Hopp til innhold

NM-favoritt bor i bilen og samlar på krystallar: – Kan gå bananas

Leo Bøe (23) har for vane å klatre til topps. På vegen har bergensaren gjort eit noko uvanleg karriereval.

Leo Bøe

PÅ TUR: Leo Bøe har reist Europa rundt i ein Ford og klatra dei siste to åra.

Foto: Ørjan Vaage

Lidenskapen for klatring har alltid vore stor for Bøe, som denne veka kjempar om gull i ledklatring under NM-veka.

Dei siste åra har 23-åringen frå Bergen levd av å klatre – mykje takka vere ein premie han vann for snautt to år sidan.

I ein konkurranse i Lillesand vart han nemleg premiert med leasing av ein bil i to år etter å ha klatra raskast opp eit tårn på 50 meter.

Leo Bøe

HENG HØGT: Bøe i klatreveggen under NM i fjor. I 2023 har han gjort gode resultat utandørs og klart fleire 9a ruter.

Foto: Trond Kristian Kalstø

– Då brukte eg det høvet til å slutte i jobben og har reist rundt i den sidan det, seier Bøe til NRK.

– Gått «all inn»

For då klatraren vann bilen, slutta han i den faste jobben som rutesetjar heime i Noreg og har brukt store delar av tida si dei siste to åra på å køyre Europa rundt.

– Eg har gått litt «all inn». Eg slutta i jobb og har levd på dei pengane eg har spart opp.

Bøe seier han får det til å gå rundt med freelancing i den gamle jobben hans og sponsorpengar. Delar av turen har han også budd i eit telt som er plassert på toppen av bilen.

– Var planen å alltid reise?

– Planen var alltid på gjere det, men å vinne bilen var eit grønt flagg til å gjere det. Då hadde eg alt på plass til å dra på eit vis. På det tidspunktet var eg på jakt etter ein bil. Det passa utruleg godt.

– Den leasingavtalen er sinnssjuk i seg sjølv. Det er ein millionbil, seier han og legg til at det meste han har vunne i konkurransepremie tidlegare er 10 000 kroner.

Samlar på krystall

Medan han har vore ute og reist, er det ikkje berre klatringa som har oppteke tid. Bøe har nemleg ei interesse litt utanom det vanlege.

Kva? Krystalljakting.

Leo Bøe

JAKT: Bøe har stor ei stor interesse for krystall og har samla på fleire

Foto: Privat

– Kvar gong eg er på ny tur spring eg rundt i nærområde og leitar etter krystall, innleier han.

– Viss det er kviledag kan eg gå heilt bananas og leite etter ein krystall. Viss han er knust eller det er ei ureining i krystallen, så vil ein finne nokre andre. Det er nokon som er meir sjeldne enn andre, seier han vidare.

23-åringen meiner ein må gjere mykje research i forkant og kjenne til geologen i området for å finne krystallar. «Ein må ha eit auge for det», påpeikar han og seier vidare at interessa kjem frå då han var yngre og likte å leite etter ting.

– Eg har teke med meg det. Det er alltid kult å finne ein krystall. No har eg ei god samling for å seie det sånn.

– Så du samlar på det?

– Eg veit at det er folk som sel og lever av det. Eg har teke dei beste krystallane og halde dei for meg sjølv. Det er meir for min eigen del.

Les også NM-håp mista to søsken på eitt år

Oda Lundekvam

Berre éin har gjort før

Den siste tida har Bøe teke litt fokus vekk frå konkurranse og sportsklatra meir utandørs på stein. Han er likevel klar på at han ønskjer å attskape bragda frå i fjor – nemleg å ta NM-gull.

– Det er målet. Eg veit at eg er den sterkaste klatraren. Det er ein del sterke ungdommar som har mykje progresjon, så det er dei som eventuelt skulle slått meg akkurat no. Men fysisk akkurat no er det ingen som er på nivået mitt.

Etter NM-veka, går turen rett vidare til ei hòle tre timar frå Trondheim. Der skal han leggje i veg utpå noko berre éin nordmann har gjort før han.

Om det blir med eller utan bilen han har disponert dei siste to åra, er han usikker på.

– Går ikkje leasinga på bilen ut snart forresten?

– Då må eg finne ein ny bil eller vinne endå ein konkurranse, seier han og ler.

PS: Leo Bøe enda opp med sølv i ledklatringkonkurransen.

Sportsnyheter

Narve Gilje Nordås og Per Svela hentes av Gjert Ingebrigtsen etter løpet i Huelva

Nordås hentet av Gjert Ingebrigtsen etter seieren: – En trist sak for alle parter

Narve Gilje Nordås sier han kan fortsette trenersamarbeidet med Gjert Ingebrigtsen selv om det har blitt ut tiltale mot treneren. Tirsdag kveld forlot de stadion sammen.

Siste nytt

  • Elverum klar for sluttspillfinale i håndball

    Elverum tok seg videre til finalen i sluttspillet i håndball etter at de vant 41-30 borte mot Arendal tirsdag kveld.

    Elverum møter Kolstad, som slo ut Drammen i sine semifinalekamper med 2-0. Første finalekamp i best av tre spilles mellom de to lagene 22. mai i Trondheim.

  • VG: Bård Finne får to kampers karantene

    Branns Bård Finne må utebli fra klubbens to neste kamper etter at han ble utvist i 0-0-kampen borte mot KFUM Oslo i helgen.

    Det bekrefter Eirik Lindstrøm, leder av NFFs disiplinærutvalg til VG.

    – Dette opplevde vi som en grei sak. Verken mer eller mindre enn to kamper, sier Lindstrøm til avisen.

    Brann-spissen ble sendt i dusjen etter en høy fot mot KFUM-keeper Emil Ødegaard. En VAR-sjekk gjorde at det gule kortet til Finne ble omgjort til rødt. Dermed måtte han ta den tunge veien over fotgjengerfeltet i Ekebergveien og i garderoben etter en snau halvtime.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Ryerson hylles før storkamp: – Som en pitbull

    Komplimentene til Julian Ryerson satt løst da Borussia Dortmund-sjef Edin Terzic og Emre Can møtte pressen foran årets viktigste kamp mot Paris Saint-Germain.

    Onsdag spilles den første mesterligasemifinalen mot det franske storlaget. Den 27 år gamle lyngdølen er eneste gjenværende nordmann på herresiden i Champions League.

    – Han gjør jobben for laget og løser også trange situasjoner godt, sa Terzic.

    – Alle lag trenger en spiller som ham. Han sier ikke så mye og jobber bare hardt. Han er som en pitbull på banen, sa lagkamerat Emre Can. (NTB)

    Germany Soccer Bundesliga
    Foto: Sven Hoppe / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal