Hopp til innhold

Mystiske magesmerter og intens hovudverk: Slik har stjerna teke grep mot helseplagene

Ein cyste i magen og enorme smerter i hovudet. Helsa har ikkje alltid spelt på lag for Karoline Knotten, som vart tvinga til å gjera endringar. Og bli betre enn nokon gong før.

Karoline Knotten

NORSK STJERNE: Karoline Knotten har fått ein pangstart på sesongen. Det står i sterk kontrast til delar av fjoråret, der sjukdom og hovudverk sette det norske håpet tilbake.

Foto: NTB

Eg hadde eit skitår i fjor, samanfattar Karoline Knotten overfor NRK.

Etter ei fæl sykkelulykke i mai i fjor, har skiskyttaresset slite med sterke smerter i hovudet. Knotten stupte med hovudet først i ei grøft, og enda opp blodig og forslått.

Som toppidrettsutøvar er det vanskeleg å roe ned treningsarbeidet. Og i starten ønskte Knotten å dura på som om ingenting hadde skjedd.

Men det er ikkje så lett med intens hovudverk, og 28-åringen har vorte tvinga til å bli smartare med tida. Nøkkelordet er overskot.

Eg burde lært det før, for Marte (Olsbu Røiseland) og Tiril (Eckhoff) har sagt det i alle år. Eg har sett at dei er gode på det, men eg er treg til å læra, seier Knotten.

– Det er min akilleshæl

Under verdscupopninga i Östersund markerte det norske håpet seg som ein av dei beste skiskyttarane i verda. Med fleire pallplassar og topplasseringar fekk ho bera den gule leiartrøya.

Framgangen er langt frå tilfeldig. Ho har samarbeidd tett med trenarar og helseteam, og funne løysingar som gjer at ho kan hanskast med hovudsmertene.

Eg er hard på at eg må gå og leggja meg etter lunsj. Eg sit ikkje og dryger for lenge. Viss det er god stemning, kan eg bli drege opp av det, men av og til når eg grensa mi. Då må eg trekkja meg litt tilbake, vera på rommet og få det stille, fortel Knotten.

Karoline Knotten

PRIORITERER KVILE: Knotten har vorte flink til å ta rette val i kvardagen.

Foto: NTB

Det same gjeld i treningsarbeidet. Der ho tidlegare ville tvinga seg sjølv ut på ei hardøkt, prioriterer ho no kvile om det er det som skal til.

Er ho sliten, kviler ho. Har ho krefter til overs, køyrer ho på med ei god økt. Så enkelt, men samtidig så vanskeleg. «Eg får bita tennene saman og «faita» meg gjennom», er tanken som ofte dukkar opp.

Det er min akilleshæl i hovudet mitt. Eg vil heller berre bøya hovudet ned og gjera jobben, enn å prøva å finna ut av ting. Det har gått føre seg i mange år og eg byrjar å bli litt lei.

Men eg har sett at overskot er så mykje betre enn å ha vondt og vera sliten. Då får du ikkje like mykje kvalitet i treninga som når du har det bra. Det høyrest enkelt ut, men eg trur eg har ein tendens til å oversjå ting og kjempa meg gjennom, fortel Knotten.

Les også Christiansen åpner opp om marerittdøgn – fryktet for landslagsplassen

Vetle Sjåstad Christiansen

Fekk operert ut cyste seks år gammal

Hovudet er verst, men magen er òg ei evig pine for Knotten. Seks år gammal oppdaga legane ein cyste i magen på den vesle jenta.

Eg har hatt vondt i magen frå eg var fødd. Eg hata å gå med bukse, eg gjekk alltid med kjole, fordi eg ikkje ville at noko skulle pressa på magen, fortel ho.

To år etter fekk ho tarmslyng som følgje av operasjonen, som igjen danna keloider. Knotten seier at ho med tida har vorte immun mot mageproblem.

Det har vore irritasjon og plagar etter det, så då har det vore litt vanskeleg. Men me har testa alt mogleg, utan å finna andre problem enn at det er ei form for irritasjon, seier skiskyttaren.

Karoline Knotten

FOKUS: Knotten er kjent som ein av dei beste skyttarane til skiskyttarsirkuset.

Foto: AFP

Tandrevold merkar stor forskjell

Landslagstrenar Patrick Oberegger er takksam overfor openheita og tilliten Knotten har vist han og resten av støtteapparatet.

For nokon kan det tolkast som svakheit. Me skal jo prestera, me skal vera sterke. Men ho er flink til å vera ærleg med seg sjølv og tek det på alvor. Det går over, men med små tiltak kan det gå raskare enn ein trur. Ho har vorte veldig flink til å førebyggja mot det som kan komma, rosar han.

Patrick Oberegger

TRENAR: Patrick Oberegger.

Foto: NTB

Lagvenninnene har òg merka ei endring hos Knotten denne sesongen.

Ho har alltid trena mykje og jobba hardt, så har ho kanskje ikkje heilt fått det ut i konkurranse. Men eg trur at ho har vorte endå flinkare til å lytta til kroppen sin og skaffa det overskotet som skal til for å gå fort på ski. Det har vore utruleg gøy å sjå framgangen hennar, seier Ingrid Landmark Tandrevold.

No håpar Knotten å flyta vidare på ein enorme oppturen. Ho går inn til konkurransar i Hochfilzen som ein av dei store favorittane i helga, saman med eit høgtflygande norsk lag.

Eg må ta nokre val etter kvart, men eg håpar unngå å stå over renn. For eg har lyst til å gå skirenn når eg kjenner meg sånn, smiler ho.

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal