Hopp til innhold

Brast i tårer etter samtalen med Ødegaard

Martin Ødegaard og Tore Reginiussen har brukt røysta si for å stoppe utsendinga av Mustafa Hasan. No fortel hovudpersonen sjølv om den spesielle samtalen med eit av Noregs største fotballstjerner.

Martin Ødegaard og Mustafa Hasan

STORT AUGEBLIKK: Mustafa Hasan fekk prate med Martin Ødegaard om den tøffe kvardagen.

Foto: MICHAEL RAY VERA CRUZ ANGELES

Martin Ødegaard tok opp telefonen torsdag kveld og ringde til Mustafa Hasan (18), som ikkje lenger får bli verande i Noreg. Ødegaard har offentleg vist si støtte til Hasan, og fleire landslagsstjerner har hengt seg på.

– For meg er det openbert at all sunn fornuft er lagt til side i denne saka, skriv Ødegaard på sin Instagram-profil.

Difor valte han å slå på tråden til Hasan, og for 18-åringen var det ein surrealistisk oppleving.

– Eg byrja å grine med ein gang det var over. Han er fotballidolet mitt, fortel Hasan til NRK.

– Heilt ubeskriveleg

Mustafa Hasan har budd i Noreg i 13 år, etter at mora og hans fire brør kom til landet frå Jordan. Familien fekk mellombels opphaldsløyve, men då myndigheitene fann ut at ho gav opp feil informasjon om nasjonalitet, starta ei lang kamp om å bli verande i landet.

Sida 2012 har Hasan levd i usikkerheit. Utlendingsnemnda har vurdert saka i fleire omganger og den har vore oppe til domstol, men blitt utsatt tre gonger. No er neste frist 18. januar.

– Mustafa blir straffa for noko han sjølv ikkje har gjort. Han må stå til rette for ei anna si handling som blei gjort då han var seks år gammal. Eg syns det er fullstendig feil, fortsett Ødegaard.

Ødegaard ville gjerne ta del i Hasan si sak og fekk fotballansvarleg Jamal El Mazari i Nike til å besøke han på Nesbru vidaregåande skule.

– Eg trudde aldri eg skulle få snakke med han, uttrykke meg og høyre hans meining. Det er heilt utruleg, seier Hasan.

I tillegg til å få eit virtuelt møte med Real Madrid-spelaren, fekk Hasan to landslagsdrakter signert av Ødegaard og resten av fotballandslaget. Ei heimedrakt og ei bortedrakt.

Mustafa Hasan

GAVE: Mustafa Hasan får den signerte heimedrakta frå Jamal El Mazari (t.v).

Foto: MICHAEL RAY VERA CRUZ ANGELES

– Det er ubeskriveleg at ein person som ikkje har noko med meg å gjere bryr seg. Det han driv med til dagen har ingenting med mi sak å gjere, anna enn at han veit kva som er riktig og gale, fortsett han.

Hasan meiner det viser kor utruleg flott menneske Ødegaard er, og poengterer at vi alle er menneske.

– Det viser at uansett kor rik, populær eller viktig du er, så er du menneskeleg og har sunn fornuft. Det er ikkje forskjell mellom meg og Martin Ødegaard, eller deg og Justin Bieber. Det er kva du vel å seie, tru og gjere for kvarandre, seier han.

Stjerner støtter

Veggane på Nesbru vidaregåande er pryda med hjarter i omtanke for skulevenen. Og titals ark er hengt opp for å vise kor mange frå lokalmiljøet som støttar underskriftskampanjen for å stoppe utsendinga.

– Eg har lyst til å bli noko anna enn å berre få tre veker utsetjing kvar gong eg held på å bli sendt ut. Det er ikkje eit liv for nokon, fortel han.

No har han fått ei ny følgeskare i det norske landslaget. Blant anna har Jens Petter Hauge, Haitam Aleesami, Mohamed Elyounoussi og Caroline Graham Hansen tatt del i saka. Alle frå det norske landslaget har signert draktene han fekk torsdag.

Det varmar, men han er sliten og lei.

– Eg kan ikkje la det gå. Det er så mange som støttar meg. Eg har eit håp om at alt ender bra til slutt og har ikkje tenkt å gi opp, uansett kor sliten eller knekt eg er, seier Hasan.

  • Utlendingsnemnda hadde ikkje moglegheit til å stille til intervju med NRK fredag. Dei viser til tidlegare utsegner der dei har sagt at Hasan si opphaldsløyve er gjeve på feilaktig grunnlag.
  • I haust blei saka vurdert på nytt av nemndleiar i UNE, og landa på vurderinga om at retursituasjonen står fram betre enn tidlegare, sidan han er over 18 år og vaksen ut frå det regelverket tilseier.
  • Viss saka blir tatt til retten på nyåret, vi dei vurdere innhaldet på nytt.

Reagerer kraftig på behandlinga

Tore Reginiussen har tidlegare engasjert seg Abbasi-saka i Trondheim. Han er stolt over at Ødegaard bruker sin status for å kjempe for saker som dette.

– Sjølv om ein er fotballspelar så skal ein ikkje vere redd for å stå for noko og kjempe for dei sakene vi trur på. Dette er ein gut som har ein frykteleg tøff kvardag, og som ikkje veit kva som ventar han. Forhåpentlegvis kan vi endre på det, seier Reginiussen til NRK.

Han reagerer kraftig på korleis menneske blir behandla i saker som dette.

Tore Reginiussen

MÅ KJEMPE: Tore Reginiussen syns det er viktig at toppidrettsutøvarar bruker stemma si.

Foto: Carina Johansen / NTB

– Det er frykteleg den måten ein behandlar ungdom på. Eg har lenge meint at menneskelege omsyn leggast for lite vekt på i slike spørsmål.

– Kva vil du seie til Utlendingsnemnda?

– Eg håpar berre at dei tar til fornufta og legg vekt på menneskelege omsyn i større grad. Dette er ein gut som har budd i Noreg sida han var liten, og som ikkje kjenner til ei anna kvardag enn den han har i Noreg. Så må han ta konsekvensane for noko han ikkje har skyld i, avsluttar Reginiussen.

Siste nytt

  • Chelsea bekrefter: Enzo mister resten av sesongen

    Chelseas Enzo Fernandez mister resten av sesongen, det melder klubben på sine nettsider.

    Argentineren har vært under kniven på grunn av et lyskeproblem, og Chelsea bekreftet at operasjonen var vellykket. Samtidig betyr det at han er ute resten av sesongen.

    23-åringen har spilt 62 kamper for klubben etter at de hentet ham i januar i fjor.

    Carabao Cup - Final - Chelsea v Liverpool
    Foto: HANNAH MCKAY / Reuters
  • Wada skal etterforskes etter kritikk i dopingsak

    Verdens Antidopingbyrå (Wada) har bedt om en uavhengig gjennomgang av byråets håndtering av saken om en mulig dopingsak med noen av verdens beste svømmere.

    Ifølge Wada skal sveitseren Eric Cottier få adgang til sakens innhold og gi sin vurdering av byråets behandling av saken. Wada opplyser at arbeidet ventes å være ferdig om to måneder.

    – Wadas integritet og omdømme er under angrep. I de siste dagene er Wada blitt anklaget for partiskhet overfor Kina, opplyser antidopingbyrået.

    Lørdag kom nyheten om at kinesiske svømmere hadde spor av hjertemedisinen trimetazidin i prøver avgitt noen måneder før sommerlekene i 2021. 13 av dem deltok i OL i Tokyo.

    Kinesiske antidopingmyndigheter har avvist anklagene og hevder at utøverne skal ha fått i seg stoffet i mat under et stevne.

    Senere stilte Wada seg bak den forklaringen. Det har fått blant andre Det amerikanske antidopingbyrået (Usada) til å reagere sterkt. Den amerikanske antidopingsjefen Travis Tygart gikk mandag hardt ut mot Wada og mente at de dekket over for kineserne. (NTB)

    Soccer FIFA 2034 World Cup
    Foto: Hassan Ammar / AP
  • Amnesty reagerer kraftig – Fifa forsvarer Saudi-avtale

    Amnesty reagerer kraftig på avtalen Fifa har inngått med det saudiarabiske oljeselskapet Aramco. Fifa peker på at den bidrar til global utvikling av fotballen.

    Avtalen mellom saudiarabiske Aramco og Fifa er den siste i rekken av oljestatens involvering i idrett.

    Nyhetsbyrået AP hevder at avtalen er den største Det internasjonale fotballforbundet (Fifa) har inngått med en sponsor om man regner per år.

    – Vi blir ikke lenger sjokkert over Saudi-Arabias bruk av sport som et PR-verktøy, og Fifa har til gode å imøtekomme bekymringer knyttet til saudiske myndigheters grove brudd på menneskerettighetene, sier prosjektleder Frank Conde Tangberg i Amnesty International til NTB.

    – Fifa har valgt å rulle ut den røde løperen for Saudi-Arabia som VM-vert og sponsor. Vi oppfordrer Fifa til å engasjere seg mer for å ta tak i risikoen knyttet til VM i 2034, sier Tangberg.

    NTB har kontaktet Fifa og spurt om forbundets respons på et samarbeid med Saudi-Arabia og bekymringene om brudd på menneskerettighetene.:

    – I tråd med vedtektene reinvesterer Fifa sine inntekter, inkludert inntektene fra Aramco-sponsingen, i å utvikle fotball over hele verden. Det er forventet at Fifa i 2023–2026 vil investere i overkant av 3,9 milliarder dollar i utvikling og utdanning, opplyser en talsperson i Fifa til NTB.

    – Dette inkluderer «Fifa Forward 3.0», fotballutviklingsfondet og andre initiativ som for eksempel å fremme kvinnefotball, dommerarbeid og teknisk utvikling. (NTB)

    Soccer FIFA 2034 World Cup
    Foto: Hassan Ammar / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal