Northug gjer som Dæhlie – bur på 3200 meters høgde

Petter Northug avsluttar høgdeopphaldet i Val Senales med eit ekstremt opplegg. Testprosjektet er å bu på 3212 meters høgde.

Northug på solfylt bre

HØGDEBOOST: Petter Northug håpar å få ein ekstra «høgdeboost» av å avslutte høgdesamlinga i Val Senales med å bu på 3200 meter over havet. Det håpar han vil gje formtopp i verdscupen i Kuusamo i slutten av november.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Som resten av dei mange langrennsløparane på breen i Val Senales, er Petter Northug i slutten av den siste høgdesamlinga før sesongstart. Men som einaste mann avsluttar 29-åringen høgdeopphaldet med å eksperimentere med noko han aldri har gjort før.

– Det er eit lite test-prosjekt, fortel Stig Rune Kveen til NRK på telefon frå Nord-Italia.

Gjev «boost» på høgdeeffekten

Dei siste tre dagane har nemleg Northug budd på hotellet «Glacier Hotel Glawald», eller «isbrehotellet» som ligg på 3212 meters høgde, og kallar seg det høgstliggande hotellet i heile Europa.

Hotellet ligg ved endestasjonen til gondolen Northug og landslaget brukar kvar dag for å kome opp til breen frå hotellandsbyen Maso Corto. Der har Northug budd på 2000 meters høgde dei fyrste vekene av samlinga og framleis går mesteparten av treninga føre seg på mellom 1600 til 1800-meters høgde.

Northug frys på breen

FOKUSERT: Sola skin ikkje alltid på breen i Val Senales, der Petter Northug både bur og trenar.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Men søvnen den tek Northug i den tørre lufta heile 3200 meter over havet. Det gjev han både fordeler og ulemper i forhold til konkurrentane.

– Det å legge inn dei siste dagane i den høgda vil auke produksjonen av raude blodceller. Det gjer at ein får ein «boost» på høgdeeffekten. Men det har ein risikofaktor, og det er at det er mykje enklare å bli sjuk når ein søv i den høgda, forklarer NRKs langrennsekspert, Fredrik Aukland.

Fredrik Aukland

SPENNANDE: NRKs langrennsekspert Fredrik Aukland meiner Petter Northug viser at han verkeleg meiner alvor denne sesongen.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

– Viser at han vil utvikle seg

Trenar Kveen innrømmer at det heile er eit risikoprosjekt, men at det er ein risiko teamet er viljuge til å ta.

– Petter har god erfaring med mykje høgdetrening og dei siste to høgdesamlingane har han avslutta med å bu høgare oppe. Det har fungert veldig bra når han har kome tilbake i låglandet. Til nå fortel Petter at han føler seg veldig sterk på trening.

Aukland trur også Northug gjer riktig i å eksperimentere.

– Det viser at Petter vil ta nye steg og utvikle seg. Han er kapabel til å tole ei slik belastning og eg synest det er riktig av Petter å tenkje i dei banene denne sesongen, seier Aukland.

LANGRENN DAEHLIE

HØGDEDYR: Petter Northug er inspirert av Bjørn Dæhlie som fleire gonger avslutta høgdeopphalda med å bu på over 3000 meters høgda. Her er Dæhlie på høgdesamling i Italia før OL i Nagano i 1998.

Foto: CALLE T RNSTR M / NTB scanpix

Og det er heller ikkje noko nytt at skiløparar bur på ei slik høgde. Bjørn Dæhlie og Ole Einar Bjørndalen er to av dei som har inspirert Northug.

– Mange av landslagsløparane gjorde dette på 90-talet, men det har ikkje vore like vanleg dei siste åra.

– Kvifor gjer ikkje fleire enn Northug dette?

– Det er den store risikoen for å bli sjuk og det er heller ikkje alle som ynskjer å vere så lenge i høgda som meir enn 20 dagar. Viss ein er i høgda kortare enn det, kan det bli ein for stor overgang å bu på 3000 meter, seier NRKs langrennsekspert.

Siste nytt

  • Slapp møte med storfavoritt Györ

    Vipers Kristiansand skal møte CSKA Moskva i semifinalen i mesterligaen. Det ble klart etter trekning i ettermiddag. Dermed slapp kristiansandslaget å møte storfavoritt Györ før en eventuell finale. Semifinalene spilles lørdag 29. mai.

    Handball, Rema 1000-ligaen, Flint - Vipers
    Foto: VEGARD WIVESTAD GRØTT / BILDBYRÅN
  • Ada Hegerberg ute denne sesongen

    Ada Hegerberg kommer ikke tilbake på banen for Lyon denne sesongen, men sikter mot neste sesong. Det melder klubben på sitt nettsted.

    Hegerberg har ikke spilt siden hun pådro seg en korsbåndskade i januar i fjor. På ettersommeren gjennomgikk hun en ny operasjon for å fikse en gammel skade, men rehabiliteringen har tatt lenger tid enn forventet.

    Nå har hun ifølge klubben gitt opp å gjøre comeback denne sesongen. I stedet prøver hun å bli klar til sesongforberedelsene til 2021-22-sesongen.

    Det har kommet få nyheter om Hegerberg fra Lyon under hennes skadeperiode, men før juli i fjor meldte klubben at kontrakten hennes er forlenget til 2024. (NTB)

    Hegerberg
    Foto: JEFF PACHOUD / AFP
  • Leier ut lillebror Hauge igjen

    Bodø/Glimt og Stjørdals-Blink er enige om en utlånsavtale for angrepsspilleren Runar Hauge (19).

    Det opplyser eliteserieklubben selv på sine nettsider tirsdag. Hauge er lillebror av Milan-proffen Jens Petter Hauge, som gjorde det strålende for Glimt i fjorårets sesong.

    Stjørdals-Blink berget plassen i 1. divisjon etter å ha spilt kvalifisering forrige sesong. Foran årets er spillerstallen allerede forsterket med en annen Glimt-spiller, Aleksander Foosnæs.

    zuyEOcMdB_o
    Foto: Mats Torbergsen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal