Sesongen til Øystein «Pølsa» Pettersen kan stå i fare etter eit nytt tilbakefall av den mystiske sjukdommen som han har slitt med sidan oktober.
– Årsaka til at eg har havna i denne situasjonen er fordi belastningen på hausten blei for stor. Viss eg skal vere skuffa over noko, so må det vere at eg ikke fanga dette opp tidlegare.
Seinast torsdag forrige veka, sa Pettersen til Aftenposten at han endeleg kunne friskmelde seg sjølv.
Den friskmeldinga fekk seg ein knekk under helgas Hafjell Skimarathon. Det heile byrja bra, men etter rundt 45 minutt av løpet, gjekk Team United Bakeries-løparen på ein smell.
– Han hadde ikkje meir å gi. Han følte seg kjempepigg i byrjinga, men så var det stopp, seier lagleiar Henrik Henningsen Kvissel.
Hatar å kvile
Pettersen har ikkje fått trene som han vil denne sesongen, og har brukt mykje tid på sofaen. Det likar han dårleg.
– Det verste er å kvile. Eg hatar å kvile. Det er ein ting som er verre enn å kvile. Det er å gå skirenn utan ein kropp som fungerer.
Veteranen er blitt vant til å takle motgang, og har slitt med å prestere jamnt på toppnivå etter at han tok OL-gull på sprintstafetten med Petter Northug i Vancouver 2010.
– Har du vore inne på tanken om å legge opp?
– Nei, svarar han kontant.
Drømmen om Vasaloppet
Han er fast bestemt på å komme attende, men vil ikkje presse kroppen meir enn nødvendig. Det kan bety å stå over årets store mål.
– Det vil overraske meg om eg står klar til start på Vasaloppet
Lagleiar Kvissel tykkjer det er synd at Pettersen skal møte so mykje motstand.
– Øystein er jo ein positiv og glad fyr, men no er han veldig deppa og skuffa. Han hadde verkeleg håpa at kroppen ville fungere. Neste renn for langløparane er trass alt Vasaloppet der Øystein blei nummer 4 i fjor. I år skulle teamet og han saman kjempe om pallplassar.
Nytt tilbakefall
Pettersen starta langløpsesongen på verst tenkeleg vis, då han havna på sjukehus etter ein treningssamling på Mallorca. Då visste han ikkje kva som var gale. Seinare har han fått påvist rabdomylyse, som øydelgg muskelceller.
Etter gjentatte turar på sjukehus og tett oppfølging frå Olympiatoppen, har han kjempa seg sakte men sikkert tilbake i form.
No kan sesongen vere i fare, men Pettersen nektar å gi opp.
– Eg skal tilbake, jo før, jo bedre.