– Det må jobbast like mykje med å springe løp og det mentale, og det er å få på seg startnummer og handtere forventningar og adrenalin og publikum utan at det går utover prestasjon, seier Gjert Ingebrigtsen.
Han heldt fram med å ha trenaransvaret for Narve Gilje Nordås då sønene valde å bryte samarbeidet med faren før denne sesongen, og svarer på spørsmål om moglegheitene til eleven.
For 23-åringen kom seg til sitt første VM via rankingsystemet på 5000 meter då kravet glapp under Bislett Games. Nordås tok seg til OL på same vis, men rauk då rett ut i forsøket.
Det Gjert Ingebrigtsen trekkjer fram, er at det mentale må på plass.
– Han har alltid sett opp til alt frå mosjonistar og oppover, så å vere i ein sånn situasjon er heilt absurd for han og han klarer ikkje å handtere det. For vesle Narve frå vesle Klepp i Rogaland så blir litt stort og litt overveldande, meiner trenaren.
– For andre som eg har i min nære familie så er liksom ikkje det noko tema ein gong. Sjølvtilliten ligg utanpå, altså nesten i overkant cocky. Medan andre har eit litt anna forhold til det. Nokon må jobbe meir med det enn andre, sa han då NRK snakka med han under Diamond League-stemnet i Stockholm.
– Frykteleg vanskeleg
Og det erkjenner han at også gir han ei utfordring som trenar.
– Det er jo frykteleg vanskeleg for min del, for eg har aldri vore i ein sånn setting og situasjon. Eg veit ikkje kva som møter dei emosjonelt og spenningsmessig, sa Gjert Ingebrigtsen.
Han har ikkje akkreditering til VM, og følgjer i år med på meisterskapen frå Europa.
– Eg skulle nok ønskt at vi hadde meir profesjonell hjelp på akkurat dei tinga der. Eg kan ikkje påstå at det er noko eg er veldig flink til, for eg har ikkje noko forhold til det. Jobben min stoppar når dei går inn på stadion. Det har vore greia mi, men eg prøver så godt eg kan.
Vil ta grep sjølv
Nordås trekkjer på smilebandet, han er ikkje heilt samd i alt det Ingebrigtsen seier.
– Eg veit ikkje heilt om det er fordi det er for stort, for eg tenkjer ikkje på dette som noko særleg meir enn eit løp, men kanskje i undermedvitet, kanskje utan at eg er klar over det sjølv, men eg trur ikkje det er hovudutfordringa, seier VM-håpet, som spring natt til fredag.
– Kva trur du grunnen er til ikkje fått det ut i løpa?
– Det er litt at eg ikkje klarer å gå heilt i kjellaren. Eg er ikkje sliten nok etter løp.
Han er klar på at den mentale jobben er noko han må gjere sjølv, og å hente inn ekstern hjelp er ikkje aktuelt
– Nei, absolutt ikkje. Det er sånn du ta grep om sjølv. Ein må bruke kvart løp til å jobbe med det.
Litt overveldande
For Nordås er samd i at han har litt å gå på når det gjeld sjølvtillit i store løp.
– Absolutt. Når ein ser feltet rundt deg, så kan jo det vere litt overveldande å sjå at dei du spring mot har vore godt nede på 12-talet og du har aldri sprunge fortare enn 13.15, så ein kan jo tenkje at det blir vanskeleg, men det handlar mest om å leggje det frå seg før løpet.
For Nordås kjenner seg i alle fall betre no enn tidlegare i sesongen.
– Eg har teke eit lite steg, og håpar på effekt av høgdetrening, men ein veit ikkje korleis det går før ein er i mål etter 12,5 runde. Eg håpar eg får litt meir ut av kroppen enn eg har fått ut i dei andre løpa.
- Forsøket på 5000 meter med Jakob Ingebrigtsen og Narve Gilje Nordås går natt til fredag kl. 03.10 norsk tid, og blir vist på NRK1.