– Når denne avgjerda er tatt, er vi naturlegvis nøgde med at vi forhandlar med Petter Northug som er ei av dei største idrettsstjernene i landet, seier Svein Fanebust, direktør i Coop Norge. Han håpar at avtalen skal vere klar i løpet av ei til to veker.
I går kunngjorde Petter Northug
for å satse åleine og trene på eiga hand fram til langrennssesongen startar i november.Avtalen skal finansiere drifta av Noregs største idrettsstjerne.
- Les:
Northug-brød og barneskirenn?
Men daglegvarekjeda vil ha meir ut av avtalen enn å knyte namnet til Northugs meisterskapsmedaljar. Dei skal knyte Northugs namn til eigne produkt, og kan gje langrenns-esset endå meir pengar.
- Les:
– Kanskje kan vi lansere eit Northug-brød eller ein Northug-juice. Vi har ambisjonar om ein skifestival for barn, a la Norway Cup, og bruke Northug der, seier Fanebust.
Han trur avtalen vil hjelpe Northug til å bli endå betre.
– Det dreier seg etter det Northug seier sjølv å få evne til å hente dei 2–3 prosentane ekstra som er nødvendig for å bli verande i troppen. Vi vil gjere alt for å hjelpe han til så mange medaljar som mogeleg i OL og VM og vidare i karrieren, seier Fanebust.