Hopp til innhold

NRK-ekspert pustar letta ut – meiner skadde Klæbo er i rute til vinteren

Johannes Høsflot Klæbo (25) er på veg til Utah i USA for å lade opp til ny vintersesong i høgda. NRK-ekspert Torgeir Bjørn meiner skiesset fekk viktige svar under Toppidrettsveka – omlag tre månader før sesongstart.

Toppidrettsveka

VISTE SEG FRAM: Johannes Høsflot Klæbo fekk premie for å ha vunne ein innlagd spurt på Hitra.

Foto: Norges Skiforbund / NTB

– Viss han ikkje har nokon kjenningar frå skaden, kan vi puste letta ut. For då er han i rute til vinteren, seier NRK-ekspert Torgeir Bjørn.

Han kommenterte Johannes Høsflot Klæbos to startar i Toppidrettsveka: 54 kilometer klassisk på Hitra og 15 kilometer fristil i Granåsen. Han meiner at skistjerna kan ha fått svar på det viktigaste før han skal prikke inn vinterforma, nemleg at han kan belaste kroppen som normalt.

OL-klare skyttere

NRK-EKSPERT: Torgeir Bjørn.

Foto: Terje Pedersen / NTB

– Han var lenge med i teten utan at han tok sjansen på fråspark i motbakkane i langløpet. Endå betre svar fekk han på 15-kilometeren i VM-anlegget i Granåsen. Han avslutta raskt og gjekk nesten ti sekund raskare enn Didrik Tønseth på den siste kilometeren, og han såg normal ut i gåinga, seier Bjørn.

Tønseth var raskast i 15 kilometer fristil i Granåsen. Klæbo var inne som nummer seks, 55 sekund bak landslagskollegaen.

– No går det an å puste letta ut. Vi ser at han kan belaste kroppen.

Rett til USA

Allereie måndag dreg Klæbo saman med managerpappa Haakon til USA for å køyre eige treningsopplegg før sesongstarten på Beitostølen 18. november. Han håpar på kortsiktig gevinst allereie i VM-et i vinter i Planica, men gjer det mest med tanke på langsiktig vinning i VM på heimebane i 2025.

Les også Klæbo-skaden verre enn først antatt: – Vi har ikke funnet noen forklaring

Johannes Høsflot Klæbo ved Sjusjøen

Rulleskiløpet på søndag gjekk på VM-stadion i Granåsen.

– Det er ein langsiktig plan med tanke på det som skal skje her i 2025. Desse løypene er tunge, så då treng ein den kapasiteten ein kan få, seier Klæbo til NRK.

Toppidrettsveka rulleski i Granåsen

GODT DRIV: NRK-ekspert Torgeir Bjørn syntest Klæbo såg betre og betre ut utover i løpet.

Foto: Claes-Tommy Herland / Norges Skiforbund / NTB

Han slit framleis med plager på baksida av låret og kan enno ikkje springe eller halde «Klæbo-klyvet» på den måten han skulle ønske. Sjølv om han ikkje er heilt frisk, set han kursen mot høgda i USA.

– Dette har vore ein plan sidan eg var yngre. Eg valte å ikkje dra til høgda då eg var 18, fordi eg følte at eg måtte tole å trene 1000 timar årleg først. No toler ein det og då er neste steg høgd. Det har vore ein del av ein større plan.

– Høydebiten er ein del av ein langsiktig plan som forhåpentleg gjev resultat med ein gong, seier Klæbo, som satsar på å nærme seg 60 døgn i tynnare luft før verdsmeisterskapen i Slovenia i februar.

Trenaren: – Ikkje eg som har bestemt

Sprinttrenar Arild Monsen forklarer at det først og fremst er eit ønske frå Klæbo sjølv å dra til høgda for å førebu seg.

– Han har jo lyst til å prøve eit opplegg som kulminerer her i 2025, der han har mange høgdedøgn i forkant. Han har bestemt det. Det er ikkje eg som har bestemt det, men det er heilt alright at han gjer det han har tru på, seier Monsen.

Langrenn, Treningsamling på Sjujsøen og Lillehammer

KLÆBO-TRENAR: Arild Monsen har ansvaret for Noregs sprintherrar.

Foto: Geir Olsen / NTB

– Han vil køyre det og har fått lov til det, i staden for å følgje landslaget. Det er heilt greit. Han reiser i morgon og skal ha eit nytt opphald i oktober og inn i november, før han blir med resten av gjengen.

Monsen og morfar Kåre Høsflot følgjer opp treninga frå Europa. Dialogen vil i hovudsak gå føre seg via telefon, men trenaren meiner avstanden neppe byr på dei heilt store utfordringane:

– Han er jo litt skadd, så det er ikkje så vanskeleg å leggje opp treninga. Han kan ikkje springe. Alt av raude økter er litt rulleski, seier Monsen.

Les også Kineser forbløffer langrennseliten: – Du blir litt sjokkert

59CBFAB6-47C6-4239-8F6E-EEFCF557B887

Raude økter karakteriserer dei som blir gjennomførte med høg intensitet, altså dei treningane som belastar kroppen hardast.

– Det blir ein roleg periode i starten, så blir det å kaste inn på eit par «pusteøkter» i veka og det blir på rulleski.

NRK-ekspert: – Sikker modell

Torgeir Bjørn meiner eit kjenneteikn for dei beste utøvarane er at er «utolmodige på kort sikt og tolmodige på lang sikt». Han rosar den raude tråden i treningsopplegget til Klæbo og støtteapparatet.

– Det er heilt klart at Klæbo saman med morfaren og kanskje Monsen har ein tydeleg plan på korleis dei skal utvikle seg stegvis. Først få på plass store nok treningsdosar. Når det er gjort, altså 1000 timar, så legg ein til systematisk høgdetrening, seier Bjørn – og legg til:

– Det viser at han er dedikert. Han gjer jo det han meiner er det beste, sjølv om det er å liggje ein månad i USA no.

Kåre Høsflot og Johannes Høsflot Klæbo.

VINTEREN VIKTIGST: Morfar Kåre Høsflot og Johannes Høsflot Klæbo under trening vinteren 2021.

Foto: Geir Olsen / NTB

Bjørn trekkjer parallellar til korleis Jakob Ingebrigtsen legg opp treninga si og øktene sine: Masse tid i høgda, for så å konkurrere og gjennomføre nokre hardøkter i låglandet.

– Det er ein sikker modell, etter mi meining.

For å stille best mogleg til sesongstart på Beitostølen og, endå viktigare, VM i Planica meiner han det er to ting som gjeld:

– Det viktigaste er at han ikkje blir hemma av skaden, og at han i løpet av hausten og forvinteren får nok harde økter – både muskulært og uthaldsmessig – i låglandet.

Siste nytt

  • Leicester rykket opp igjen til Premier League

    Leeds tapte hele 0-4 borte mot Queens Park Rangers fredag kveld. Dermed ser det ut til at et direkte opprykk glipper for den tradisjonsrike klubben, mens Leicester kan feire retur til Premier League neste sesong.

    Etter fredagens kamp har Leeds fire poeng opp til Leicester, men kun én kamp igjen å spille. Leicester har på sin side to kamper igjen å spille.

    For Leeds' del jakter Ipswich Town like bak. De er ett poeng bak Leeds, men har spilt to kamper mindre. Dermed vil fem poeng på de siste tre kampene sikre et opprykk for Ipswich.

    For Leicester ble oppholdet på nest øverste nivå i engelsk fotball kortvarig. Klubben som vant Premier League i 2016, rykket ned fra Premier League i fjor.

    Seieren til Queens Park Rangers gjør at de har sikret plassen på nest øverste nivå.

    Leicester
    Foto: AP
  • Medier: Liverpool og Feyenoord enige om Slot-overgang

    Arne Slot blir etter alt å dømme arvtakeren til Jürgen Klopp som Liverpool-manager. Ifølge flere medier har Feyenoord gått med på å slippe ham.

    Det skjer etter at Slot torsdag bekreftet at han ønsket seg til Liverpool.

    – Jeg vil gjerne til Liverpool. Nå venter jeg på å se om klubbene kommer til enighet. Jeg er veldig trygg på det, sa Slot til ESPN.

    Nå melder flere medier, blant dem The Athletic, at klubbene har kommet fram til en kompensasjon for nederlenderens tjenester. Også nederlandske medier hevder at Slot nærmer seg Liverpool-jobben.

    Liverpool har vært på managerjakt siden Klopp i vinter varslet at han kom til å gi seg ved sesongslutt. Tyskeren hadde egentlig to år igjen av kontrakten.

    I Nederland er 45-årige Slot kjent for å stå for en offensiv og energisk spillestil. Han ledet i fjor Feyenoord til serietittelen og fulgte i år opp med å vinne cupen.

    Slot tok for to år siden Rotterdam-laget til finalen i Serieligaen. Han leverte også sterke resultater som AZ Alkmaar-trener. (NTB)

    Arne Slot
    Foto: AFP
  • Stortalent herjet da Norge vant i VM-test

    Treningskampen mellom Norge og Danmark i Asker endte 4-3 fredag kveld etter spilleforlengelse.

    18 år gamle Michael Brandsegg-Nygård er blant verdens mest ettertraktede talenter og han viste hvorfor fredagens kamp.

    Brandsegg-Nygård ble kreditert alle Norges tre mål i ordinær tid.

    – Jeg vet ikke. To i hvert fall, sa Brandsegg-Nygård til TV 2 i pausen mellom andre og tredje periode.

    – Den gikk på skøyta mi, men så jeg ikke hva som skjedde etter. Jeg tror Petter (Vesterheim) slo den inn, sa Brandsegg-Nygård videre - noe også TV 2s kommentatorer konkluderte med.

    Norge ledet 3-1 etter den andre perioden, men Danmark kom tilbake i den tredje perioden og fikk utlignet til 3-3. Dermed ble det spilleforlengelse i Asker.

    Der var igjen Brandsegg-Nygård sentral og scoret Norges vinnermål i spilleforlengelsen.

    Norge og Danmark møtes til ny treningskamp lørdag. Deretter skal Norge spille to treningskamper borte mot Latvia neste uke, før VM starter 9. mai.

    Michael Brandsegg-Nygård
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal