Nasjonsligaen – offisielt UEFA Nations League – er ei ny turnering som for første gong skal spelast neste haust. Men allereie no etter VM-kvalifiseringa er divisjonsinndelinga og seedingsnivåa klare.
Det har lenge vore klart at Norge blir i divisjon C, altså tredje nivå. I går blei det også klart at vi blir på seedingsnivå to i den divisjonen.
Motstandarar blir ein av kvartetten Ungarn, Romania, Skottland og Slovenia, pluss eitt av laga Montenegro, Israel, Bulgaria og Finland.
I tillegg kan det bli enten Kypros, Estland eller Litauen. Eller Norge kan hamne i gruppa som berre har tre lag.
Gruppene skal trekkjast 24. januar, og dei fire eller seks kampane skal spelast i september, oktober og november 2018.
Liga med opp- og nedrykk
Nasjonsligaen er ein liga der alle dei 55 UEFA-medlemslanda er med. Den er samansett av fire divisjonar med opp- og nedrykk. Ligaen skal spelast annakvart år, og divisjonsvinnarane rykkjer opp.
Siste lag i kvar divisjon rykkjer ned. I divisjon C, der Norge er, blir det nedrykk for laga som blir nummer fire, pluss det dårlegaste tredjeplasserte laget. Dette fordi det er ulikt tal lag i gruppene.
Våren 2020 skal dei beste laga som ikkje er klare for EM gjennom den ordinære kvalifiseringa, spele sluttspel om fire EM-plassar.