det er eg trygg på at kjem, seier Ødegaard til NRK.

Les også Nusas ukjende x-faktor: – Gøy å berre setje seg ned med han

Football, International friendly, Norway - Jordan

Kristoffer Løkberg er krystallklar på at ein må forvente fleire skåringar av ein spelar i Ødegaards posisjon, men meiner det er viktig at ein også ser bak tala.

– Han har jo mangla litt på effektiviteten på landslaget. Men han skal ha det at han speler jamt over berre gode kampar for det norske landslaget og står bak veldig mykje av det Noreg skaper. Eg hadde vore meir bekymra om han ikkje var meir delaktig i den delen av spelet, seier Løkberg.

Neste høve til å skåre for kapteinen kjem allereie tysdag kveld når Georgia kjem på besøk til Ullevaal.

Kampstart er 20.45 og kampen kan du følgje direkte på NRK Sport på radio eller sjå på TV 2.

null
Spiller nå
Kvestet til blods av knotter, endte opp med ti sting 00:43
Neste

Sportsnyheter

Ville jubelscener etter norsk superstafett: – Hva skjedde nå?

For første gang på 100 år er et norsk lag klare for OL på en lagøvelse i friidrett. Etter målgang ble ankerkvinne Henriette Jæger «overfalt» av lagvenninnene.

Siste nytt

  • Nedberge Llano klarte EM-kravet

    Sleggekaster Beatrice Nedberge Llano kastet 71,21 meter i en konkurranse i USA.

    Dermed kom hun akkurat én centimeter over EM-kravet på 71,20. Det skriver friidrettsnettstedet Friidrett1.

    Det holdt også til seier i stevnet i Tucson, Arizona.

    OL-kravet i sleggekast er for øvrig 74 meter. Nedberge Llano ligger foreløpig an til å kvalifisere seg på ranking.

    26-åringen har en personlig rekord på 72,10 meter.

    Beatrice Nedberge Llano
    Foto: NTB
  • Olaussen og Stora Tuna tok historisk seier i Tiomila

    Stora Tuna OK vant kvinnestafetten i årets Tiomila - en historisk stafett ettersom det var første gang i orienteringsklassikerens historie at også kvinnene løp nattetapper.

    Nettopp de to nattetappene ga Borlänge-klubben trøbbel, men den norske landslagsløperen Marie Olaussen løp meget sterkt på den første etappen i dagslys og avanserte fra 47. til sjuendeplass og sørget for kontakt med teten igjen. Fjorårets verdenscupvinner Tove Alexandersson avgjorde stafetten på den sjette og siste etappen, og sikret seieren foran IFK Gøteborg og Halden.

    Stora Tuna ble dermed den fjerde klubben i historien som har vunnet både dame- og herrestafetten samme år.

    Marie Olaussen
    Foto: NTB
  • Pellegrino lurte stjernekeeper Lloris – scoret sesongens andre i MLS

    Amahl Pellegrino er for alvor i ferd med å få fart på karrieren i Major League Soccer. Lørdag rundet han tidligere Tottenham-keeper Hugo Lloris og scoret for San Jose Earthquakes.

    Pellegrinos fulltreffer bidro til at laget hans beseiret Los Angeles FC med 3-1.

    Den tidligere Bodø/Glimt-yndlingen satte inn 2-0-målet i kampen ti minutter ut i annen omgang. Etter en strålende pasning av argentineren Cristian Espinoza kom Pellegrino alene med Los Angeles-keeper Lloris. Nordmannen rundet sisteskansen og trillet ballen i nettet.

    Pellegrinos scoring var hans andre for sesongen. 33-åringen startet lørdagens kamp til venstre i Earthquake-angrepet. Han ble byttet ut etter 69 minutters spill. (NTB)

    Pellegrino
    Foto: Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal