Hopp til innhold

Ber Gjert jekke han ned – trenaren har oppdaga «radikal endring»

Det har skjedd ei kraftig forandring hos Narve Gilje Nordås (24). Eleven til Gjert Ingebrigtsen struttar av sjølvtillit og ber sjefen om hjelp til å halde beina planta på jorda.

Narve Gilje Nordås

SUVEREN: Narve Gilje Nordås er i sitt livs form. Han er klokkeklar på at han skal til VM i sommar.

Foto: NTB

Byrjar du å bli klar? Du må få på skoa! kommanderer Gjert Ingebrigtsen i det NRK skal til å innleie intervjuet med Narve Gilje Nordås.

Mellomdistanseløparen har akkurat vunne 3000-meteren under Trond Mohn Games i suveren stil, og får overtalt trenaren om at det er tid til nokre spørsmål før han skal jogge ned.

Gjert Ingebrigtsen

TRENAR: Gjert Ingebrigtsen.

Foto: NTB

Eg må ta av piggskoa, så vi kan slå to fluger i éin smekk, argumenterer han før vi får lurt inn det første spørsmålet.

Nordås har aldri vore i betre form. I februar sette han norsk rekord innandørs på 3000 meter med tida 7.45,39. I slutten av mai senka han personleg beste på 1500 meter til 3.34,70.

– Eg må jekkast ned

Akkurat no verkar det berre å vere Jakob Ingebrigtsen som er betre enn han på distansen i Noreg. Derfor struttar Nordås av sjølvtillit for tida.

Sjølvtilliten er for høg no, merkar eg. Eg må bli jekka ned. Eg må snakke med Gjert, så tek vi oss av det. Få meg ned på jorda, men samtidig bevare gleda, gliser 24-åringen, som kort tid i førevegen hadde starta jubelen lenge før målgang.

QCv6dipDDww

MÅLGANG: Nordås starta feiringa tidleg på oppløpet og gav publikum ein ekstra takk då han kryssa målstreken.

Foto: NTB

«Ting går på skjener», beskriv han, og forklarer at eit ekstra år med trening har gjort godt. Han har fått trena mykje i høgda, auka mengda, og gjort nokre små, men viktige justeringar.

Eg har stramma alle skruar som går an, og vore seriøs kvart einaste sekund heile døgnet. Eg har lagt opp livet etter kvar treningsøkt i større grad enn nokosinne. Då får ein resultat, forklarer løparesset.

Gjert Ingebrigtsen stadfestar at det ikkje er noko i vegen med sjølvtilliten til eleven.

– Og den har stigande kurve, presiserer han.

– Ingen i verda som skremmer meg

Kontrastane til førre sesongs VM i Eugene i USA kunne knapt vore større. Sjølvtilliten var fullstendig fråverande, og både trenar og elev verka usikre på korleis dei skulle få snudd det. Den rå mentaliteten Gjert var vand med hos sønene, fanst ikkje i Nordås.

– Eg har ikkje så mykje her å gjere, sa han sjølv om eiga VM-deltaking den gongen.

No har pipa fått ein annan lyd.

Les også: Ingebrigtsen dropper gulløvelsen før VM: – Ikke det store målet akkurat nå

Worlds Athletics
Worlds Athletics

Det er ingen tvil om at eg skal til VM, seier han til NRK i dag.

Har det skjedd ei endring mentalt?

Ja, «ka fanken». No er det berre å møte opp. Eg er mykje betre rusta til å stille opp i eit VM på 1500 eller 5000 meter no, både fysisk og mentalt. Sjølvtilliten er der han skal vere. Det er ingen felt i verda som skremmer meg. Det er berre å leggje seg på halen og vere med så lenge ein klarer, så får vi sjå kva det held til, seier Nordås.

Heller ikkje trenar Ingebrigtsen kjenner igjen 24-åringen.

– Det har skjedd ei radikal endring, både fysisk og på alle moglege vis. Det ser ein på han, ein ser på heile framtoningen at han koser seg når han spring løp. I staden for at det er pyton, synest han det er fantastisk,, seier han.

Klar for eit høgare nivå

Kommande laurdag spring Nordås 1500 meter under eit solid stemne i Paris. Deretter ventar Diamond League og Bislett Games på heimebane for formløparen. Det er heller ingen tvil om at han skal til VM. Ein meir passande arena, meiner trenar Ingebrigtsen.

2wp7kgG-kgA
Foto: NTB

Han er eigentleg klar for eit høgare nivå, seier han.

Gjert Ingebrigtsen spår at sesongen til Nordås kan bli «veldig, veldig bra». Han meiner suksessformelen for det nye tilværet til eleven er enkel:

Å vinne løp. Om det går fort eller seint, men det å vinne løp er ein veldig bra eigenskap. For det gir ein veldig tryggleik.

Du kan sjå Narve Gilje Nordås i Diamond League frå Oslo på NRK. Friidretts-VM blir sendt same stad i august.

Les også: Fnyser av rivalene etter brorens drømmeåpning: – De er veldig store i kjeften

Filip
Filip

Siste nytt

  • Disiplinærsak mot James for dommerhets

    Englands fotballforbund (FA) har innledet disiplinærsak mot Chelsea-kaptein Reece James, for oppførsel mot en dommer i spillertunnelen.

    Hendelsen skal ha skjedd etter Chelseas 0-1-tap for Aston Villa på Stamford Bridge søndag. James spilte ikke kampen, men han skal etter kampslutt ha opptrådt med upassende eller fornærmende språk eller handlinger mot en i dommerteamet.

    Den 23-årige engelske landslagsspilleren har frist til fredag med å gi sin versjon av hendelsene. (NTB)

    hqk-N1xhV54
    Foto: Reuters
  • Glimt-profil mister cupsemifinalen mot Vålerenga

    Bodø/Glimt må klare seg uten Brice Wembangomo når det skal kjempes om cupfinalebillett mot Vålerenga i Oslo torsdag.

    Det er Avisa Nordland som onsdag melder at Wembangomo ikke var med da Glimt-troppen satte seg på flyet til hovedstaden.

    Høyrebacken pådro seg en skade i seriekampen mot Vålerenga søndag og ble ikke friskmeldt i tide til cupoppgjøret mot samme motstander.

    Tidligere denne uken ble det også kjent at Runar Espejord er uaktuell i lengre tid som følge av en skade. (NTB)

    Brice Wembangomo
    Foto: Alessandro Crinari / AP
  • Skandalekamp fullført med ny Ajax-baklengs – kaoset i storklubben fortsetter

    Fotballstorheten Ajax røk 0-4 for Feyenoord i den avbrutte kampen i den nederlandske æresdivisjonen onsdag. Samtidig røk en ny leder ut dørene i Amsterdam.

    Det råder kaos i Ajax-leiren. Nylig fikk teknisk direktør Sven Mislintat sparken, og onsdag ble det opplyst at også styreleder Pier Eringa forlater sin post.

    Samtidig ble søndagens storkamp mot Feyenoord, som måtte avbrytes som følge av tribunebråk, fullført. Kampen ble gjenopptatt på stillingen 3-0 til Feyenoord.

    I løpet av de 36 minuttene som gjensto å spille røk Ajax på ytterligere et baklengsmål, slik at stillingen til slutt ble 0-4. Storklubben fra Amsterdam er i krise.

    – Spesielt når det ikke går bra, er det viktig å være der som rådgiver. Men jeg er ikke døv for kritikken og ikke blind for situasjonen Ajax er i nå, sier avtroppende styreleder Pier Eringa i en uttalelse.

    Ajax har startet sesongen med kun én seier, to uavgjorte kamper og to tap. (NTB)

    Ajax
    Foto: OLAF KRAAK / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sportsvideoer
Spiller nå
Harviken oppløst i tårer etter å ha blitt «syndebukk» 00:58
Neste