– Dette gjev sjølvtillit. Det var også godt å få ein god start. Eg spelar ein grei kamp, og det gjorde godt å få ein slik start på kvaliken, sa Martin Ødegaard, som storspela saman med sin Heerenveen-kamerat Morten Thorsby, til NRK.
På tribunen i Drammen sat A-landslagssjef Lars Lagerbäck.
– Vi leverer gode søknader til A-laget alle mann, sa Ødegaard til TV 2.
Trenar Leif Gunnar Smerud var svært nøgd med Ødegaards innsats i kveld.
– Det var han som styrte tempoet vårt. Han får nokre smellar, men han står opp og gjer ein veldig god kamp. Det er kjekt for Martin og kjekt for oss, seier Smerud til NRK.
Martin Ødegaard storspela og var sentral både i to av måla og i fleire av dei mange sjansane Norge skapte etter pause.
Norge scora på sine to einaste sjansar i første omgang. Morten Thorsby heada inn leiarmålet etter berre tre minutt, og Kristoffer Ajer skalla inn ein corner frå Martin Ødegaard etter 23 minutt.
Raudt kort for Kosovo
Bakover hadde Norge god kontroll. Og då Kosovos Besfort Kolgeci fekk raudt kort tidleg i andre omgang, var det berre å kontrollere inn den norske sigeren.
Kolgeci felte Martin Samuelsen som var på veg gjennom, og dommaren viste ut spelaren direkte.
Kosovo prøvde seg litt etter utvisinga, men Norge punkterte kampen med eit praktangrep som Martin Ødegaard og Morten Thorsby regisserte, og som Birk Risa fekk lov å avslutte.
Einvegskøyring
Resten av kampen var det berre eitt lag på bana.
Einvegskøyringa gav to norske mål til dei siste minutta – Erlend Dahl Reitan med 4–0 etter godt forarbeid av Rafik Zekhnini, og Andreas Hanche-Olsen 5-0 på ein retur frå keeper.
Kosovos «norske» spelar Bersant Celina var lagkaptein for Kosovo, men vart bytta ut 12 minutt før slutt.
Norge møter Kosovo i returkamp allereie 1. september. Deretter ventar Israel (heime), Irland (borte) og gruppefavoritt Tyskland (heime) seinare på hausten.
Artikkelen blir oppdatert.