– Eg synest det er rart at dei ikkje finn pengar til det, seier Lundby.
Ho har fått med seg at hopplandslaget ønskte å forske på korleis hoppdressane kan tilpasse seg kvinnekroppen, for å prøve å hindre at vekt blir ein like stor faktor i idretten som han er no.
Men søknaden vart avslått av Noregs Idrettsforbund (NIF).
– Mykje forsking baserer seg på menn. Spesielt i idretten vår er det for det meste forska på menn, seier sølvvinnaren frå VM i Planica og held fram:
– Vi har andre former enn det gutane har, og kanskje skulle dressen vore tilpassa annleis. Når det gjeld vekt er vi også annleis laga til der òg. Det er ikkje sikkert det er bra for oss å måtte ha den låge vekta ein må ha for å kjempe i toppen.
REAGERER: Maren Lundby.
Foto: Geir Olsen / NTBFryktar for konsekvensane
I søknaden, som NRK har fått tilgang til, står det at ein av grunnane til at det er låg rekruttering av kvinner til hoppsporten kan vere det store fokuset på vekt.
– Det er viktig så vi ikkje mistar unge jenter som er på veg opp, og at vi slepper fleire tilfelle som meg eller at vi det blir fleire tilfelle av eteforstyrringar som det er mykje av i idrett generelt, seier Lundby.
Lundby har tidlegare vore open om korleis ho gjekk på ein intensiv slankekur under VM i 2021. Det enda med gull i storbakken, men i etterkant fekk kroppen ein reaksjon som førte til at ho gjekk mykje opp i vekt og stod over førre sesong.
– Fryktar du at det kan komme fleire tilfelle som deg?
– Ja, heilt klart. Det er ikkje berre eg som har synst dette har vore vanskeleg, det er mange nok av dei. Eg trur vi må setje oss inn i det biletet der og sjå kor stort temaet verkeleg er.
– Eit tap for kvinneidretten
I år fikk kvinnene for første gong få prøve seg i skiflygingsbakken i Vikersund. Eit stort steg for kvinnehopp. Det neste steget i utviklinga i idretten er å byggje reglane for kvinnene, og ikkje tilpasse kvinnene til reglane.
– Det er definitivt eit tap for hoppsporten. Og mest sannsynleg også for kombinertsporten og jentedelen av han, seier sportssjef Clas Brede Bråthen om avslaget på søknaden.
– Viss vi hadde lykkast med intensjonen vår, så er dette også eit tap for kvinneidretten.
Hopplandslaget har søkt etter midlane i det Norges idrettsforbund kallar «Krafttak for mangfald og inkludering». Eit treårig prosjekt som mellom anna skal arbeide for kjønnsbalanse og likestilling.
– Prosjektet til NSF Hopp har mange sterke kvalitetar, og klargjer ein viktig tematikk, men oppfyller ikkje alle kriteria og prioriteringar for å få løyvd støtte, skriv prosjektleiar Biayna Sardarian i ein e-post til NRK.
Fekk ikkje svar
Det er mangelen på overføringsverdi som har gjort at Hopplandslaget ikkje får midlane til å forske på kvinnehopp.
– Vår viktigaste oppgåve er å forvalte midlane vi har fått frå Kultur- og likestillingsdepartementet på best mogleg måte. Nærare 180 søknader har fått avslag, og eitt av dei er prosjektet til NSF Hopp. Totalt er det 15 prosjekt, som har mål om å bryte ned ulike barrierar for deltaking og inkludering i idretten, som har fått prosjektstøtte, skriv Sardarian vidare.
Bråthen er tydeleg på at dette er eit tap for kvinnehopparane, men at han ikkje er sur for at søknaden ikkje vart innvilga. Han reagerer derimot på at NIF aldri har svart på søknaden.
FEKK NEI: Clas Brede Bråthen fekk nei på søknaden.
Foto: Heiko Junge / NTB– Eg synest dei kunne teke seg tida til å svare oss, då vi faktisk har bede om eit svar. Eg skulle ønske dei viste oss den respekten for at vi faktisk har jobba hardt for å levere ein god søknad, seier sportssjefen.
– Kjem de til å søkje igjen?
– Ja, vi kjem til å søkje igjen. Og det er derfor det hadde vore så bra å vite kva som ikkje var bra nok, avsluttar Bråthen.