Kortvaksne får nemleg ikkje lov å konkurrere i vintersport. I fleire ulike sommaridrettar som friidrett, symjing og badminton for eksempel, er det lov.
Det forstår alpinisten lite av.
– Eg blir frustrert og kjenner meg veldig ekskludert. Vi har halde på med denne saka i snart sju år. Det er ikkje veldig morosamt å ikkje kunne konkurrere mot nokon, seier Daae til NRK.
Utestengt
Thomas Daae er fødd med achondroplasi, som er ein tilstand der alle røyrknoklar i kroppen veks mindre enn normalt.
Det betyr at han er kortvaksen og kan maks oppnå ei høgde på 140 centimeter.
BLID PÅ UTSIDA: Det er ikkje mykje glede innvendig hjå Thomas Daae, som kjenner seg ekskludert frå idretten.
Foto: Lemos MediaHan byrja tidleg med alpint, og fortel at det er ein idrett som er godt egna for personar med sjukdommen. Sporten styrkar korsrygg og kne, som ofte er skjøre hjå kortvaksne personar.
– Det gjer at du får ein betre livsstil og det er ein generelt bra sport for oss, seier Daae.
Likevel vil ikkje den internasjonale paralympiske komité (IPC) opne for at kortvaksne kan få ein eigen klasse i para-alpint, sjølv om klassen finst i fleire ulike sommaridrettar.
Det finst tre klassar i alpint, og det er sitjande, ståande og synshemja.
Daae kvalifiserer ikkje for nokre av desse. Han kan heller ikkje delta i funksjonsføre idrettar, då funksjonsføre utøvarar genererer meir vinkel og trykk, og køyrer dessutan mykje raskare av naturlege årsaker.
– Eg har ei funksjonshemming, eg òg. Det er jo folk med tre fingrar, som er heilt funksjonsfriske, som kan vere med. Men eg som er kortvaksen kan ikkje bli med, seier Daae oppgitt.
Meiner det er lite demokratisk
Det reagerer trenar for para-alpinlandslaget, Hans Blattmann, kraftig på.
– Vi synest jo dette er veldig diskriminerande at desse ikkje kan vere med i idretten vår, seier Blattmann til NRK.
SJEF: Hans Blattmann.
Foto: Thomas Brun / NTBAlpinlandslaget har i mange år jobba for at IPC skal opne for ein kortvaksen klasse, men møtt på mykje motstand.
– Vi har fremja løysingar, som mange andre nasjonar er positive til, men som har vorte avvist av IPC. Det synest eg er veldig synd, seier Blattmann.
På spørsmål om kvifor Daae ikkje får stille i noko klasse, svarer utøvaren dette:
– Eg har fått grunngivinga at utstyret blir for stort, og at løypene er for vanskelege for meg. Men eg køyrer både på godkjende ski og i same bakkar. Eg hadde trening i dag til og med, der eg køyrde utfor, seier Daae.
Blattmann utdjupar:
– IPC spør kor mange det er, og det er veldig vanskeleg å seie, for det har ikkje vore ein einaste internasjonal konkurranse for kortvaksne nokon gong. Så før vi har ein konkurranse, så veit vi ikkje ein gong kor mange det er snakk om, seier han og held fram:
– Og då seier dei at viss vi har ti utøvarar frå fem nasjonar, så snakkar vi. Og det får vi ikkje til viss det ikkje er ein konkurransearena. Så vi må starte i rett ende, seier han.
NRK har gjentatte gonger prøvd å få ein kommentar frå Det internasjonale para-forbundet i alpint, men har ikkje lykkast i det.
GJER SEG KLAR: Daae strammar utstyret før han skal i bakken.
Foto: Lemos MediaFår støtte av andre utøvarar
Denne veka er fleire parautøvarar samla på Lillehammer for VM i snøsport – historias første meisterskap for både paraalpinistar, para-skiskyttarar, para-langrennsutøvarar og para-snøbrettkøyrarar.
Alpinisten Jesper Saltvik Pedersen er ein av Noregs største medaljehåp, og han tykkjer det er oppriktig trist at lagkameraten ikkje får konkurrere på lik linje som andre.
– Det er synd at han ikkje får konkurrere saman med oss. Det er ingen grunn til at han ikkje skal få det, seier Saltvik Pedersen til NRK.
– Forstår du grunngivinga han har fått?
– Nei. Dei snakkar om at han ikkje kan bruke like lange ski som oss, men han køyrer faktisk på skia mine som eg hadde i OL i Sør-Korea. Det held ikkje mål, seier Pedersen vidare.
Langrennspiggar og roar, Birgit Skarstein, tykkjer det er hårreisande.
– Det er tull at han ikkje får konkurrere. Det klarer eg ikkje å begripe at dei ikkje klarer å få ordne. Idretten bør vere så inkluderande at han i alle fall er open for at alle som har lyst å konkurrere, og som trenar aktivt og profesjonelt, får stille i ein klasse, seier ho.
Gir ikkje opp
Denne veka skal Daae vere prøvekøyrar i alle alpin-disiplinane i VM, og til trass for at situasjonen kjennest hjelpelaus, er han ved godt mot.
I GODT DRIV: Daae blir skildra som ein svært habil skiløpar.
Foto: Lemos Media– Det er litt herleg. Eg køyrer først – best forhold. Det er greitt.
Landslagstrenar Blattmann fortel at dei ikkje vil gi opp før ein løysning kjem på plass.
Det er i alle fall ein ting som er sikkert:
– Dei må få komme inn og delta på lik linje som alle andre. Det er målsetjinga vår og det kjem vi til å fortsetje å kjempe for. Vi gir ikkje opp, vi ynskjer at han skal få vere ein del av miljøet vårt, avsluttar Blattmann.