Vadseth er svaksynt, og treng ein følgjeperson for å konkurrere. I Noreg finst det ingen følgjeperson-ordning retta mot toppidrett, og ho må difor søke hjelp gjennom BPA-ordninga til Nav.
Ho er busett i bydel Nordre Aker i Oslo, og der får ho rett på seks timar i veka, og løna er på 180 kroner timen.
– Det er heilt umogleg å få til. Medan dei andre er på ski og får framgang, så står eg på staden kvil. Eg blir stangande i veggen, seier Vadseth til NRK.
Det kjem ein ikkje langt med når alpinistar har over 200 reisedøgn i året, og trenar i fleire timar om dagen.
– Det kan samanliknast med at eg får ein tandemsykkel, men får ikkje dekka den piloten som skal sykle den tandemsykkelen. Ein håplaus situasjon, seier Vadseth.
Vond sirkel
Den låge løna og dei få timane i veka har resultert i at fem av følgjepersonane til Vadseth har slutta.
Sidan ho treng at nokon blir med ho på vekevise samlingar og konkurransar rundt om i verda, må ho spare opp timane, og då tek det lang tid mellom kvar gong følgjepersonen får løn.
VIL SATSE: Hanne Vadseth.
Foto: Terje Bendiksby / NTB– Du blir ikkje rik av det, akkurat. Det er stort sett ein jobb studentane tek, og dei er avhengig av å få inn ei stabil løn. Det er heilt umogleg å få til når eg har så få timar som eg har, seier Vadseth og held fram:
– Stort sett blir dei verande til dei finn seg noko betre, og så sluttar dei, seier ho.
Det resulterer i at alpinisten aldri får ei stabil utvikling på treninga, og brukar dessutan all hjelpa ho får på følgjeperson. Treng ho hjelp i heimen, må ho be familien frå Molde.
– Når eg først har fått nokon og byrjar å nærme meg nivået eg var på, forsvinn dei ut. Då går det lange periodar der eg ikkje veit kva som kjem til å skje, for følgjepersonar som kan stå på ski veks ikkje på tre, seier ho.
– Kva fekk du som svar då du tok det opp med bydelen?
– Eg har søkt om å få fleire timar, og då fekk eg beskjed om at eg kunne kjøpe ergometersykkel og at eg kunne trene på Bislett stadion ein gong i veka, for der fekk eg følgjeperson. Det var det. Det var ikkje så nøye kva eg hadde lyst til, seier Vadseth.
Ho meiner det ikkje er rart at det er så få svaksynte utøvarar i Noreg.
– Det er ein grunn til at det er veldig få synshemma idrettsutøvarar i Noreg, det er jo fordi den mølla blir for tung, seier ho.
Kommunikasjonsrådgivar Lene Rustad ved Nordre Aker bydel seier til NRK at bydelen har ei rettleiingsplikt overfor personar som søkjer tenester.
– I tilfelle der vedtak og tildelte timar ikkje dekkjer søkjars ønskje, informerer bydelen om moglegheiter og tilbod som kan vere aktuelle. Vi oppmodar søkjarar som er usamd i vedtaket sitt om å nytte seg av klageretten sin, seier ho.
Attraktivt internasjonalt
Heldigvis har ho fått ein følgjeperson i Marthe Pensgaard Hansen, som har halde på med alpint sidan ho var seks år, men Vadseth kjenner på at ho aldri får lønna ho ordentleg.
DUO: Marthe Pensgaard Hansen er følgjepersonen til Vadseth, og trivast med det.
Foto: PRIVATAllereie er 100 av 300 timar dekt av Nav, brukt opp, og ho har mange timar frå fjorårets sesong som enno ikkje er betalt.
Under VM i snøsport var Vadseth og Hansen dei einaste deltakarane med jobb ved sida av.
Internasjonalt har følgjeperson-jobben ein heilt anna status enn i Noreg, kan Vadseth fortelje. Der er følgjepersonane tilsett gjennom hæren eller andre statlege stillingar.
– Då blir dei verande over lang tid. På langrennssida er det fleire som har takka nei til OL-plassar for å heller vere følgjeperson, for det er eit betre tilbod, seier Vadseth.
TEAM: Heile troppen til para-alpinlandslaget samla på Hafjell under VM i snøsport.
Foto: PRIVATBlir vurdert på lik linje
Rustad i Nordre Aker fortel at personar som ikkje er i stand til å delta på fritidsaktivitetar åleine, normalt får innvilga støtte til støttekontakt tre timar per veke.
– Bydelen har kontakta Idrettsforbundet og Skiforbundet for å undersøkje moglegheita for støtte, stipend og følgjesperson, seier Rustad.
Ho understrekar at funksjonshemma idrettsutøvarar blir vurdert på lik linje med andre som søkjer tenester.
– Etter helse og omsorgslova §3-1 skal bydelen tilby nødvendig helse og omsorgstenester. Bydelen må òg ta omsyn til likebehandling med tanke på fordeling av ressursar, legg ho til.
Lite tilpassa system
På grunn av manglande resultat står Vadseth utanfor landslaget. Det betyr igjen at fleire av kostnadane ligg på utøvaren sjølv.
Landslagstrenar Hans Blattmann tykkjer det er seigt at Vadseth har hamna i ein slik situasjon.
– Vi hadde håpa at det kunne vore betre støtteordningar for dei som er i utviklingsfasen inn mot landslagsnivå, men det er ganske tungt. Pengane er vanskeleg å få tak i og det er mange rare system du må lese deg opp på, seier Blattmann til NRK.
VIL HA ALLE MED: Landslagstrenar Hans Blattmann.
Foto: Thomas Brun / NTBHan meiner systemet ikkje er tilpassa idrett.
– Det er lettare å få pengar til eit røyketeppe på Nav enn å få støtte til ein ergometersykkel, for folk som er lam, seier han og held fram:
– Toppidrett fell utanfor dei normale støtteordningane som Nav har. Det burde vore lettare å få tak i utstyret for dei som treng det, og å få pengar til følgjeperson, seier han vidare.
På spørsmål om kva bydelen gjer for å leggje til rette for personar kan bruke støtteordningar som finst, svarer Rustad:
– I den grad vi er kjende med støtteordningar, informerer vi dei det er aktuelt for, seier Kommunikasjonsrådgivaren.
Norsk paraidrett heng etter
Vadseth er i alle fall klar på ein ting. Om ting ikkje endrar seg, kjem norsk paraidrett til å lide i åra framover.
– Det er eit skifte. Då eg først kom inn, var ikkje nivået så høgt, men no kjem det skikkeleg gode 16-åringar som grusar folk som har vore i sirkuset i 15 år, seier ho og held fram:
– Det seier litt om viktigheita av å få i gong rekrutteringa tidlegare. Noreg heng ikkje med i det heile tatt. Toget går og vi står igjen på perrongen. Det er så flaut at ein vinternasjon som Noreg ikkje klarer å få til dette, avsluttar ho.
Landslagstrenaren utdjupar:
– Å få dette til å bli mogleg er krevjande for mange, og det avgrensar moglegheita. Viss du skal utvikle deg, må du vere med mykje. Det er ikkje nok å vere med av og til, seier han.