Hopp til innhold

Nordmenn «invaderer» tyrkisk fotball: – Ein blir forguda

Det er no 13 norske fotballproffar i Tyrkia. Dei fortel om ein ekstremt lidenskapeleg fotballkultur - og ein kvardag der ein blant anna kan bli bedt om å stille seg framst i butikk-køar.

Zlatko Tripic, Martin Linnes, Zymer Bytyqi

POPULÆRE: Nordmenn har vorte veldig populære i tyrkisk fotball. Zlatko Tripic, Martin Linnes og Zymer Bytyqi speler alle i tyrkisk fotball.

Foto: NTB

– Eg meiner Noreg skal vere stolte av det, for det er ei tillitserklæring frå Tyrkia. Det kjem berre til å bli fleire nordmenn her i framtida, seier Zlatko Tripic, som speler for Göztepe.

Det siste året har såpass mange som ti spelarar med norsk pass meldt overgang til tyrkisk fotball. Åtte av desse speler på øvste nivå.

Sterkt ønskte av tyrkiske klubbar

Tripic melde sjølv overgang til Göztepe for eit drygt år sidan, etter at kontrakten hans med Viking gjekk ut.

– Det har vore veldig bra. Eg spelt mykje og skåra nokre av dei beste måla eg har skåra i karrieren min, seier han.

NM fotball, menn (finale): Haugesund - Viking (0-1)
Foto: Fredrik Hagen / NTB

Han trur norske spelarar har eit godt rykte i Tyrkia.

– Heile klubben, teamet, trenaren og sportsdirektøren ønskjer deg sterkt. Eg snakka med Bytyqi som opplevde det same. Han seier at han aldri har følt seg så ønskt av ein klubb, seier han.

– Sjukaste kjensla

Men mannen mange trekkjer fram som den som starta heile den norske bølgja, er landslagsspelar Martin Linnes

– Den siste tida har det jo eksplodert, for dei verdset hardtarbeidende og lojale spelarar, seier Linnes til NRK.

Den norske backen har verkeleg funne seg til rette i Istanbul, sjølv om han var ute av troppen i fire månader.

No er han inne i varmen igjen, og speler jamt og trutt for toppklubben. Han meiner lidenskapen frå alle involverte er noko av forskjellen frå Noreg og Tyrkia.

– Ein føler seg spesiell, på ein måte. Det kjennest som fotball er det viktigaste i heile verda her nede, seier Linnes.

Galatasaray fans light flares to celebrate their goal against Fenerbahce during the Turkish Super League derby soccer match between Galatasaray and Fenerbahce in Istanbul
Foto: Murad Sezer / Reuters

Men noko av det beste ved å spele i ein tyrkisk toppklubb, er trykt på ein fullsett tribune i Istanbul.

– Det er den sjukaste kjensla eg har opplevd nokosinne. Ein føler ein kan flyge og kjenner på krefter som ein ikkje har kjent på før. Det er noko heilt eige ved det, fortel han.

– Dei er fanatiske

Imad El Hammichi, som er agent for Tyrkia-proff Zymer Bytyqi, fortel at interessa frå tyrkiske klubbar var stor.

– Dei er kjensleladd folkeslag og tek val basert på kjensler. Samtidig så er dei ubesluttsomme i vala dei gjer, seier El Hammichi til NRK.

Han trur, som mange andre, at det berre kjem fleire og fleire nordmenn til tyrkisk fotball.

– Tyrkarane er veldig ivrige. Eg får hundrevis av førespurnader frå agentar og klubbar, så ein merkar eit stort trykk rundt norske spelarar, fortel agenten.

Morten Gamst Pedersen var i si tid òg ein del av tyrkisk fotball. Han drog frå Blackburn til Karabükspor i 2013 og vart der i eitt år.

– Eg hugsar det på både godt og vondt. Det var ei spennande utfordring i eit land med ein fotballkultur som er heilt ekstrem. Dei er fanatiske på dei områda, seier «Gamsten», og utdjupar:

– Dei elskar deg når du kjem, og du får eit heilt anna trykk i kvardagen. Ein blir forguda i enkelte område. Til dømes når ein står i kø i matbutikken som vanleg, men så ber dei deg om å gå fremst i køen, seier han.

Eliteserien fotball 2016: Tromsø IL - Vålerenga (0-3)

TYRKIA-PROFF: Morten Gamst Pedersen valde tyrkisk fotball etter ein suksessfull periode i Blackburn.

Foto: Rune Stoltz Bertinussen / NTB

Politisk uro

Men det har skjedd mykje politisk sett i Tyrkia. President Erdogan har sidan kuppforsøket i 2016 stramma inn grunnlova. Kommentator i Bergens Tidende og Tyrkia-ekspert Morten Myksvoll fortel at det er rolegare tider i Tyrkia no, men dersom ein demonstrerer blir ein arrestert. Dessutan er det ei økonomisk krise i landet.

Men det at fotballspelarar frå andre land i Europa dreg til tyrkisk fotball ser han ikkje på som særleg problematisk.

– Eg trur det er fornuftig med opne grenser til Tyrkia. At spelarar dreg dit kan vere med på å halde Tyrkia i den europeiske folden. Å støyte dei frå oss er ikkje vegen å gå. Men viss fotballspelarar ikkje vil til Tyrkia, kan eg forstå det òg, seier Myksvoll til NRK.

Siste nytt

  • Ny teknikktrener for alpinkvinnene: – Glade for at vi er attraktive for de beste trenerne i verden

    Østerrikske Johannes Zöchling (44) har blitt ansatt som ny hovedtrener for de norske alpinkvinnenes teknikklag.

    Det skriver Norges Skiforbund i en pressemelding.

    – Vi er glade for at Johannes velger å bli med oss og ser fram til å få han på laget. «Hannes» har en sterk og variert bakgrunn, med gode resultater, forteller alpinsjef Claus Johan Ryste.

    Zöchling kommer fra Det østerrikske skiforbundet, hvor han har jobbet i ulike roller de siste 15 årene. Blant annet har han hatt ansvaret for kvinnenes teknikklag i seks år, mens han de siste tre sesongene har hatt ansvar for rekrutteringslandslaget på herresiden.

    Østerrikeren tar over for Janne Haralla, som har fått en rolle i den amerikanske superstjernen, Mikaela Shiffrins, lag. (NTB)

    Thea Louise Stjernesund i Kranjska Gora
    Foto: BORUT ZIVULOVIC / Reuters
  • Chelsea bekrefter: Enzo mister resten av sesongen

    Chelseas Enzo Fernandez mister resten av sesongen, det melder klubben på sine nettsider.

    Argentineren har vært under kniven på grunn av et lyskeproblem, og Chelsea bekreftet at operasjonen var vellykket. Samtidig betyr det at han er ute resten av sesongen.

    23-åringen har spilt 62 kamper for klubben etter at de hentet ham i januar i fjor.

    Carabao Cup - Final - Chelsea v Liverpool
    Foto: HANNAH MCKAY / Reuters
  • Wada skal etterforskes etter kritikk i dopingsak

    Verdens Antidopingbyrå (Wada) har bedt om en uavhengig gjennomgang av byråets håndtering av saken om en mulig dopingsak med noen av verdens beste svømmere.

    Ifølge Wada skal sveitseren Eric Cottier få adgang til sakens innhold og gi sin vurdering av byråets behandling av saken. Wada opplyser at arbeidet ventes å være ferdig om to måneder.

    – Wadas integritet og omdømme er under angrep. I de siste dagene er Wada blitt anklaget for partiskhet overfor Kina, opplyser antidopingbyrået.

    Lørdag kom nyheten om at kinesiske svømmere hadde spor av hjertemedisinen trimetazidin i prøver avgitt noen måneder før sommerlekene i 2021. 13 av dem deltok i OL i Tokyo.

    Kinesiske antidopingmyndigheter har avvist anklagene og hevder at utøverne skal ha fått i seg stoffet i mat under et stevne.

    Senere stilte Wada seg bak den forklaringen. Det har fått blant andre Det amerikanske antidopingbyrået (Usada) til å reagere sterkt. Den amerikanske antidopingsjefen Travis Tygart gikk mandag hardt ut mot Wada og mente at de dekket over for kineserne. (NTB)

    Soccer FIFA 2034 World Cup
    Foto: Hassan Ammar / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal