Hopp til innhold

Noreg til VM utan skiskyttarar: – Litt skremmande

Vinteridrettsnasjonen Noreg har ikkje éin einaste skiskyttar som er god nok for Ski-VM for parautøvarar. No trappar forbundet opp jakta på skistjernene i framtida.

Skiskyting, para

VM UTAN NOREG: Nils-Erik Ulset håpar å rekruttere nye skiskyttartalent slik at Noreg kan stille med utøvarar i VM i framtida.

Under Ski-VM for parautøvarar samlast håpefulle medaljejagarar frå heile verda i Östersund. Men i skiskyting glimrar Noreg med sitt fråvær.

For medan Johannes Thingnes Bø og co. herjar i verdscupen, sender ikkje den tradisjonsrike vinteridrettsnasjonen éin einaste skiskyttar til VM for parautøvarar.

– Det er litt skremmande, seier Noregs store langrennstjerne, Vilde Nilsen.

– Eg trur det står på rekrutteringa, og at ho har vore for dårleg. Vi er nøydde til å bli meir synleggjorde, meiner ho.

VM snøsport for parautøvere

STJERNEUTØVAR: Vilde Nilsen er blant verdas beste para-langrennsløparar. Tidlegare satsa ho også på skiskyting.

Foto: Samuel Andersen / NTB

Nils-Erik Ulset sin karriere varte i nesten 20 år, men i fjor sa den meritterte skiskyttaren takk for seg. 39-åringen var den einaste aktive para-skiskyttaren i Noreg før han la opp. No har det oppstått eit vakuum.

Det er jo frykteleg synd. Eg skulle gjerne sett at nokon tok over etter meg. Skiskyting er den råaste vinteridretten vi har, seier han.

Jens Skjerven er prosjektleiar for para og breidde i Norges Skiskytterforbund. Han vedgår at resultatlistene blir fri for nordmenn i VM.

– Det er dessverre vanskeleg å finne utøvarar som kan utviklast til nivået som trengst på landslaget. Det er eit mål, men det tek nokre år før vi ser frukter av arbeidet i verdscupen, fortel han.

Trur klubbane er redde

Ulset er tilsett som fagkonsulent innan paraidretten i Møre og Romsdal idrettskrins. Han sit også i ei gruppe som skal jobbe med å få nye parautøvarar inn i skiskyttarsporten.

Det er tynt med utøvarar no, men forbundet har ein strategi for framtida, fortel han.

I langtidsplanane til skiskyttarforbundet for 2022–2026 heiter det at dei skal «leggje til rette for at utøvarar med funksjonsnedsetjing får like moglegheiter som funksjonsfriske. Prosjektet skal også sørgje for utvikling av framtidige landslagsutøvarar».

Nils Erik Ulset

LAGT OPP: Nils-Erik Ulset.

Foto: MOHD RASFAN / AFP

Ifølgje Ulset jobbar dei aktivt ut mot klubbane med rekruttering. Han håpar at paraidrett vil bli ein like naturleg del av idrettslag som andre sportar, og vil gjere det enklare for klubbane å fange opp talenta som finst. Slik kan framtidas parastjerner formast frå ung alder, håpar han.

Det er ei utfordring å få utøvarar inn i klubbar. Det er ukjent og uvant for klubbane, og dei er redde for å gjere feil. Vi prøver å sørgje for at klubbane er tryggare til å ta imot den gruppa, seier Ulset.

Skjerven er samd med Ulset i at nokre klubbar er litt usikre på korleis dei kan leggje til rette for parautøvarar. Forbundet kan stille med utstyr til parautøvarar og hjelpe klubbane med å komme i gang.

– Så fort vi høyrer om nokre utøvarar, tek vi kontakt og prøver å samarbeide med den lokale klubben. Dei treng ikkje å vere redde for at det er vanskeleg, det handlar berre om litt tilrettelegging. Det er små ting og tilpassingar, som litt enklare tilgang til løyper, seier Skjerven.

Nilsen slutta med skiskyting

Ifølgje han har det vore ein trend at ein tidleg kastar parautøvarar ut i konkurransar, utan at dei eigentleg har grunnlaget på plass.

– Då har dei ikkje nivået inne, og det er ikkje sunt for idretten. Det er synd at det ikkje er med nokon i Östersund, men samtidig er det bra at eg ikkje gjer comeback berre for at vi skal ha nokon der, meiner Ulset.

Les også Alpinisten er for låg til å stille i VM: – Diskriminerande

Thomas Daae

Ifølgje Vilde Nilsen er det meir vanleg hos utanlandske nasjonar at utøvarane satsar både på langrenn og skiskyting. Ho var tidlegare i same situasjon, men valde til slutt å låse børsa inn i skapet.

Dermed mista skiskyttarsporten nok eit stort talent.

– For å bli best i det eine eller det andre, må ein satse på det eine. Eg kunne ha satsa på begge, men då kjenner eg at eg ikkje kunne ha gått 100 prosent inn for det, fortel Nilsen om avgjerda.

Skjerven fortel at dei samarbeider godt med Skiforbundet for å vekkje skiinteressa hos nye talent. Mellom anna under Ridderrennet i mars blir ungdom inviterte til å komme og teste vinteridrettane.

– Sjølv om det er forskjellar mellom langrenn og skiskyting, er dei også veldig like. Å auke samarbeidet gir berre fordelar, det er vinn-vinn for begge, meiner Skjerven.

Les også Fem av assistentane til Vadseth har slutta: – Lettare å få pengar til røyketeppe enn sykkel

Hanne Vadseth og ledsager Marte Pensgaard Hansen.

Siste nytt

  • Leicester rykket opp igjen til Premier League

    Leeds tapte hele 0-4 borte mot Queens Park Rangers fredag kveld. Dermed ser det ut til at et direkte opprykk glipper for den tradisjonsrike klubben, mens Leicester kan feire retur til Premier League neste sesong.

    Etter fredagens kamp har Leeds fire poeng opp til Leicester, men kun én kamp igjen å spille. Leicester har på sin side to kamper igjen å spille.

    For Leeds' del jakter Ipswich Town like bak. De er ett poeng bak Leeds, men har spilt to kamper mindre. Dermed vil fem poeng på de siste tre kampene sikre et opprykk for Ipswich.

    For Leicester ble oppholdet på nest øverste nivå i engelsk fotball kortvarig. Klubben som vant Premier League i 2016, rykket ned fra Premier League i fjor.

    Seieren til Queens Park Rangers gjør at de har sikret plassen på nest øverste nivå.

    Leicester
    Foto: AP
  • Medier: Liverpool og Feyenoord enige om Slot-overgang

    Arne Slot blir etter alt å dømme arvtakeren til Jürgen Klopp som Liverpool-manager. Ifølge flere medier har Feyenoord gått med på å slippe ham.

    Det skjer etter at Slot torsdag bekreftet at han ønsket seg til Liverpool.

    – Jeg vil gjerne til Liverpool. Nå venter jeg på å se om klubbene kommer til enighet. Jeg er veldig trygg på det, sa Slot til ESPN.

    Nå melder flere medier, blant dem The Athletic, at klubbene har kommet fram til en kompensasjon for nederlenderens tjenester. Også nederlandske medier hevder at Slot nærmer seg Liverpool-jobben.

    Liverpool har vært på managerjakt siden Klopp i vinter varslet at han kom til å gi seg ved sesongslutt. Tyskeren hadde egentlig to år igjen av kontrakten.

    I Nederland er 45-årige Slot kjent for å stå for en offensiv og energisk spillestil. Han ledet i fjor Feyenoord til serietittelen og fulgte i år opp med å vinne cupen.

    Slot tok for to år siden Rotterdam-laget til finalen i Serieligaen. Han leverte også sterke resultater som AZ Alkmaar-trener. (NTB)

    Arne Slot
    Foto: AFP
  • Stortalent herjet da Norge vant i VM-test

    Treningskampen mellom Norge og Danmark i Asker endte 4-3 fredag kveld etter spilleforlengelse.

    18 år gamle Michael Brandsegg-Nygård er blant verdens mest ettertraktede talenter og han viste hvorfor fredagens kamp.

    Brandsegg-Nygård ble kreditert alle Norges tre mål i ordinær tid.

    – Jeg vet ikke. To i hvert fall, sa Brandsegg-Nygård til TV 2 i pausen mellom andre og tredje periode.

    – Den gikk på skøyta mi, men så jeg ikke hva som skjedde etter. Jeg tror Petter (Vesterheim) slo den inn, sa Brandsegg-Nygård videre - noe også TV 2s kommentatorer konkluderte med.

    Norge ledet 3-1 etter den andre perioden, men Danmark kom tilbake i den tredje perioden og fikk utlignet til 3-3. Dermed ble det spilleforlengelse i Asker.

    Der var igjen Brandsegg-Nygård sentral og scoret Norges vinnermål i spilleforlengelsen.

    Norge og Danmark møtes til ny treningskamp lørdag. Deretter skal Norge spille to treningskamper borte mot Latvia neste uke, før VM starter 9. mai.

    Michael Brandsegg-Nygård
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal