Hopp til innhold

Etter Carlsen-press: Noreg trekkjer søknaden om sjakk-VM 2020

På grunn av ytringane frå Magnus og Henrik Carlsen trekkjer Stavanger seg som norsk søkjarby for sjakk-VM neste år.

Carlsen

BELASTNING: Magnus Carlsen har tidlegare gitt uttrykk for at han ikkje vil spele VM-kamp i Stavanger

Foto: Carina Johansen / NTB scanpix

Det melder Norway Chess. Bakgrunnen er at Magnus Carlsen nyleg signaliserte at han vurderte å ikkje stille opp, og Henrik Carlsens facebook-innlegg i dag der han ber om at Stavanger trekkjer seg.

I føremiddag gjorde Stavanger nettopp det.

– Vi er veldig skuffa over utfallet av denne saka. Regionen har stått samla bak dette initiativet og jobba iherdig for å få eit sjakk-VM realisert i Stavanger. Vi er imponert over den profesjonelle og ryddige innsatsen frå Altibox Norway Chess, og er stolte av det ein har bygd opp i vår region, seier Stavanger-ordførar Christine Sagen Helgø og fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal i ei pressemelding frå Norway Chess.

Styreleiar for Norway Chess, Kjell Madland, omtaler nådestøytet som «utruleg trist».

– Vi har jobba knallhardt med å få til dette, både i Norge og opp mot Fide (Det internasjonale sjakkforbundet). Vi har kome veldig, veldig langt. Det er veldig trist fordi det kunne blitt tidenes VM i Norge, seier Madland til NRK.

Facebook-utspel

Tidlegare på føremiddagen la Henrik Carlsen ut eit innlegg på Facebook, med kritikk av prosessen fram mot valet av Stavanger som norsk kandidat.

Carlsen

VIL VEKK FRÅ STAVANGER: Henrik Carlsen meiner Stavanger bør trekkjast vekk som norsk søkjarby til neste års sjakk-VM

Foto: Carina Johansen / NTB scanpix

– Vi ber om at norsk sjakk og Stavanger legg til side kampen om eit VM på heimebane i denne omgang, og at dei fantastiske arrangørane og støttespelarane i Stavanger likevel held fram med den utmerka tradisjonen Norway Chess, skriv Henrik Carlsen – far til Magnus Carlsen – i eit innlegg på Facebook.

I innlegget skriv han at sentralstyret i NSF «merkeleg nok» skulle gjere vedtaket om kven som skulle vere offisiell norsk søkjarby, og at Magnus Carlsen ikkje var ein formell høyringspart.

Magnus Carlsen skal forsvare VM-tittelen sin hausten 2020.

Men Henrik Carlsen meiner det er ei for stor belastning for Magnus å spele VM-kamp heime i Noreg, men langt frå sitt heimemiljø.

– Eksponering og høge forventningar

– Magnus har sjølvsagt ingenting imot Stavanger som by eller som sjakkarrangør generelt, skriv Henrik Carlsen.

– Å spele VM på heimebane er på den eine side ein heilt unik draum som kan gå i oppfylling ein eller annan gong. Men det er også ei sportsleg ulempe på grunn av meir eksponering og trykk frå høge forventningar. Magnus opplever at full heimebane i Oslo og nær Bærum derhan har budd i store deler av livet kunne kompensere for ein del av denne ulempa, skriv Carlsen.

Sidan i fjor haust har Stavanger samla inn nærmare 30 millionar kroner frå sponsorar og offentlege midlar frå fylke og kommunen til arbeide med å få VM til Stavanger.

– Det meste av tida har vi jobba utan løn, så vi har ikkje brukt enormt med pengar. Men sjølvsagt har vi brukt ressursar – og penger også. Vi har brukt enorme mengder med timar, og vi har henta inn mykje penger, seier Madland.

Han meiner dei ikkje kunne ha gjort så mykje annleis.

Med fasit i hand ville vi ikkje lagt ned ein time i dette, men no er det slik at det alltid er enkelt med fasiten.

– Burde de ha sondert terrenget med Carlsen tidlegare?

– Eg meiner vi har gjort alt vi kunne i denne saka. Vi har vore opne, og alle har kjent til at vi har jobba med saka.

Sjakkpresidenten tek sjølvkritikk

Madsen

SJØLVKRITIKK: - Kanskje burde vi lytta meir til Magnus' behov, seier sjakkpresident Morten Madsen

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Sjakkpresident Morten Madsen meiner utspelet er ryddig, og tek litt sjølvkritikk for prosessen då Stavanger blei vald.

– Det er eit ryddig utspel frå Henrik, basert på at det er krevjande for Magnus å spele eit VM på heimebane i Noreg. Det har vi sett tidlegare under Norway-Chess og turneringar han har hatt i heimlandet. Så har det vore ei ekstra belastning for han å klare å maksimere prestasjonen sin. Det verkar som han spelar lettare når han er i utlandet, seier Morten Madsen til NRK.

Han forklarer valet av Stavanger.

– Vi tok ei avgjerd basert på mange variablar, mellom anna vurderte vi kva for søkjarby som kunne stå seg best mot den internasjonale konkurransen, mot for eksempel konserthuset i Wien og Austerrike sitt kandidatur. Og Stavanger var det alternativet som vi meinte var best sportsleg og økonomisk.

– Så kan ein i ettertid, etter å ha fått litt meir innsikt i kva som var den eigentlege grunnen til Magnus, ta litt sjølvkritikk på at vi burde lytta meir til med tanke på hans behov. Men det var ein vanskeleg situasjon, og vi beslutta det vi gjorde. Henrik og dei har også litt forståing for det, samstundes som dei veit at det ikkje var så enkelt.

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal