Hopp til innhold

Moa droppar lukrative jobbar for å arbeide med barn: – Eg kunne tent meir pengar

Mohammed «Moa» Abdellaoue kunne tent mykje meir pengar om han hadde fortsett med å jobbe i fotballen, men likevel forlèt han no det han har jobba med i 15 år.

Mohammed Abdellaoue saman med elevar på Apalløkka skule i Oslo.

NY JOBB: Mohammed «Moa» Abdellaoue forlèt fotballen. No har begynt i ny jobb på Apalløkka skule.

Foto: Gunnar Bratthammer / NRK

Moa hadde ei strålande fotballkarriere, men etter ei alvorleg kneskade la han opp for tre år sidan. Sidan den gong har han fortsett med å ha roller i fotballen. Han var spelarkoordinator i Vålerenga og han har også vore fotballekspert i Viasat.

Men no går han ein ny veg, sjølv om det betyr at han kjem til å tene langt mindre pengar.

– Ja, eg kunne tent meir pengar i fotballen, men om det er viktig? Ikkje i det heile teke. Økonomi er noko av det siste eg tenker på her, seier Moa.

Følger ein ny draum

Moa hadde tidleg ein draum om å bli fotballspelar, og ein kan enkelt seie at han lukkast. Han starta karrieren i Skeid, og blei i 2008 henta av Vålerenga. I løpet av tre sesongar skåra han 30 mål for Oslo-klubben.

ddd

LANDSLAGSSUKSESS: Her scorar Moa på straffe mot Sverige i 2013.

Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB

Det førte til at tyske Hannover kjøpte han, også der blei han ein suksess. Han etablerte seg også som ein viktig spelar for det norske landslaget. Etter kvart som fotballdraumen hadde blitt oppnådd begynte han å få seg eit nytt mål.

– Det å jobbe med barn og ungdom har vore ein draum for meg. Så når me no lukkar det eine kapittelet og opnar det nye, så er det ein ny draum som går i oppfylling, seier Moa med eit smil om munnen.

Me møter Moa på ein av hans første arbeidsdagar som miljølærar på Apalløkka skule i Oslo. Det er tydeleg at den tidlegare fotballspelarane haustar stor respekt hos elevane, for tiandeklassingane høyrer godt etter når han gir dei instruksjonar og tilbakemeldingar.

– Det har vore veldig hyggeleg. Eg har blitt tatt godt i mot, og gleder meg over å vere her, seier Moa med eit stort glis om munnen.

Elevane sit i ring i gymsalen og høyrer på Moa som evaluerer gymtimen.

FØLGER GODT MED: Elevane høyrer godt etter når Moa snakkar.

Foto: Gunnar Bratthammer / NRK

Ifølge han sjølv så var karriereskifte noko han bestemte seg for å gjere for lenge sidan.

– Det var ikkje noko om eg skulle gjere det. Det var berre eit spørsmål om når, fortel han.

På skulen som ligg i Groruddalen har mange av elevane minoritetsbakgrunn. Moa har sjølv foreldre frå Marokko.

– Det at eg har ein annan bakgrunn er sjølvsagt positivt. Dei kan nok relatere seg til meg. Eg har hatt ein ganske lik oppvekst som det dei har, seier han.

Venner som blei kriminelle

I media får me høyre historier om ungdomskriminalitet i Oslo. Moa har sjølv vakse opp på Sinsen i Oslo. Han beskriv sin eigen oppvekst som god, men han utelukkar ikkje at ting kunne sett annleis ut, om det ikkje var for fotballen.

– Eg ser tilbake på kva idretten gav meg. Ein veit aldri i den alderen mellom 13 og 16 år, da er det veldig mykje som skjer. For min del var det litt sånn: «Skal eg satse på fotballen eller ikkje?», og da veit ein eigentleg ikkje kva slags veg det kan ta. Eg har jo kompisar som tok ein heilt annan veg, som det ikkje gjekk så bra med, seier Moa alvorleg.

VÅLERENGA VANT CUPFINALEN I FOTBALL 4-1

STOR KARRIERE: Moa vann cupen med Vålerenga i 2008.

Foto: Lise Åserud / NTB

Kva slags skjebnar snakkar me om da, når du seier at det ikkje gjekk så bra?

– Eg har jo kompisar som eg har vakse opp med, som falt litt utanfor og hamna i eit kriminelt miljø. Som heldigvis har kome seg ut av det no. Det er sånne ting ein ikkje tenker på før seinare, og når me snakkar om det no. Det trygge miljøet eg hadde med fotballen og alle vennane rundt, for meg så var det berre det som gjaldt. Men så har ein andre som ikkje synest at fotball eller sport er så morosamt, og har lyst til å gjere andre ting, men som kanskje ikkje får eit like godt tilbod ein annan stad, og som da fell utanfor. Det er trist, svarer Moa.

– Gi dei moglegheiter

For Moa handlar det om å sjå ungdommane, og få dei til å føle at dei blir tatt vare på.

Det handlar om å opne dører for dei. Gi dei moglegheiter. Dei må sjølvsagt ta eit val og velje sin veg, men me må vert fall gjere det me kan for å gi dei beste moglegheitene, seier han.

Han meiner det er viktig at ungdommar med minoritetsbakgrunn har håp og ambisjonar. Han er sjølv eit bevis på at dei kan bli verkelege.

Mohammed "Moa" Abdellaoue står på sida og ser på elevane spele fotball.

DRØYM STORT: Moa meiner det er viktig at ungdommane har ein lidenskap for noko.

Foto: Gunnar Bratthammer / NRK

– Dei skal få lov til å drøyme stort. Uansett kor du kjem frå, og korleis du ser ut så har du moglegheita til å lukkast. Eg veit at eg er eit førebilete for ein del unge og det er dei erfaringane eg har lyst til å bruke. Dei må ha trua på seg sjølv, uansett kva som skjer. Bestem deg for noko, så går du for det 100 prosent. Du skal ikkje la nokon fortelje deg at du ikkje klarer det, seier Moa engasjert.

Sportsnyheter

Kritisk til Nordås-taktikk: – «Hvorfor fulgte du ikke din egen plan?»

Narve Gilje Nordås var sjanseløs i sesongens første Diamond League-stevne. Trener Gjert Ingebrigtsen er kritisk til taktikken underveis.

Siste nytt

  • Hovland trøblet igjen i PGA-comebacket

    Norges golfstjerne Viktor Hovland fikk en brutal start på dag to av PGA-turneringen i Charlotte i USA.

    Hovland startet på hull 10 og noterte seg for fire bogeyer på de seks første hullene. De siste tolv hullene endte tre under par og reddet dagen noe.

    Dermed endte dag to som den første med én over par.

    – Måten han snur denne dagen på, som startet så dårlig, er helt nydelig gjort, sa Discovery-kommentator Per Haugsrud.

    Turneringen i North Carolina har total premiesum på 20 millioner dollar. Enn så lenge er Xander Schauffele fra USA på topp.

    Hovland avsluttet fjorårssesongen strålende, men han har ikke klart å finne tilbake til storspillet så langt i år. Etter at han misset cuten i US Masters for en snau måned siden, tok han pause for å prioritere trening. (NTB)

    The Masters - Round One
    Foto: ANDREW REDINGTON / AFP
  • BA: Lysekloster har lagt inn protest etter cupkampen mot KFUM

    Lysekloster har lagt inn protest etter at KFUM Oslo brukte en suspendert spiller i runden før avansementet mot 2.-divisjonslaget.

    KFUM slo Lysekloster 3-2 onsdag.

    – Etter samtaler med advokater som har erfaring med slikt, har vi nå valgt å sende inn en protest, sier daglig leder Svein Kollen i Lysekloster til Bergensavisen.

    KFUM-spiller Adnan Hadzic spilte 3.-rundekampen mot Sogndal og endte opp med å få avgjørende betydning da han scoret i straffesparkkonkurransen.

    Samtidig hadde Hadzic gult kort fra både første og andre runde og skulle dermed ha vært plassert på tribunen. I neste runde slo KFUM ut Lysekloster som nå har lagt inn protest.

    En protest må varsles innen 48 timer etter kampslutt, det vil si før klokken 20 fredag. Like før fristen gikk ut, sendte Kollen og co. protesten inn til Norges Fotballforbund (NFF), skriver BA.

    I utgangspunktet er det Sogndal som er part i saken. Sogndal protesterte ikke etter nederlaget mot KFUM. NFF er kjent med tabben og har uttalt at de vil ta stilling til om det blir en sanksjonssak i neste uke, melder Bergensavisen.

    – Her har vi gjort en tabbe vi ikke har vært klar over. Det er bare å beklage det, sa daglig leder Thor Erik Stenberg i KFUM til VG. (NTB)

    NM i fotball 2024 Cup 4. runde: Lysekloster - KFUM Oslo (2-3)
    Foto: Paul S. Amundsen / NTB
  • Fiasko for skadeplaget Casper Ruud i Roma

    Det snudde fort for Casper Ruud i Roma. Etter 6-0 i det første settet ble det trøbbel for nordmannen som sviktet på grusen.

    Ruud tapte til slutt 2.-rundekampen med sifrene 6-0, 4-6, 4-6.

    De to første settene var som dag og natt for Ruud. 6-0 på en halvtime med Kecmanovic som fikk behandling for ryggtrøbbel, ble fulgt opp av at Ruud måtte inn i behandlingsrommet i sett nummer to.

    Nordmannen så ut til å strekke litt på korsryggen før han forlot grusen.

    – Han er ikke typen til å gå ut hvis det ikke er noe. Jeg tror nok han kjente noe, sa TV 2s ekspert Christer Francke.

    I det avgjørende settet endte det med tap, kun det fjerde på grus denne sesongen.

    Tapet var det første mot Kecmanovic på grus. Ruud og Kecmanovic kjenner hverandre godt. De har spilt flere doubleturneringer sammen, og de har også stått på hver sin side av nettet en rekke ganger.

    Ruud har tatt seg til semifinalen i Roma tre ganger. Han debuterte i turneringen i 2019 som kvalifiseringsspiller og tok seg til kvartfinalen. Alle fire tapene i storturneringen har vært mot en topp ti-spiller.

    Men i Roma i år sa det stopp for Ruud, som av mange ses på som den største vinnerkandidaten i Grand Slam-turneringen Roland-Garros senere i mai. (NTB)

    Casper Ruud i Roma
    Foto: TIZIANA FABI / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal