Hopp til innhold

Klaveness angrip tausheita til VM-komiteen etter NRK-avsløring

VM-komiteen sa først at dei tok hotellavsløringa til NRK, SVT og DR på alvor. Sidan då har dei ikkje vilja svare på eit einaste spørsmål.

Al-Thawadi og hotell

VM-HOTELL: Tre VM-hotell, blant dei The Torch, nekta homofile å bestille rom. No vil ikkje VM-organisasjonen svare på kva dei har gjort i ettertid.

Foto: NTB/NRK

– Vi behandlar alle brot på denne protokollen eller tilfelle av diskriminering med det største alvoret.

Det svarte VM-komiteen då NRK, SVT og DR i mai avslørte at fleire VM-hotell nektar å innkvartere homofile par.

Det stod i sterk kontrast til lovnadene som har komme frå Fifa, om at alle vil vere velkomne under VM.

Sidan den gong har NRK sendt gjentekne førespurnader til VM-komiteen. Trass i lovnader om at dei skal svare i løpet av få dagar, har dei ikkje ville uttale seg noko meir.

Spørsmåla dei ikkje vil svare på

Eit av hotella som nekta homofile tilgang, opplyste at dei ikkje hadde fått nokon offisiell informasjon frå VM-komiteen om kva retningslinjer dei skal ta omsyn til. Det sjølv om arrangøren i berekraftsprotokollen sin har understreka at alle samarbeidspartnarane deira må ta omsyn til eit sett med kriterium.

Desse spørsmåla vart først sende til VM-komiteen den 12. mai. Sidan den gongen har NRK, SVT og DR purra på VM-arrangøren fem gonger. Både i slutten av mai, og tre gonger i juni. Kvar gong har dei svart at dei jobbar med spørsmåla, og at svaret skal komme innan få dagar.

Khalifa stadium and Torch Hotel

VM-HOTELL: The Torch Hotel (til venstre) ligg rett ved sida av Khalifa stadion, eit av fotballanlegga som skal brukast under VM.

Foto: USA TODAY USPW / Reuters

Fifa har elles også fått dei same spørsmåla. I eit svar 3. juni, skriv dei:

– Alle hotell som skal ha gjester til VM, er forplikta til ikkje å diskriminere. Det er ei forplikting Fifa og VM-komiteen har gjenteke dei siste vekene. Ekstra samtalar er gjorde med dei tre hotella som ifølgje deira nyheitssak nekta homofile tilgang. Alle andre hotell har også fått ei påminning om krava som er stilte dei.

I svaret påpeika Fifa også at hotell som ikkje tek omsyn til kriteria som er sette, vil få kontraktane sine terminert. Dei tre hotella som nekta homofile tilgang er framleis på lista over offisielle VM-hotell.

Reiser til Doha

Søndag skulle fotballpresident Lise Klaveness reist til Doha saman med ein delegasjon frå det europeiske fotballforbundet (Uefa), men Klaveness blei nekta ombordstiging. Grunnen skal ifølge fotballpresidenten vere manglande koronadokumentasjon. Ho vil i staden reise til Qatar måndag.

Blant tinga ho ønskje å ta opp med styresmaktene i Qatar og VM-organisasjonen, er rettane til homofile.

Lise Klaveness

KRITISK: Fotballpresident Lise Klaveness.

Foto: Hassan Ammar / AP

Der veit du at det så godt som er umogleg å få eit gjennombrot. Likevel må vi presse på og ta opp spørsmåla. Qatar og VM-komiteen har garantert for tryggleiken til LHBTQ-personar under meisterskapen, då blir jo målet for oss å forstå på kva måte er dette garantert. På kva måte jobbar dei med dette mot til dømes politiet og hotell som no er avdekte at ikkje er i orden endå, seier Klaveness.

Ho påpeikar at VM-arrangøren har garantert at hotella skal vere trygge for alle tilreisande, og forventar derfor at VM-komiteen skal svare.

– Dette er ei konkret sak innanfor det garantiområdet som VM-komiteen har adressert tidlegare. Det skal vere trygt, dei seier at dei jobbar med trening av politiet og folk innanfor hospitality-sektoren og hotella.

Siste nytt

  • Windingstad avslutter samarbeid

    Alpinist Rasmus Windingstad avslutter samarbeidet med skimerket Stöckli. Det bekrefter han selv på Instagram.

    30-åringen skriver at han er takknemlig for samarbeidet over de siste fire årene.

    – Det var på tide å gå videre og prøve noe nytt, spent på de kommende sesongene, skriver Windingstad.

    Han bekrefter dermed at han ikke er helt ferdig med alpinkarrieren enda, men røper ikke hvilket skimerke han kjører på kommende sesong.

    Stöckli har blant annet stjernen Marco Odermatt blant sine utøvere.

    Audi FIS Alpine Ski World Cup - Men's Giant Slalom
    Foto: SEAN M. HAFFEY / AFP
  • Team Braathen avviser Hirscher-rykter: – Blir ikke noe samarbeid

    Michael Pircher er Lucas Braathens nye trener og var sjef for Marcel Hirscher i seks år. Han er likevel klar på at det ikke vil bli noe samarbeid dem imellom.

    I mars ble det klart at Braathen gjør comeback som alpinist etter en sesong på sidelinjen, men for Brasil. Hokksund-gutten har derfor måttet sette sammen sitt helt eget team, hvor Pircher er ansatt som trener.

    48-åringen ble hentet fra Det østerrikske skiforbundet, hvor han blant annet hadde treneransvaret for skilegenden Hirscher fra 2013 til han la opp i 2019.

    Østerrikeren sjokkerte hele alpinverden da han annonserte comeback for Nederland tidligere i uken. Det har også skapt spekulasjoner om han og Braathen ville danne et samarbeid.

    – Det er ikke en sak for oss. Vi kommer garantert til å være i de samme skistedene, og noe vil dukke opp, men det blir ikke noe samarbeid, sa Pircher til Tiroler Zeitung, ifølge Blick.

    Trenerveteranen er tydelig på at fokuset hans nå ligger på Braathen, som skal jakte VM-gull i Saalbach til vinteren.

    – Om dagen planlegger vi opplegget, alt er fortsatt i de tidlige stadiene. Vi har nettopp funnet hverandre, sa Pircher. (NTB)

    Lucas Braathen
    Foto: BARBARA GINDL / AFP
  • Formel 1-stjerne ferdig i Haas etter sesongen

    Den tyske Formel 1-stjernen Nico Hülkenberg kjører sin siste sesong for Haas. Det bekreftet laget fredag formiddag.

    «Haas og Nico Hülkenberg vil skille lag ved avslutningen av 2024-sesongen» heter det i meldingen på X.

    Tyskeren er inne i sin andre sesong for Haas. Tidligere har han kjørt for lag som Williams, Sauber, Renault og Aston Martin.

    36-åringen har tatt en pole position, men har fortsatt til gode å vinne et Formel 1-løp. Totalt har han tatt 534 poeng på 211 løp i karrieren.

    Så langt denne sesongen står han imidlertid bare med fire poeng på fem løpshelger. Hans beste resultat i år er en 9.-plass fra Australias Grand Prix. (NTB)

    Japan F1 GP Auto Racing
    Foto: Hiro Komae / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal