Hopp til innhold

Nusas ukjende x-faktor: – Gøy å berre setje seg ned med han

Alle snakkar om Antonio Nusa etter ein glimrande Noreg-debut. Men ifølgje U-landslagstrenar Luis Pimenta er det ikkje berre farten og teknikken som er spesielt med 18-åringen.

Football, International friendly, Norway - Jordan

KANONDEBUT: 18-årige Antonio Nusa herja i landslagsdebuten då Noreg tanka sjølvtillit framfor den viktige Georgia-kampen ved å utklasse Jordan og vinne 6–0.

Foto: Vegard Grøtt / BILDBYRÅN

– Vi er veldig glade i han som person, ein veldig fin gut.

Det seier G19-landslagstrenar Luis Pimenta til NRK om den nye norske yndlingen Antonio Nusa.

Pimenta hadde Nusa på G19-landslaget så seint som i mars i år, men utviklinga har skote fart sidan då.

– Tek det i ein vanvitig fart

U-landslagstrenaren meiner supertalentet har ein X-faktor som er uvanleg for fotballspelarar, og som enno ikkje har fått så mykje merksemd.

– Når folk ser Antonio spele, ser dei den vanvitige farten, teknikken og avslutningseigenskapar, men dei ser ikkje den usynlege delen, som er dei førebuingane før kamp for at han skal komme i desse situasjonane. Ein må ha studert motstandaren og forstått kampplanen for å klare det. Og han tek til seg informasjon i ein vanvitig fart, meiner Pimenta.

Luis Pimenta

IMPONERT: Luis Pimenta.

Han meiner denne eigenskapen er uhyre sjeldan vare i fotballen.

Portugisaren fortel at han merka ein forskjell då han gjekk frå å vere klubbtrenar til landslagstrenar.

– I klubb tek fem spelarar info raskt, fem spelarar ganske tregt, resten midt i mellom. På landslag er 90 prosent raske til å ta info. Men av dei 90 prosentane er det nokre få som tek det ekstra fort, og Antonio er der. Han har ein x-faktor der, ikkje berre på teknikk, fart og avslutningar, understrekar Pimenta.

– Gøy å berre setje seg ned med han

Difor har det nokre gonger oppstått situasjonar der Nusa har lært Pimenta fotball, ikkje berre motsett.

– Nokre gonger er det gøy å berre setje seg ned med han, ta ein kaffi og snakke om fotball og korleis han såg ein kamp som vart spelt kvelden før. Då kan eg berre høyre på han, han forstår spelet, meiner G19-sjefen.

Vennskapskamp fotball: Norge - Jordan

Antonio Nusa herja tidvis med Jordans spelarar i landslagsdebuten på Ullevaal.

Foto: Rodrigo Freitas / NTB

Det siste han har gjort som trenar for Nusa var i kampen der G19-landslaget kvalifiserte seg til EM-sluttspelet i sommar.

Med ein enkeltmannsprestasjon av dei sjeldne skåra Nusa det avgjerande målet mot Frankrike – i Frankrike.

Den situasjonen sit som brunne fast i minnet på Pimenta.

– Det var ein avgjerande kamp for oss, vi visste at «viss vi vinn, er vi i sluttspelet». Og når eit sånt mål skjer, i ein så viktig kamp, borte mot Frankrike som var den største favoritten til å vinne EM ... Då fekk eg ei kjensle av «Oi, han presterer også i situasjonar der presset er som størst», seier han.

Etter debuten mot Jordan stilte NRK eit spørsmål til Ståle Solbakken om korleis Nusa kan halde beina på bakken etter ei slik oppleving.

Solbakken: – 100 prosent sikker

Solbakken trekkjer òg, til liks med Pimenta, fram dei mentale eigenskapane til ungguten.

– Når du får ditt første intervju med han, viss du ikkje har hatt det, så vil du oppfatte at det er ein som har beina på jorda. Han er ein som er heilt, heilt roleg. Den utfordringa får vi ikkje der. Det er eg hundre prosent sikker på. Han er veldig, veldig roleg. Han er «down to earth» (jordnær). Den personlegdommen er god å ha med seg inn i den verda han skal inn i, seier Solbakken til NRK.

Noreg-sjefen fortel at han har hatt fleire samtalar med Nusas trenar i Club Brugge, Ronny Deila.

– Og han stadfestar det eg allereie har opplevd, ein veldig lærevillig og ambisiøs gut, men samtidig er han roleg. Han veit at han må ta nokre steg til før han blir den superstjerna som vi snakkar om, seier Solbakken.

– Kan ikkje skjønne at han ikkje skal starte

Ein som er imponert, er NRK-ekspert Carl-Erik Torp, som følgde kampen mot Jordan med stor interesse.

– Ein fantastisk debut, han verkar å vere uredd, går rett fram og vil vise seg fram. Han skapte masse, både med skåring og målgivande pasning, og bidrog med ein utruleg ungdommeleg energi og sjølvtryggleik, er dommen frå NRK-ekspert Carl-Erik Torp etter kampen mot Jordan.

Tysdag ventar Georgia i EM-kvalikkamp på Ullevaal. Då er det ein heilt anna scene som ventar Nusa, langt fleire på tribunen, teljande kamp og langt meir alvor.

NRK-eksperten er spent på kva Solbakken kjem til å velje:

– Alle veit at det blir ein heilt annan fotballkamp, men eg kan ikkje skjønne at han ikkje skal starte no. Eg håpar i alle fall det, seier Torp.

På spørsmål om Nusa er aktuell for startplass mot Georgia, svarer Solbakken:

Han er blant dei 13–14 som kjempar om ein plass blant dei ti utespelarane.

Synast du Nusa bør starte kampen mot Georgia tysdag?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

Siste nytt

  • Bodø/Glimt-stjernen Ulrik Saltnes fikk hjernehinnebetennelse

    Etter Glimts seier mot Sturm Graz i Mesterligaen har Ulrik Saltnes vært ute av spill.

    Nå forteller han til Avisa Nordland at dette har skyldtes hjernehinnebetennelse. Til avisen forklarer han at det startet med helvetesild, som utviklet seg til hjernehinnebetennelse.

    – Da ble ting straks mer alvorlig. Jeg fikk oppfølgning og kur der, og det ble tatt ytterligere prøver. Jeg måtte bare ta tiden til hjelp. Heldigvis gikk det bra, og jeg kom meg hjem igjen etter hvert, sier Ulrik Saltnes til Avisa Nordland.

    Ifølge NHI er hjernehinnebetennelse en alvorlig sykdom som kan ramme uansett alder, og trenger umiddelbar behandling.

    Saltnes skal nå være tilbake på treningsfeltet og forbereder seg til Glimts kommende kamper. Lørdag møter de Sarpsborg borte i Eliteserien, før Mesterliga-kampen borte mot Galatasaray venter onsdag.

    en mann i svart skjorte

    Glimt-profil Ulrik Saltnes åpner opp om alvorlig sykdom

    En viktig brikke har manglet under Bodø/Glimts eventyr i Mesterligaen denne høsten. Nå forteller Ulrik Saltnes om sykdommen han har slitt med.

  • Dansk syklist syklist klar for Uno-X

    Den danske syklisten Alexander Kamp er klar Uno-X. Det bekrefter sykkellaget i sosiale medier.

    Dansken kommer fra Intermarché-Wanty, som han syklet for i 2025-sesongen.

    31-åringen har vunnet det danske mesterskapet ved to anledninger.

    Alexander Kamp
    Foto: Geir Olsen / NTB
  • Kjempesmell for Brann – stjernespiller ute resten av sesongen

    Sævar Atli Magnusson har pådratt seg en kneskade og mister Branns innspurt i Eliteserien og viktige kamper i europaligaen.

    Han måtte tidligere i uken ut før pause i Islands 2-2-kamp mot Frankrike i VM-kvalifiseringen.

    – Det er utrolig kjedelig og det var et sjokk for meg at det var så omfattende. Men vi har en god tropp, og jeg skal heie på dem ut sesongen, samtidig som jeg skal jobbe knallhardt for å komme enda sterkere tilbake, sier Magnusson i en uttalelse.

    Magnusson har vært en hit i Brann siden overgangen fra danske Lyngby. Han står med ti mål på 16 kamper for bergenserne. (NTB)

    Magnusson
    Foto: Carina Johansen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal