Hopp til innhold

Stortalentet har fått livet snudd på hovudet i Leeds

MARIENLYST (NRK): Noregs U21-landslagsmålvakt Kristoffer Klaesson (20) tok eit tøft val då han reiste frå trygge Vålerenga for benken i Premier League. Starten i England har vore brutal.

Football, UEFA Euro Under-21 Qualifier, Norway - Portugal

TIL ENGLAND: Kristoffer Klaesson vart Premier League-spelar etter overgangen til Leeds.

Foto: MATHIAS BERGELD / BILDBYRÅN

2000-modellen Klaesson visste godt kva han gjorde då han reiste frå Vålerenga og skreiv under for Leeds i sommar:

Han blir andrekeeper.

Jevngamle Illan Meslier er førebels heva over tvil som førstevalet til klubben, og det skal mykje til for at det blir mange førstelagsminutt for den norske burvokteren med det første.

Både landslagssjef Ståle Solbakken og U21-sjef Leif Gunnar Smerud set spørsmålsteikn ved klubbvalet.

– Eg hadde håpa, det må eg ærleg innrømme, at han heldt fram i Vålerenga. At han heldt fram utviklinga si der litt til, før han tok steget. Men eg skjønner at det er freistande, sa Solbakken på ein pressekonferanse nyleg.

Også U21-sjef Smerud er spent på om historia vil vise at dette var rett val for ei ung og framstormande målvakt.

– Viss han får kampar og prøvd seg, er det fint, viss ikkje kan det vere uheldig, for han hadde ei veldig fin utvikling i Vålerenga, seier Smerud til NRK.

Klaesson er tidlegare teken ut i A-landslagstroppen under Solbakken, men vart denne gongen vist til U21.

Football, Norway, press conference

Leif Gunnar Smerud er trenar på U21-landslaget, der Klaesson har vore fast.

Foto: VEGARD WIVESTAD GRØTT / BILDBYRÅN

Klaesson møter NRK etter ei U21-trening på Marienlyst. Der varta han, i løpet av den halvtimen NRK var der, opp med ei rekkje gode redningar.

– Kan meir om meg enn eg kan sjølv

Målvaktkjempa svarer slik om at landslagstrenarane ikkje er frå seg av begeistring for klubbvalet han nyleg tok.

– Hadde det vore ein annan klubb enn Leeds … Dei har vore opne om at dei har sett meg sidan 2017-2018, dei kan sikkert meir om meg enn eg kan om meg sjølv. Det er veldig tryggjande at dei har følgt meg så lenge og hatt så tru på meg så lenge. Det er litt av grunnen til at eg tok det valet. Både målvakttrenarane og det fysiske apparatet er topp-topp i verda, så det er veldig bra, seier han.

Smerud har stor forståing for at det sikkert er veldig vanskeleg å seie nei når eit lag som Leeds kjem på banen.

– Og dei har heilt sikkert ein plan for Kristoffer. Det blir ei avveging med treningsmiljø og moglegheita for å få nokre kampar på toppnivå med A-laget til Leeds, kontra å spele heime i Noreg. Det var nok eit vanskeleg val, men eg er ikkje bekymra, understrekar Smerud.

Kristoffer Klaesson

Kristoffer Klaesson har fått eit tøft fysisk møte med England.

Foto: Tobias Prosch Simonsen / NRK

– Livet snudd på hovudet

No er det gått litt over ein månad sidan Klaesson pakka kofferten og reiste til England. Starten i Premier League-klubben har vore ein vekkjar.

– Det har vore tøft, ein ny kvardag med mykje trening, og det har snudd livet mitt på hovudet. Men eg trivst veldig godt og har vorte teke ekstremt godt imot av alle, seier 20-åringen.

– Du beskriv det som tøft, på kva måte?

– Kva skal ein seie … Det er mykje styrke, mykje fysisk, det er vel litt det som kjenneteiknar Leeds frå før, det er ein klubb som skal springe mest og vere i best fysisk form same kven vi møter. Det er sånn vi trenar og noko eg berre må bli vant til. Dei seier det tek ein månad eller to å bli van til det, og no har eg vore der ein månad og kjenner eg byrjar å komme godt inn i det, seier han.

– Er det mykje høgare kravet enn du hadde trudd?

– Det er Premier League, så kva kan ein forvente, liksom. Eg forventa at det skulle vere dei tøffaste krava i heile verda, svarer han.

– Bielsa er eit fotballgeni

Dei som følgjer Leeds tett vil neppe bli overraska over at det er høge fysiske krav i klubben. Leeds United-manager Marcelo Bielsa er kjend for ein spelestil som krev enormt mykje av heile laget.

Klaesson har førebels ikkje hatt veldig mykje å gjere med den svært profilerte manageren.

– Han er vel ikkje ein som snakkar mest med spelarane, men eg har sjølvsagt helst på han, og han er ekstremt aktiv på treningar. Han er eit fotballgeni rett og slett, det er så mykje fotballkunnskap i hovudet hans at det er fascinerande å sjå, humrar Klaesson.

– På kva måte?

– Måten han tenkjer fotball på. Han tenkjer sikkert på fotball når han søv òg, når han et, når han reiser … Eg trur det berre er fotball som betyr noko for han, då får ein resultat til slutt, seier han.

Football, UEFA Euro Under-21 Qualifier, Norway - Gibraltar

Kristoffer Klaesson redda nyleg straffe for den nye klubben sin.

Foto: MARIUS SIMENSEN / BILDBYRÅN NORWAY

Redda straffe

Førebels har Klaesson stått kampar for U23-laget til klubben. Han stressar ikkje med å få speletid i Premier League denne sesongen.

– Først og fremst no handlar det om å komme seg inn i rytmen og bli vant til den treningsmengda som er der. Det er ganske ulikt frå kva ein er vant til. Så handlar det òg om at eg skal utvikle meg som speler og «pushe» Illan (Meslier) så godt eg kan, seier han.

Reint sportsleg meiner han den første tida har handla om ein tilvenningsperiode, men kjenner sjølv han byrjar å komme bra inn i det.

Nyleg varta han òg opp med ei strafferedning for U23-laget i ein siger mot Crystal Palace.

– Det var gøy. Det var ei vanleg straffe der det var litt krangling om kven som skulle skyte, og då såg eg at han vart usikker. Då var det ikkje så mykje anna å gjere enn å redde, seier Klaesson med eit smil.

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal