– Det er heilt tragisk. Vi blir skyvd unna grunna gutane. Skulle ønske vi hadde hatt to renn. Det er ein heilt nydeleg bakke og trur det kunne blitt trøkk, seier Eirin Kvandal til NRK.
22-åringen var best av alle i kvalifiseringa torsdag, men rauk ut etter første omgang fredag morgon. Dermed er hoppfesten over før helga eigentleg er komen i gang.
Herrehopparane har renn på ettermiddagen både laurdag og søndag. Det same har dei mannlege kombinertutøvarane. Kvandal hadde gjerne sett at også dei fekk bli med på festen i helga, i staden for å hoppe for nesten tomme tribunar ein fredag morgon.
– Det er litt færre som har mogelegheit å kome og sjå ein fredag morgon. Det skjønar vel dei fleste, så det er jo litt kjenslene av å ikkje bli prioritert.
Helga over før den har starta
Slovenske Nika Kriznar vann kvinnene sitt hopprenn etter eit hopp på 131.5 meter i første omgang. Beste norske blir Thea Minyan Bjørseth, som med eit hopp på 123 meter i finaleomgangen, hoppa seg opp frå ein 15.-plass til ein 7.-plass. Silje Opseth tok plassen bak Bjørseth.
Også dei støttar lagvenninna i kritikken mot oppsettet for kvinner.
– Helga er jo over før helga eigentleg har starta. Det er litt kjedeleg å dra hit for ein konkurranse, seier Bjørseth til NRK.
Silje Opseth kallar det heile stussleg, men meiner likevel det har vore framskritt mot tidlegare.
– Vi får lov vere med, det har vi ikkje alltid fått lov til. Så vi for ta med oss det, og så håpar eg det skjer noko med utviklinga for vår framtid.
Skuldar på arrangøren
Renndirektør Chika Yoshida i FIS, forstår frustrasjonen til dei norske hopparane, men forklar at helga alt er tettpakka med både langrenn, kombinert og herrehopp på programmet.
– Når vi sat kalenderen så var vårt ønske å ha to konkurransar i helga, men som du skjønar så er dette ein tradisjonell «Lahti ski games», og med alle disiplinane er det fullbooka. Vi må ta steg for steg for å forbetre vårt program.
Alt denne helga skal renndirektøren ha eit møte den finske arrangøren i håp om å finne ei løysing for neste år.
– Eg håpar verkeleg at arrangøren vil samarbeide med oss. Dei vil også få det til, har dei sagt.
Den lokale arrangøren svarar NRK med å spele ballen vidare til Det finske forbundet og herrane sin renndirektør Sandro Pertile.
Meir pengar å hente på herrehopp
Han forklarar situasjonen med at herrane sin marknadsverdi er større, og at det er årsaka til at dei får sine konkurransar på dei beste sendetidspunkta.
– Og den lokale arrangøren hadde i år ikkje midlar til å finansiere ein ekstra konkurranse for kvinnene.
– Men har ikkje FIS som organisasjon eit ansvar for å løfte kvinnehopp?
– Vi har akkurat hatt eit møte med den lokale arrangøren og vi er begge innstilt på at neste år skal vi få til to konkurransar for kvinnene også.
Han er likevel tydleg på at marknadskreftene er det avgjerande.
– Slik er det også i fotball. Ronaldo og Messi har større marknadsverdi enn sine kvinnelege proffspelarar.