Hopp til innhold

Noreg krev endring etter sjokkscenene: – Vi har ingen å miste

Noregs Skiskytterforbund har sett seg lei på våpenhandtering slik som Thierry Langer viste i vinter, og krev at Det internasjonale skiskyttarforbundet (IBU) ryddar opp.

Thierry Langer

SJOKKERTE: Desse bileta av belgiske Thierry Langer fekk Noregs Skiskytterforbund til å ta affære.

Foto: NRK

Som NRK viste i januar er ikkje Langer det einaste dømet på dårleg våpenhandtering i verdscupen denne sesongen.

NRK gjekk gjennom fleire renn og fann fleire bilete som viste tydelege brot på Det internasjonale skiskyttarforbundet (IBU) regelverket sitt.

Men sjølv om det står i regelverket at «rørsler med rifla som kan setje andre eller våpenberaren i fare, eller som kan oppfattast som farleg av andre, er forbode», har ingen vorte diska denne sesongen.

Skiskytterpresident, Arne Horten

KRAV: Skiskyttarpresident Arne Horten sender dei neste vekene eit brev til IBU med krav om regelendring.

Foto: Sondre Hensema Eriksen

No ønskjer Noregs Skiskytterforbund (NSSF) at IBU ryddar opp i sitt eige regelverk, og sender over påske eit brev til det internasjonale forbundet der dei krev ei endring av regelverket.

– Viss ein sånn episode (Langer) hadde skjedd i Noreg hadde den personen vorte diska ut frå regelverket vårt, forklarer skiskyttarpresident, Arne Horten til NRK.

– Bakgrunnen for at vi sender skrivet er når slike ting skjer på TV så lurer utøvarane våre på kva dei driv med, når vi har så sterkt fokus på det. Det er klart at vi har ingen å miste og det med tryggleik må vi løfte, seier Horten.

Sjå hendinga som fekk Noregs Skiskytterforbund til å ta affære:

– Disk einaste alternativ

I Noreg har ein dei siste åra skjerpa våpentryggleiken og gjort det klinkande klart i konkurransereglane i forbundet at «våpenet skal alltid peike mot skivene eller oppover».

Skiskyttarpresidenten fortel at det er nettopp dette dei ønskjer at IBU skal presisere i regelverket sitt, slik at det skal vere enklare for den teknisk delegerte på standplass å følgje opp og eventuelt diskvalifisere.

Verdenscup skiskyting: Sprint 10 km menn

EINASTE ALTERNATIV: Diskvalifikasjon er det einaste som vil fungere, meiner Johannes Thingnes Bø.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

Dei norske herreløparane tek forslaget imot med opne armar og meiner strengare straff er einaste løysing på problemet.

– Det må vere strenge reglar for våpentryggleik og behandling av våpen. Det er veldig sjeldan at nokon gjer feil, men når noko blir gjort feil er disk einaste alternativ for å halde oppe orden, seier Johannes Thingnes Bø og får støtte av Sturla Holm Lægreid:

– Det er viktig at regelverket er svart på kvitt. At vi alle har nokon rammar vi kan følgje og er veldig klar over det som skjer dersom ein bryt ramma. Vi må ha eit regelverk som hindrar at uhell skal skje og at vi unngår situasjonar som Thierry Langer som ser ned i pipa, seier Lægreid.

Les også NRK-eksperter hudfletter IBU etter sjokkscener: – Det er livsfarlig

Thierry Langer

– Blir ei oppfrisking

Johannes Dale er også samd med lagkameratane sine og meiner det må strengare sanksjonar enn ei munnleg åtvaring som har vorte brukt i år.

– Ei munnleg åtvaring hjelper ikkje oss utøvarar til å sjekke ein ekstra gong, då held vi fram berre i det same gamle sporet, meiner Dale og følgjer opp:

– I verste fall er det fatale konsekvensar og det er absolutt ingen tente med, verken utøvarar eller idretten. Det vil få konsekvensar, så det er bra at det blir teke litt tak i og at det blir ei lita oppfrisking for oss utøvarar òg.

Styremedlem i IBU, Tore Bøygard

POSITIV: Styremedlem i IBU, Tore Bøygard, meiner det er bra at Noreg vil ta ein ny runde på våpentryggleik.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Styremedlem i IBU, Tore Bøygard, er glad for initiativet til det norske forbundet.

– Det er veldig bra at nasjonane er opptekne av tryggleiken. Det er viktig og skal ha pri éin, seier Bøygard til NRK.

Han forklarer at det er IBUs tekniske komité som må foreslå og forme ut ei regelendring når dei møtest i mai.

– Eg skal ikkje forskotere i kva teknisk komité kjem fram til. Det er fagfolka våre på området og dei skal få ta ein god diskusjon på det, men at det skal vere strenge straffeføresegner for brot på tryggleik er eg samd i, seier Bøygard.

Les også Skiskyttarar ut mot eige forbund – krev meir midlar

Sweden Biathlon

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal