Det var i eit intervju med YouTube-profilen GothamChess publisert førre veke at Carlsen fortalde om eiga fysisk form.
– Eg var truleg i betre form tidlegare. No passar eg ikkje så bra på meg sjølv, sjølv om eg kanskje burde gjera det. Eg er litt eldre og har mindre energi, så eg må faktisk vera i god form for å ha mykje energi, sa Carlsen, og la til:
– Det er definitivt eit forbetringsområde i desse dagar.
I eit intervju før VM-starten i Samarkand, støtta NRKs sjakkekspert Atle Grønn Carlsen i at det fysiske kunne vera eit område med forbetringspotensial. Spesielt peika då han på ei samanlikning med 2019, eit av Carlsens beste år i karrieren.
Carlsen fortalde hausten det året at han kutta ut alkohol, og trudde det var ein del av suksessfaktoren for 2019.
– Ein ting som er spesielt med Magnus er at han faktisk kan vinna når han ikkje er på sitt mest seriøse. Det gjer at han leikar med elden av og til. Det er jo freistande å få i både pose og sekk, og vera litt mindre seriøs utanfor brettet, men samtidig vera best, sa Grønn til NRK førre veke.
Etter første speledag i hurtigsjakk-VM var ferdig, spurde NRK Carlsen om Grønns utsegn.
– Eg trur ikkje han veit kva han snakkar om i det heile teke. Då eg vann i 2019 (Carlsen vann VM i både hurtig- og lynsjakk i 2019), så var eg veldig sliten reint fysisk. Livsstilen min er grei nok. Det er hyggjeleg at han bryr seg, men eg trur ikkje det er noko stort problem, seier han.
– Eg trur generelt at det er fleire ting eg kan gjera for å optimalisera sjakken, men eg trur ikkje det er nokon forskjell frå no og fire år sidan, seier Carlsen vidare.
I POSISJON: Magnus Carlsen kan ta VM-gull nummer fem i hurtigsjakk torsdag.
Foto: Lennart Ootes / FideBalanse mellom optimalisering og moro
Det same var også Carlsen inne på i eit intervju med NRK før opningsseremonien i Samarkand måndag.
– For kvart år som går, så får ein mindre å gå på. Det øvste nivået mitt no er ikkje noko dårlegare enn det har vore tidlegare, men det krevst litt meir å vera der heile tida.
– Heilt ærleg så er det er sikkert ting eg kunne gjort for å optimalisera dag til dag, som eg ikkje gjer, men eg prøver jo også å balansera med å ha det gøy då, sa han måndag.
Grønn er klar på at Carlsen naturlegvis kjenner seg sjølv best.
– Han er jo veldig ærleg når han snakkar om form og innstilling og slikt. Men inntrykket mitt er at han har veldig mange ulike modi, og at 2014 og 2019 var hans beste år, seier han.
– Viss du er langrennsløpar og i dårleg form, så er du dårleg. Sjakken er litt rar. Du skal jo berre flytta nokre brikker. Det er ikkje så veldig vanskeleg. Du kan gjera gode trekk, sjølv om tinga objektivt sett ikkje legg til rette for det, seier Grønn vidare.
Reporter Jørgen gir div. utfordringar til proffspelar Johan-Sebastian Christiansen under et sjakkparti for å felle han. Klarer amatøren å vinne dersom proffen spelar med promillebriller, hockeyhansker og irriterande høy musikk på øret? Jamt blir det!
Jaktar VM-tittel nr. 16
Etter to av tre dagar i VM i hurtigsjakk står Carlsen med sju poeng på ni parti. Nordmannen hadde leiinga åleine etter seks parti, men alle dei siste tre partia onsdag enda med remis.
Dermed er det to andre spelarar på lik poengsum som Carlsen før dei siste fire partia torsdag.
Det er Vladimir Fedosejev og Yangyi Yu som også har sju poeng. Carlsen og Yu møtte kvarandre onsdag og spelte remis, medan Carlsen speler med svarte brikker i opningspartiet torsdag mot Fedosejev.
Carlsen har frå før fire VM-gull i hurtigsjakk. I tillegg har han seks gull i lynsjakk og har sikra seg VM-tittelen i klassisk sjakk fem gonger. Skulle det bli eit nytt gull torsdag, vil det bli hans 16. VM-gull i karrieren.