Hopp til innhold

Motstanden aukar: 60 prosent seier nei til OL

60 prosent av befolkninga seier no nei til Oslo-OL i 2022, viser ei fersk meiningsmåling utført for NRK. Det er ei auke på fire prosent sett opp mot førre måling.

Nå sier 60 prosent av befolkningen nei til OL i 2022. Det viser en ny måling Norstat har gjort for NRK. Oslo kommune og idretten har mislyktes med sitt prosjekt, mener tidligere kulturminister Trond Giske.
Reporter: Kim Peder Rismyhr
Foto: Odd Iversen / redigering: Christian Ziegler Remme

Skepsisen til Oslo-OL i 2022 aukar i det norske folk. Seks av ti seier nei, ifølgje ei ny meiningsmåling utført for NRK.

– Det er heilt klart at ein, frå myndigheitene si side, bør vurdere å legge arrangementet på is, meiner Harald Tom Nesvik når han får meiningsmålinga presentert.

Framstegspartiet sin parlamentariske leiar synest derimot ikkje at tala er overraskande. Det synest heller ikkje leiar i SV, Audun Lysbakken.

– Dette er ein sterk reaksjon på pampeveldet i IOC og pengesløsinga i dei store OL-arrangementa, meiner Lysbakken.

– Det vil vere umogleg å gå inn for eit OL dersom ikkje den folkelege stemninga snur, legg han til.

Gerhard Heiberg

Gerhard Heiberg og IOC er éin av hovudgrunnane til auka motstand mot OL, meiner SV-leiar Audun Lysbakken.

Foto: Eeg, Jon / NTB scanpix

Konstant nei-auke

I meiningsmålinga, utført av Norstat for NRK, svarte skarve 35 prosent «ja» på spørsmålet «Bør Noreg søke om å få arrangere vinter-OL i Oslo 2022?». Heile 60 prosent svarte «nei».

Den førre meiningsmålinga, gjort for NRK i mars, viste at 56 prosent av dei spurte meinte at Noreg ikkje bør søke.

Til ekstra samanlikning sa berre 45 prosent nei til OL i mars 2013. I ei meiningsmåling gjort av Klassekampen i starten av april sa 59 prosent nei til OL.

Mellom Klassekampen si meiningsmåling og NRK si meiningsmåling no i mai, har Frp sagt endeleg nei til OL. Det blei avgjort under partiet sitt landsmøte i starten av mai.

– Har ikkje lukkast med å skape entusiasme

Tala er nok eit slag i ansiktet for OL-forkjemparane. Statsråd, og tidlegare næringsminister og kulturminister, Trond Giske (Ap), er tydeleg på kva han meiner har gått gale.

– Dette viser at Oslo kommune og idrettsbevegelsen ikkje har lukkast med å skape entusiasme i folket for eit OL. Det er deira oppgåva, seier Giske til NRK.

Trond Giske

Trond Giske meiner Oslo kommune og idrettsbevegelsen har mislukkast med å skape entusiasme om OL.

Foto: Gorm Kallestad

Han meiner ein må lytte til folket.

– Eitt av hovudargumenta for å arrangere OL er at det er ein folkefest, at det er noko som ein heil generasjon kan ta med seg vidare i livet og ha som ei stor oppleving. Dersom folket sjølv ikkje ønskjer eit OL, så er det sjølvsagt eit argument imot, meiner Giske.

Arbeidarpartiet har ikkje tatt ei endeleg OL-avgjersle enno, men Jonas Gahr Støre fortel at meiningsmålinga no blir tatt med. Han meiner det store nei-fleirtalet speglar stemninga i folket.

– Eg meiner regjeringa no har eit ansvar for å gi ei vurdering på søknaden som idretten har jobba med. Vi må Stortinget skal vurdere saka når regjeringa gjer seg opp ei meining om kor vidt det er hald i søknaden, seier Gahr Støre.

Krev raskt svar

Frp og SV er dei einaste som seier tydeleg nei, dei andre partia har framleis ikkje tatt endeleg stilling. Alle partia som ikkje sit i regjering er derimot einige om at det no hastar å fatte ei avgjerd.

– Vi ventar på ei sak frå regjeringa der vi får fakta i saka. Kor mykje det kostar, kva kan brukast etterpå og alt det. Då trur eg det blir ein ny debatt, seier Venstre-leiar Trine Skei Grande.

– Vi vil vite kva det kostar og kva krav vi kan stille til IOC før vi tek på oss arrangementet. Den informasjonen vil vi ha på plass før vi tek ei avgjerd. Regjeringa sit på betydeleg informasjon som gjer at dei kan legge fram ei sak for Stortinget relativt kjapt, meiner KrF-leiar Knut Arild Hareide.

Han synest saka burde vore oppe i Stortinget allereie i vår. Til hausten meldinga frå regjeringa kome, meiner Hareide.

– No er det ein betydeleg skepsis, og eg trur mykje av informasjonen som har vore rundt IOC har gjort at skepsisen har blitt større, seier Hareide om den siste meiningsmålinga.

Frå Senterpartiet etterlyser partileiar Trygve Slagsvold Vedum også fortgang frå regjeringa. Det same gjer ein svært tydeleg Audun Lysbakken.

– Erna må skjere gjennom

– No må regjeringa presentere sitt forslag, for det er jo heilt i det blå kva regjeringa meiner om OL, meiner partileiaren i SV.

Audun Lysbakken

Partileiar i Sosialistisk Venstreparti, Audun Lysbakken, etterlyser handlingskraft frå statsminister Erna Solberg.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

Han meiner den folkelege motstanden er eit godt argument for OL-nei. Lysbakken meiner det òg hastar med ei avgjerd fordi pengane renn ut. Det blir mellom anna brukt 300 millionar i Oslo kommune til planlegging.

– Det går ut masse pengar – som kunne vore brukt på andre ting – på denne OL-søknaden. Det er allereie massivt pengesløs i gang, og vi må få ei avklaring raskt. Erna må skjere gjennom og vise noko av gjennomføringskrafta ho har prata om.

Etterlysinga frå Lysbakken blir tatt imot med stoisk ro av Trond Helleland, parlamentarisk leiar i Høgre.

– Vi skal vise handlekraft, men eg trur både SV og Arbeidarpartiet hadde blitt forbanna om regjeringa la fram eit halvferdig produkt som ikkje var kvalitetssikra. Dette er ganske store løyvingar sett opp mot ein statsgaranti, og då må det vere kvalitetssikra, svarer Helleland.

Høgre merkar skepsisen

Den parlamentariske leiaren er tydeleg på at Høgre jobbar hardt for å få saka klar for Stortinget i haust. Dei negative meiningsmålingane er noko regjeringa merkar.

– Det er klart regjeringa merkar seg det. Men det kan hende bildet snur om det viser seg at det ikkje blir så dyrt, eller at ein får gjennomslag for krav hos IOC, seier Helleland.

Eit meir folkeleg OL er det regjeringa kort fortalt vil ha gjennomslag for i IOC.

– Ikkje gigantomani, men eit OL der ryggsekken og nikkersen er viktigare enn dei svarte bilane, slår Helleland fast.

Harald T. Nesvik

Harald Tom Nesvi, Frp sin parlamentariske leiar, har eitt råd til Høgre: Lytt til folket.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Høgre har ikkje tatt endeleg standpunkt, men får eit enkelt råd frå regjeringspartnaren.

– Mi sterke anbefaling er at vi må lytte til folket og seie nei, seier Harald Tom Nesvik.

Generalsekretæren ikkje uroa

Nesvik meiner ein må sjå på barne- og ungdomsidretten før ein bankar ut enorme pengesummar på eit OL.

– Vi veit at der er eit udekt behov for anlegg og tiltak knytt til barne- og ungdomsidretten. Og når vi heller ikkje har folket med oss, så bør vi heller ikkje arrangere, seier ein tydeleg Nesvik.

Trass i motstand frå fleire politiske hald, samt stor motstand i folket, er generalsekretær i Noregs Idrettsforbund framleis optimist.

– Data som NRK presenterer er det same som det har vore heile tida. Så det er ikkje så dramatisk, meiner generalsekretær Inge Andersen.

Han er svært tydeleg på å framheve at dei unge, dei under 30 år, framleis er for Oslo-OL i 2022.

Saka held fram under videoen.

Motstanden mot et eventuelt OL i Oslo i 2022 øker. Det viser en ny meningsmåling Norstat har gjort for NRK. Men 53 prosent av de under 30 år sier ja til OL. Bra tall, mener Oslo-ordfører Fabian Stang.
Reporter: Kim Peder Rismyhr
Foto: Odd Iversen / redigering: Christian Ziegler Remme

Dei under 30 år vil framleis ha OL i 2022. Fleirtalet er derimot knapt.

Dei unge er framleis positive

For sjølv om folk flest i Noreg er negative til OL, er dei unge positive. Blant dei spurte under 30 år seier 53 prosent ja, medan 41 prosent seier nei.

– Det er gledeleg. Vi jobbar for at den oppveksande generasjonen skal få oppleve eit OL på norsk jord, seier Andersen.

Inge Andersen

Inge Andersen synest det er positivt at det framleis er ja-fleirtal blant dei unge.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Når NRK spør om kor mykje folkeviljen skal bety i eit spørsmål som OL, svarer Andersen slik:

– Det er viktig med begeistring. OL skal vere ein stor idrettsfest, noko som samlar nasjonen. Men så har vi erfaring frå både OL på Lillehammer i 1994, der opinionen var mot heilt til opningsseremonien gjekk i hoppbakken. Det var det same med ski-VM i Oslo det var tydelege kritiske røyster, opnar han.

– Men så var det 120.000 menneske på Rådhusplassen også på tåkete VM-dagar. Idrettsinteressa er enorm, og det er ikkje tvil om at det norske folk ønskjer at vi skal delta i OL. Og det er eit ansvar vi har at vi ikkje berre reiser til alle andre, men at vi også tek vår del av det internasjonale ansvaret som ei supermakt i vinteridrett, held Andersen fram.

Han meiner 2022 er eit passande tidspunkt for å ta ansvar. Men først ventar også generalsekretæren spent på at regjeringa skal legge fram saka.

– Det er Stortinget som skal ta stilling til slike store spørsmål. Det er vi glade for.

Den negative meiningsmålinga gjer ikkje at Inge Andersen får nervar.

– Vi er ikkje redde for noko som helst. Vi har gode dialogar og samtalane går føre seg på eit klokt nivå. Så skal politikarane gjere opp si meining seinhaustes, avsluttar idrettsleiaren.

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal